Borsholm krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. mai 2016 kl. 13:40 av Sigrun Espe (samtale | bidrag) (Ny side: Borsholm krins i Hyllestad kommune oppstod når det i 1929 vart fatta vedtak om å slå saman skulekrinsane Skivenes og Åsmul krin...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Borsholm krins i Hyllestad kommune oppstod når det i 1929 vart fatta vedtak om å slå saman skulekrinsane Skivenes og Åsmul.

Skulehus

Borsholm skule

  • Byggeår: 1907 (Hatlem krins frå 1907 til 1928)
  • Fungerte som skule: 1907 (Hatlem)-1965
  • Anna bruksområde: Fritidsbustad

Det vart strid mellom kretsane om kvar Borsholm skule skulle plasserast. På dette tidspunktet var det få vegar mellom gardane og grendene i dei to skulekrinsane. I juli månad i 1929 vart det bestemt at ein skulle finne midtpunktet for dei to skulekrinsane og plassere den nye skulen der. Vegen frå Skivenesvåg i eine enden til den nye bruket på Våge i andre enden var på 6,88 km. Midtpunktet var midt på utmarka for bruka på Borsholm. Her var det to mogelege tomter: ei som låg 70 meter aust for midtpunktet og ei som låg 150 meter mot vest. Åsmul og Skivenes had kvar sin favoritt. Ei ekstra utfordring kom då dei som budde på Hatløyna også ville vere med å bestemme kva som var midtpunktet i krinsen. Alle ønskjer kortast mogeleg veg for ungane sine. Krinsane vart ikkje eininga og måtte til slutt be heradsstyret om å fatte ei avgjerd. Denne saka finn ein i skulestyreprotokollen frå 12. desember 1929.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Frå 1930 til langt ut på 1950-talet var det same lærar som underviste 14 dagar på Borsholm skule og 14 dagar i Storakersund. Læraren tok med seg skulekista og anna utstyr og flytta mellom skulane.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Per Bygnes (2010) Borsholm skule skuleåret 1962/1963. Sogeskrift frå Hyllestad 2010.
  • Gunnar Risnes (2012) Borsholm skule 1930-1965. Sogeskrift frå Hyllestad 2012.
  • Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Skulestyreprotokollar og skuledagbøker frå Hyllestad kommune.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder