Brønnebalet i Hauggrend

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. okt. 2011 kl. 08:08 av Kallrustad (samtale | bidrag) (lett redigering, språkpirk)
Hopp til navigering Hopp til søk
Brønnebalet frå Sagåa. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011)
Sagåa i Hauggrend. Her stod Brønnebalet. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011)

Brønnebalet i Hauggrend, Fyresdal kommune, stod ved Sagåa, men vart flytta til Øyskogen. Å brønne er å gje ein hest eller storfe noko å drikke, i dette tilfelle vatn. Bal er ei eldre form av balje, altså eit kar til vatn eller anna flytande. Då Bandakslivegen vart bygd ferdig gjennom Hauggrend like etter år 1900, var hestetransport einerådande. Hesten var eit verdfullt hjelpemiddel som måtte takast godt vare på skulle den yte sitt beste. Mat kunne dei ha med under transport, men vatn måtte dei finne undervegs. Difor vart det på laglege stader ved bekkar eller elvar laga til vasskuper av ein eller annan slag med tilførsel av rennande vatn som hesten kunne drikke av. Folka nytta seg og av dette.

Sagåa, tidlegare nemnd som Grjotbekk, kryssar Bandakslivegen|Bandakslivegen like nord for Hauggrend. I grenda vart det under denne vegbygginga bygd to steinkvelvbruer. I ein høveleg stein vart det laga til ei djup hole, og med det hadde ein eit godt brukande brønnebal. Dette vart satt opp ved Sagåa som var sers høveleg til dette. Vatnet vart førd frå bekken og opp i brønnebalet ved hjelp av ei renne, til denne var det laga eit spor i steinen. Så lenge det då var vatn i bekken rann det vatn opp i brønnebalet og over kanten slik at det heile tida var friskt vatn der. Det var og laga til eit feste for taumane dersom hesten skulle stå ei stund og kvile seg.

Brønnebalet ved Sagåa var det einaste av sitt slag i området, og når folk i ein eller annan samanheng synte til nemninga Brønnbalet, var ingen i tvil om kor det var. Dette var eit viktig vegmerke også etter at hestetransport gjekk ut av bruk. Då hovudvegen vart utvida i 1980-åra, var det ikkje plass til Brønnebalet som no hadde mista sin opphavlege funksjon. Det heldt på å bli vraka, men vart etter avtale med Fyresdal Bygdemuseum og Statens Vegvesen satt opp i Øyskogen der det nærast fungerer som fuglebad. Med jamne mellomrom dukkar tanken på å flytte det attende til sin opphavlege plass opp, men staden er for liten til at dette let seg gjere slik det no er. Men enno i 2011 seier folk i Hauggrend at dei til dømes skal sykle burt til Brønnebalet, vel vitande om at det ikkje lenger er der, men staden er einstydande.