Dale len

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. aug. 2012 kl. 07:26 av Kallrustad (samtale | bidrag) (F1)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Dale len i Luster i Sogn og Fjordane eksisterte frå 1565 til 1614. Lenet vart oppretta av kongen 4. oktober 1565 då Anders Nilsson i Kroken fekk råderett over Dale skipreide mot å vere lensherren på Bergenhus "hørig". Han skulle årleg betale "Afgift, Tjeneste, Tynge og Besværing". Anders Nilsson var gift med Anna Kruckow, dotter til den mektige riksråden og adelsmannen Johan Kruckow. Forleningsbrevet vart fornya den 10. september 1568, no på Dale prestegjeld som også inkluderte Gaupne sokn, og Anders Nilsson fekk ettergjeve to års avgift.[1] Likevel måtte han gå frå lenet i 1570 grunna økonomiske problem.

Otte Galskjøtt fekk så forleningsbrev 27. mai 1570, og han skulle få tiende, leidang og "anden Kronens Rettighed fri uden Afgift ad gratiam".[2] Han hadde berre lenet i fem år før Anders Green fekk forleningsbrev 8. oktober 1575. Han fekk òg lenet avgiftsfritt med "Bønder, Tjenere, Tiende, Leding og al anden vor og Kronens Rente og Rettighed, aldeles Intet undertaget."[3] Green var på dette tidspunktet kansellisekretær og var 1604-14 "Norges Riges Kantsler".[4]

Green døydde i april 1614, og Dale len vart no lagt inn att under Bergenhus hovudlen. Nils Wind hadde fått forleningsbrev på Bergenhus i 1606.[5] Den 6. desember 1614 fekk han så forleningsbrev også på «Dals prestegjeld». Han skulle skrive godset inn i jordeboka og "for des visse og uvisse Rente og Indkomst aarligen lader os gjøre gode Rede og Regnskab" frå 1. mai 1615.[6]

Frå og med 1615 har ein såleis rekneskapar og jordebøker også for Dale len. I den fyrste rekneskapen heiter det at lenet var "lagt vnder Bergenhus lehnn"[7] Lensherren på Bergenhus levert eigne futerekneskapar for Dale prestegjeld fram til 1636/37, deretter gjekk Dale inn i rekneskapen for Sogn futedøme.

Notar

Kjelder og litteratur

{{F1