Den «Romsdalske hovedvei» gjennom Lesja: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
|||
Linje 18: | Linje 18: | ||
Bilde:KongevegenLesjaverk-2.jpg|Kongevegen ved Lesjaverk. | Bilde:KongevegenLesjaverk-2.jpg|Kongevegen ved Lesjaverk. | ||
Bilde:Bombekrater1940KongevegenLesjaverk.jpg|Bombekrater frå 1940 ved kongevegen. | Bilde:Bombekrater1940KongevegenLesjaverk.jpg|Bombekrater frå 1940 ved kongevegen. | ||
Bilde:Skåpårtjønne nordover.jpg|Skåpårtjønne. Kongevegen i høgre bildekant. | Bilde:Skåpårtjønne nordover.jpg|[[Skåpårtjønne]]. Kongevegen i høgre bildekant. | ||
Bilde:Romsdalske hovedvei Lisser 1.JPG|Vegen frå [[Lesjaskog kyrkje]] mot [[Skulemuseet i Lisser]]. | |||
Bilde:Romsdalske hovedvei Lisser 2.JPG|Vegen frå [[Skulemuseet i Lisser]] og nordover (vestover). | |||
</gallery> | </gallery> | ||
Sideversjonen fra 2. mar. 2021 kl. 20:06
Den «gamle kongeveg» gjennom Lesja er nok ei noko nyare nemning på den gamle ålmannvegen som opphavleg gjekk frå Tofte på Dovre over Lesja og Lesjaskogen ned Romsdalen til Veblungsnes. Denne vegen vart nok helst kalla «Romsdalsvegen» eller «Den Romsdalske hovedvei», og den var ein hovudveg mellom Aust- og Vestlandet utbygd som køyreveg for hest og kjerre sist på 1700-talet.
Etter som denne overgangen mellom landsdelane ikkje går over skoggrensa, var traseen betre enn mange andre fjellovergangar lenger sør. Ferdsla over her er derfor sikkert mange hundre år gamal, men samanhengande veg for hjulkøyretøy kom nok ikkje før i siste del av 1700-talet.
Ved vegen ikkje langt frå jernverket ligg elles eit merkeleg naturfenomen, Skåpårtjønne.
Det er ikkje så mange stader gjennom bygda at vegen er synleg lenger. Lengste strekket finn ein nok mellom Mosenden og jernverket. Dette er lagt til rette som sykkel- og fotsti med informasjontavler. Også eit mindre stykke mellom verket og Knipstugu har denne gamlevegen som sykkelveg.
På Lesjaskog gjekk vegen mellom Kyrkjestugu og kyrkjebakken nedanfor Lesjaskog kyrkje og vidare gjennom Skulemuseet i Lisser.
Litteratur
- Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja bd. 1-2, avsnitt om samferdsla i grendehistoriekapittel i kvart bind. På innsida av permane i kvart bind er det utsnitt av «Kart over Postveien fra Gaarden Dombaas i Lessøe i Guldbrandsdalen til Molde og Christiansund. Oppmaalt Aar 1823». Originalen ligg i Riksarkivet.
- Kleiven, Ivar 1923: Lesja og Dovre s. 84-105.
Bilde frå vegtraseen
Skåpårtjønne. Kongevegen i høgre bildekant.
Vegen frå Lesjaskog kyrkje mot Skulemuseet i Lisser.
Vegen frå Skulemuseet i Lisser og nordover (vestover).