Det Norske Teatret: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
mIngen redigeringsforklaring
Linje 22: Linje 22:


Frå slutten av 1990-åra har teateret hatt ære av å framføre [[Jon Fosse]] sine stykke, mellom anna urpremieren på hans fyrste stykke for teater, ''Nokon kjem til å komme''.
Frå slutten av 1990-åra har teateret hatt ære av å framføre [[Jon Fosse]] sine stykke, mellom anna urpremieren på hans fyrste stykke for teater, ''Nokon kjem til å komme''.
== Tilhaldsstadene ==
== Tilhaldsstadene ==
{{thumb|Billett Det norske teatret 1992.JPG|Billett, Det norske teatret 1992. Tolvskillingsoperaen|}}
I Kristiania/Oslo heldt Det Norske Teatret først hus i Bondeungdomslagets sal i [[Bøndernes Hus]] (1913-1931). I åra 1931-1934 var Centralteateret leigd for føremålet. Så var det ein ny periode i Bøndernes Hus 1934-1938 og på St. Olavs plass 1938-1945. Det vart innsett nazistisk leiing for teateret i åra 1942-1945, noko som førte til publikumsboikott.
I Kristiania/Oslo heldt Det Norske Teatret først hus i Bondeungdomslagets sal i [[Bøndernes Hus]] (1913-1931). I åra 1931-1934 var Centralteateret leigd for føremålet. Så var det ein ny periode i Bøndernes Hus 1934-1938 og på St. Olavs plass 1938-1945. Det vart innsett nazistisk leiing for teateret i åra 1942-1945, noko som førte til publikumsboikott.


Linje 32: Linje 32:


== Sjefar for Det Norske Teatret ==
== Sjefar for Det Norske Teatret ==
{{thumb høyre| Det Norske Teatret annonse 1927.JPG|Faksimile, annonse for Det Norske Teatret i Adressebok for Oslo 1927.}}  
{{thumb|Billett Det norske teatret 1992.JPG|Billett, Det norske teatret 1992. Tolvskillingsoperaen|}}
* 1912-1915 [[Rasmus Rasmussen]]
* 1912-1915 [[Rasmus Rasmussen]]
* 1915-1916 [[Amund Rydland]]
* 1915-1916 [[Amund Rydland]]
Linje 58: Linje 58:


== Kjelder og litteratur==
== Kjelder og litteratur==
{{thumb høyre| Det Norske Teatret annonse 1927.JPG|Faksimile, annonse for Det Norske Teatret i Adressebok for Oslo 1927.}}
*[http://www.allkunne.no/default.aspx?menu=29&id=857 Artikkel på nettstaden Allkunne]
*[http://www.allkunne.no/default.aspx?menu=29&id=857 Artikkel på nettstaden Allkunne]
*Dalgard, Olav: Artikkel om Det Norske Teatret i Norsk allkunnebok, bd 3, Oslo 1951.
*Dalgard, Olav: Artikkel om Det Norske Teatret i Norsk allkunnebok, bd 3, Oslo 1951.

Sideversjonen fra 23. mar. 2013 kl. 02:39

Det Norske Teatret i Kristian IVs gate, 2006
Foto: Hans A. Rosbach

Det Norske Teatret er eit teater i Oslo, som spelar på nynorsk og ulike norske målføre. Det blei grunnlagt som eit lutlag den 22. november 1912, med Hulda Garborg som første styreleiar. Skodespelaren Rasmus Rasmussen var den første teatersjefen. Teateret si første framsyning fann stad i Kristiansand den 2. januar 1913.

Hulda Garborg var utan tvil den fremste pådrivaren i pionertida. Arne Garborg og skodespelarane Edvard Drabløs og Lars Tvinde er blant andre namn som bør nemnast i denne samanhengen.

Alt frå mellomkrigstida av vart teateret kjent som ei scene for samtidsdramatikk, nytolking av klassikarar og for sceniske eksperiment. Teatret har også frå 1950-åra og til dags dato vore lengst framme i landet med ein annan type repertoar, nemleg musikalane.

I heile si eksistenstid har Det Norske Teatret vore ein kjerneinstitusjon for målrørsla, ikkje minst ved å vere mønstergjevande for ein nynorsk talemålsnormal. Det har også vore til inspirasjon og føredøme for dei uteljande amatørteatergruppene utover på bygdene, gjerne knytta til dei frilynde ungdomslaga.

Oppstarten

I eit par års tid før danninga av lutlaget hadde Det Norske Spellaget under leiing av Hulda Garborg turnert over store delar av landet med landsmålsstykke. Opningsframsyninga etter at teateret vart formelt stifta, fann stad i Kristiansand den 2. januar 1913. Dei starta ein turne derifrå med stykka Ervingen av Ivar Aasen, Rationelt fjøsstell av Hulda Garborg og Bjørnefjell av Olav Hoprekstad.

Den første framsyninga i Kristiania fann stad den 6. oktober 1913, Jeppe på Berget av Ludvig Holberg i Arne Garborg si omsetjing. Kongen var til stades ved opninga.

Provoserande og avantgardistisk

Teatret heldt frå 1945 til 1985 til i Stortingsgata 16

Opninga i Kristiania utløyste rabalder og teaterslag. Det var pipekonsertar under framsyningane, organisert av gymnasiastar. Delar av publikum gjekk til handgripeleg motaksjon og det var masseslagsmål i salen. Det heldt fram i fleire dagar regelrette opptøyer utanfor teaterbygningen. Natt til 17. oktober var det samla tusenvis av menneske i protestar og motaksjonar.

Også seinare har teateret provosert ulike segment på ulike måtar. Fyrst på 1930-talet, under Agnes Mowinckel som instruktør, vart det kontroversielle Guds grøne enger framført, eit stykke som vart skulda for å vere blasfemisk. I 1948 kom sterke protestar da teatret framførde Peer Gynt på nynorsk med musikk av Harald Sæverud.

I dei fyrste åra flaut teateret på oppsetjing av farsar og svenske og norske folkekomediar av ein kunstnarisk verdi som ikkje vekte eller fortente særleg åtgaum. Men ganske tidleg fekk Det Norske Teatret eit visst ry som avantgardeteater. Det var særleg frå midten av 1920-åra av under innverknad av blant andre Agnes Mowinckel og Hans Jacob Nielsen.

På slutten av 1900-talet var teatret vide kjent for sine tolkingar av Samuel Beckett, den fremste av dramatikarane innan det såkalla absurde teater. Det skjedde under regissøren Bjørn Endreson og med skodespelarar som Bjarne Andersen og Tom Tellefsen.

Frå slutten av 1990-åra har teateret hatt ære av å framføre Jon Fosse sine stykke, mellom anna urpremieren på hans fyrste stykke for teater, Nokon kjem til å komme.

Tilhaldsstadene

I Kristiania/Oslo heldt Det Norske Teatret først hus i Bondeungdomslagets sal i Bøndernes Hus (1913-1931). I åra 1931-1934 var Centralteateret leigd for føremålet. Så var det ein ny periode i Bøndernes Hus 1934-1938 og på St. Olavs plass 1938-1945. Det vart innsett nazistisk leiing for teateret i åra 1942-1945, noko som førte til publikumsboikott.

I 1945 flytta så teatret til det tidlegare Casinos lokale i Stortingsgata 16, og vart verande der til den nye bygningen i i Kristian IVs gate kunne takast i bruk i 1985.

Eigedomstilhøve og organisering

På papiret er teatret i privat eige, som einaste større teater i Noreg. Men sidan Det Norske Teatret LL mottek om lag 100 millionar årleg i tilskot peiker staten ut fleirtalet i styret. Den største eigaren i lutlaget er Bondeungdomslaget. Mållag, ungdomslag og privatpersoner over heile landet eig òg luter.

Sjefar for Det Norske Teatret

Billett, Det norske teatret 1992. Tolvskillingsoperaen

Kjelder og litteratur

Mal:Thumb høyre