Deviasjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. feb. 2008 kl. 15:41 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>Magnetisk '''deviasjon''' er det avviket ein må justere for i kompasskursen om bord på ein båt, eit skip eller eit luftfartøy som kjem frå [[magnet...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Magnetisk deviasjon er det avviket ein må justere for i kompasskursen om bord på ein båt, eit skip eller eit luftfartøy som kjem frå magnetismen i sjølve fartøyet. Deviasjonen kan ha positivt eller negativt forteikn. Han vil òg endre seg i etter kursen til fartøyet, slik at det må lagast ein tabell (eller kurve) som viser deviasjonen for ulike retningar.

For å finne rettvisande kurs (Rk) må ein òg korrigere kompasskursen (Kk) for misvisninga på staden.

Rettvisande kurs (den rette kursen på kartet) blir da utrekna etter formelen: Rk = Kk + misvisning + deviasjon.

Mal:Bokmålswikipedia