Doro Heyerdahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. okt. 2011 kl. 20:48 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Doro (Dorothea) Heyerdahl''' (fødd på Voss 8. desember 1894, død i Oslo 25. april 1988) var folkeskule-, framhaldsskule- og folkehøgskulel...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Doro (Dorothea) Heyerdahl (fødd på Voss 8. desember 1894, død i Oslo 25. april 1988) var folkeskule-, framhaldsskule- og folkehøgskulelærar. Den lengste samanhengjande delen av si yrkesgjerning hadde ho ved Lom og Skjåk framhaldsskule, med mindre avbrot frå 1925 til ca. 1950. Som det står i ei femtiårsomtale av henne, hadde ho i løpet av denne tida ”hatt en stor del av ungdommen i Lom og Skjåk som sine elever”. Og ho var ein svært avhalden lærar. Med bakgrunn frå universitet, lærarskule, folkehøgskule og ungdomslagsarbeid, og ved sitt elskelege og interesserte vesen, verka ”ho Doro” utan tvil som ein sterk inspirasjon for mange av desse ungdomane.