Ekornes ASA

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ekornes ASA er ein møbelprodusent med hovudkontor i Sykkylven. Selskapet er mest kjent for varemerka Stressless og Svane, og er i 2013 Nordens største møbelprodusent.

Det var Jens E. Ekornes som starta bedrifta i 1934 under namnet J.E. Ekornes Fjærfabrikk. Produktet til bedrifta var då spiralfjærer av metall til stoppmøbelbedrifter. Tidlegare var det Oslobaserte bedrifter som hadde vore einerådande på denne marknaden. For møbelprodusentane på Sunnmøre var det praktisk å få ein leverandør i nærmiljøet.

Når bedrifta hadde tilgang på spiralfjærer var det nærliggande å byrje med produksjon av madrasser. Allereie året etter oppstarten var Jens Ekornes i gang med å lage madrasser under varemerket Svane. Den første madrassa vart vist under ei varemesse i Ålesund i 1935.

I 1937 kunne J. E. Ekornes Fjærfabrikk presentere eit nytt produkt for møbelhandlarar over heile landet, ein divan med fjærinnlegg. Bedrifta byrja så smått å gjere seg gjeldande som møbelprodusent. To år seinare kom dei første Svane-madrassene i vanleg sal. Madrassen vart lansert i tre variantar, Eva, Ideal og Rekord.

Krigsåra var vanskelege, men med stor arbeidsinnsats greidde Jens Ekornes og medarbeidarane hans å halde hjula i gang. Under krigen laga bedrifta mellom anna sin første stol. Som trekk til stolane kunne dei nytte ty og brukte tekstilar som kjøparane hadde med seg. Trass i dei vanskelege produksjonstilhøva under krigen greidde bedrifta å realisere eit nybygg i betong. Det førte til at dei stopd godt budde til å ta fatt etter krigen då trongen for møblar av alle slag var svært stor.

Jens Ekornes gjennomførte ein tur til USA i 1946 der han lærte meir om madrass- og møbelproduksjon. Han kom mellom anna over eit sovesofabeslag som han tok med heim og fekk sett i produksjon. Dette beslaget vart brukt i ein av bedrifta sine beste slagarar så langt, ein solid sovesofa. Jens Ekornes kjøpte også moderne madrassemaskiner i USA og det gjorde at framstillinga av madrassar kunne leggast rasjonelt opp. Svanemadrassane vart snart kjende over heile landet som komfortable og kvalitetsgode produkt.

Omsetninga ved J.E. Ekornes Fjærfabrikk vart tredobla frå 1946 til 1947, og i 1949 var dei oppe i ein dagsproduksjon på 200 madrassar. Under krigen hadde det på det jamne vore sysselsett 20 personar i bedrifta, i 1948 var 43 på lønningslista.

Etter kvart vart sovesofaer også eit innarbeidd produkt, og i 1947 fekk bedrifta eiga trevareavdeling. Det var bruk for treverk både til sovesofaen og til botnen i madrassen. I 1948 lanserte dei Swingbed. Det var ei dobbelseng med senger som kunne svingast ut slik at reingjeringa vart lettare. Til sengene høyrde nattbord og lampe. Swingbed var ei tid Noregs mest selde seng.

Jens E. Ekornes knytte til seg agentar over heile landet, og bedrifta sine produkt var synleg i både aviser, vekeblad og fagtidsskrift. Dei traff nehov i tida og var samstundes prisgunstige. Dette gav grunnlag for ein god vekst i desse åra. I 1955 var arbeidsstokken komen opp i 140 personar.

I samband med Nord-Norgeplanen etablerte dei i 1956 ein fabrikk ved Bodø for produksjon av madrassar. Bodø-bedrifta skulle særleg dekkje spurnaden etter madrassar frå kundane i Nord-Noreg.

Det var i 1960-åra at Ekornes-verksemda fekk dei heilt store dimensjonane, og det kom til uttrykk både i eit stadig veksande produksjonsareal og i eit stadig vidare modell- og produktspekter.

I 1959 sette bedrifta i gang produksjon av skumplast. Dette vart nytta i eigen produksjon, men skumplasten vart òg seld til andre. Same året fekk dei den andre automatiske fjærflettemaskina. I tillegg skaffa J. Ekornes Fabrikker seg utstyr for framstilling av vatteppe og kokosfibermatter. Ekornes-fabrikken var i ferd med å gjere seg sjølvforsynt med dei fleste produktdelar.

Ein viktig årsak til den gode utviklinga for Ekornes i 1960-åra var introduksjonen av Svane Combina-serien i 1961. Sofabenken Svanett hadde vore i sal nokre år, men no vart fleire benkvariantar laga, dei fleste med plass for sengety under seta. Møblane passa framifrå for 50- og -60-åras tronge byhusvære. Combina-serien vart ein suksess i Noreg og i 1963 vart han lansert i Tyskland. Ekornes hadde teke det første steget ut på eksportmarknaden.

I 1961 vart bedrifta omdanna frå eit personleg eigd selskap til eit aksjeselskap. Jens E. Ekornes vart vald til styreleiar og einaste styremedlem i selskapet, som fekk namnet J.E. Ekornes Fabrikker AS. At Jens Ekornes var åleine eigar og einaste styremedlemen i selskapet betydde ikkje at han var åleine i leiinga i selskapet. Han hadde god hjelp av brørne sine Martin og leif. Martin hadde teke på seg leiaransvaret det halve året Jens, og kona Petrine, var i USA i 1946 og hadde halde fram som kontorleiar etter det. Leif hadde frå før krigen hatt eit særleg ansvar for økonomi og rekneskapsføring. I tillegg hadde Jens knytta til seg dyktige folk, som Nils Sjøholt, innafor produksjonsleiinga.

Tidleg i 1960-åra kjøpte Jens Ekornes ei tomt på Fetsund der han ville byggje eit produksjonsanlegg for møblar og madrasser. Han meinte det ville vere gunstad å ha ein produksjonsstad nær dei største marknadane. Fetsundfabrikken vart utvida fleire gonger i 1960-åra. I 1967 tok avdelinga der opp skumplastproduksjon. Samstundes vart det på Fetsund bygd fabrikk for produksjon av nålefiltteppe. I 1969 vart madrassproduksjonen flytta frå Ikornnes til Fetsund.

I 1963 byrja Ekornes-bedrifta å produsere salongar i tillegg det opprinnelege vareutvalet sitt. Den første salongen heitte Salong 24.

I 1966 gjekk Ekornes som første norske møbelprodusent ut med produktinformasjon til alle husstandar i Noreg.

Lanseringa av kvilestolen Stressless i 1971 førte til ein kraftig ekspansjon ved avdelinga på Ikornnes i Sykkylven. Allereie første heile produksjonsåret vart det laga 2800 Stressless-stolar. Det vart snart bygd opp ein heilt ny Stresslessfabrikk på Ikornnes, med avdelingar for metallbearbeiding, mekanisk verkstad og galvanisk avdeling.

Dei forskjellige Stresslessmodellane gav Ekornes innpass på viktige eksportmarknader som USA og England. I åra som fylgde var Ekornes eit av dei mest aktive eksportselskapa i landet. For dette vart dei heidra med den nasjonale Eksportprisen i 1983.

J. E. Ekornes Fabrikker AS var allereie i 1971 Noregs største møbelprodusent, og i 1977 var bedrifta den største møbelprodusenten i Skandinavia. Dette var ikkje berre Stressless-suksessen å takke. Den første hudsalongen, Lugano, som kom i 1973, styrkte Ekornes sin posisjon ytterlegare.

Frå 1963 til 1985 kjøpte Ekornes-konsernet opp fleire møbelfabrikkar på Nordvestlandet og i nabolanda. Jens Ekornes sa at det var vanskeleg å stogge snøballen når han først hadde byrja å rulle. For å forsvare det dei hadde, måtte dei vere på offensiven. Det kravdest at bedrifta heile tida tok initiativ og prøvde å vinne innpass i nye marknader.

Jens og Petrine Ekornes hadde ikkje eigne born, og for å førebu generasjonsskiftet i verksemda gav Jens og Petrine hovudparten av aksjane i bedrifta til Det norske misjonsselskap. Dette vakte merksemd over heile landet, og førte til fokus på norske skatte- og arveavgiftsreglar.

Nevøen til Jens Ekornes, Jens Petter Ekornes, tok i 1978 over som direktør for verksemda. Han var ikkje mindre offensiv enn forgjengaren og plasserte raskt både Ekornes-konsernet og Sykkylven i medvitet til sine landsmenn på ein positiv måte.

I 1984/85 nådde verksemda ein førebels topp etter kjøpet av svenske Ulferts og tyske Erpo, både når det gjaldt omsetning og antall tilsette. Det viste seg likevel at kjøpa og ei følgjamnde utvidimng av kolleksjonen hadde negative konsekvensar.

I 1987 vart danske Bent Nilsson tilsett som ny administrerande direktør. Hovudoppgåva hans skulle vere å få bedrifta lønsam igjen. Han førebudde ein del tiltak som vekte uro hos dei lokale eigarane. Mellom anna var det planar om å flytte hovudkontoret til konsernet vekk frå Sykkylven. Ein del lokale interessentar med Ekornes-familien og Jens Petter Ekornes i fremste rekke tok over styringa på ein dramatisk generalforsamlinga i selskapet i juni 1990. Jens Petter Ekornes kom då tilbake i sjefsstolen.

I desse åra var bedrifta på konkursens rand, og hadde neppe greidd seg utan assistanse av sitt hovudbanksamband, Kredittkassen, som på denne tida vart halden oppe av Statens Banksikringsfond. Det viste seg at satsinga på Ekornes var økonomisk velgrunna. Etter eit par år med harde omstillinfgar der Stressless-produksjonen varg effektivisert og standardisert, byrja bedrifta igjen å tene pengar.

Nils-Fredrik Drabløs vart i 1992 henta inn som viseadminstrerande direktør i selskapet, og med sine evner til strukturering og langsiktig planlegging vart han eit godt supplement til karismatiske leiaren Jens Petter Ekornes som hadde sin styrke som seljar og motivator. Viktig for snuprosessen var også den nye marknadstenkinga som nytilsett marketingansvarleg Runar Haugen var hovudarkitekt bak. Ekornes skulle standardiserte all marknadsføring og vere gjenkjennelig uanset kvar i verda forbrulkarane møtte produkta. Dette er ein modell som har ført til gode resultat og som framleis er ein viktig del av selskapet sin strategi.

All produksjon i Ekornes vart etter 1990 samla i Noreg, og i 1994 var produksjonen konsentrert på dei fire anlegga; Ekornes Fetsund, Ekornes Stranda, Ekornes Grodås og J.E. Ekornes i Sykkylven.

Ekornes vart børsnotert i april 1995 og skifta namn til Ekornes ASA i 1996. Ekornes Hareid vart etablert i 1996 etter kjøpet av Utgård Mestermøbler. Jens Petter Ekornes gjekk samme året over i stilling som konsernsjef i Ekornes ASA, medan Nils-Fredrik Drabløs vart ny administrerande direktør.

I 1997 kjøpte Ekornes tidlegare Vestlandske Møbelfabrikk i Sykkylven. Til å byrje med førte Ekornes vidasre nokre av modellane til Vestlandske, mellom anna Ingmar Relling sin suksessmodell Siesta. Det viste seg snart at desse ikkje passa inn i koilleksjonen til Ekornes som då var bygd opp rundt kvilestolen Stressless og Stressless sofaer. Vestlandskefabrikken vart snart bygd om til produksjonsanlegg for Stressless sofa. Også kontraktsavdelinga til Ekornes fekk tilhald her.


Bedrifter som er kjøpte opp av Ekornes:

  • Bodin Ullvarefabrikk, Bodø 1955
  • Lenestolfabrikken Solid AS, Sykkylven 1959
  • Vik & Blindheim Møbelfabrikk, Sykkylven 1966
  • Stranda Lenestolfabrikk AS, Stranda 1974
  • Gjerde Møbler AS, Sykkylven 1976
  • Hanken Industrier AS, Grodås 1976
  • P.I. Langlos FAbrikker AS, Stranda 1979
  • Velledalen Fabrikker AS, Sykkylven 1984
  • Ulferts AB, Sverige 1984
  • Erpo, Vest-Tyskland 1984
  • Domino, Danmark 1990