Elias Blix

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Elias Blix

Elias Blix (fødd 24. februar 1836 i Gildeskål, død 17. januar 1902 i Kristiania) var forfattar, professor, lærar, målmann og politikar. Han vert særleg hugsa som salmediktar, og som omsetjar av Bibelen til landsmål.

Slekt og familie

Han var son av småbrukar og fiskar Peder Christophersen (1804–1839) og Margrethe Christophersdotter (1808–1857). Namnet Blix er eit døypenamn som Elias fekk etter ein etter onkel som nyleg hadde døydd. Elias tok altså seinare dette til etternavn.

I 1871 gifta Blix seg med Emma Alvilde Marie Hansen (fødd 20. april 1849, død 16. juli 1927). Ho var dotter av snekkarmeister Hans Mathias Hansen og Marie Saxen.

Liv og virke

Blix var fødd og oppvaksen i folkelege kår i eit bygdemiljø prega av jordbruk og fiske, på garden Volden i Våg på Sandhornøya i Gildeskål.

I 1862 var Blix med på å stifte «Den nordlandske Forening» og var første formannen i organisasjonen.

Han tok teologisk embetseksamen i 1866.

Blix oppdaga landsmålet då han gjekk på lærarskole i Tromsø i 1850-åra. Han tok kontakt med målrørsla då han kom til Kristiania og blei knytt til Aasmund Olavsson Vinje og vekebladet Dølen. Han besøkte Gildeskål sommaren 1866 og bad om løyve til å preike i Gildeskålkyrkja, men på grunn av Blix sitt arbeid som målmann ville ikkje soknepresten gje løyve. Blix hadde nettopp tatt teologisk embetseksamen. Hendinga i Gildeskål blir sagt å vere grunnen til at han ikkje blei prest og at han aldri kom tilbake til Gildeskål. I 1868 var han med på å stifte «Det norske Samlaget», som fekk til oppgåve å gje ut nynorske skrifter.

I 1878 vart han professor i teologi ved Det Kgl. Frederiks Universitet.

Blix var statsråd i Kyrkjedepartementet frå 26. juni 1884 til 23. februar 1888. Som statsråd greidde han å få oppretta eit professorat i norsk folkemål ved universitetet. I 1885 gjorde Stortinget vedtak om at landsmålet skulle vere jamstilt med riksmålet, det såkalla jamstellingsvedtaket. Som politikar representerte Blix Venstre.

Blix var med på arbeidet med å omsette Bibelen og Luthers litle katekisme til landsmål. Elias Blix blir rekna som ein stor salmediktar. Han har skrive meir enn 200 salmar. Det var først i 1892 at salmane hans vart godkjende for bruk i kyrkja. I Norsk Salmebok er det tatt med 71 salmar av Blix. Blant hans mest kjende salmar er «No Livnar det i Lundar» og fedrelandssalmen «Gud signe vårt dyre fedreland», den første tonsett av Ludvig Mathias Lindeman.

Han døydde i heimen sin i Briskebyveien 11.

Ettermæle

Elias Blix er gravlagt på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2015)

Aftenposten refererte i aftenutgåva si den 21. januar 1902 frå minnetala til stortingspresident Edvard Liljedahl over Blix i Stortinget same dag, som stortingsrepresentantane tradisjonen tru påhøyrde ståande (utdrag):

Siden Storthinget sidst var samlet til møde har vort fædreland og vort Universitet atter lidt et stort tab. Fhv. statsraad, Dr. Professor Elias Blix er nemlig vandret bort. Jeg er sikker på, at budskabet herom modtages med sorg ikke alene i denne sal, men udover det hele land fra hytten til hallen. Professor Bliz var nemlig en landskjendt mand, og han var ligesaa anerkjendt og elsket som han var kjendt, og han fortjente at være det. … Ubetinget størst betydning har professor Blix havt som sanger og salmedigter; som saadan skal han nævnes jevnsides med vore bedste.

Elias Blix er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Gravminnet er ein høg bautastein med Blix sitt portrettrelieff i bronse.

Fleire veger og gater i landet har namn etter Elias Blix, til dømes i Oslo, der Elias Blix' gate på Ila vart namngjeven i 1934. Også i Harstad finner vi ham igjen; i Professor Blix' gate.

Kjelder

Lenkjer