Ersvik (Aure)

Sideversjon per 13. feb. 2013 kl. 15:55 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: '''Ersvik (Aure)''', uttale /'e:<u>rs</u>vi:ça/ ({{NA}}), /'e:<u>rs</u>vi:çen/ ({{D}}), er ein matrikkelgard på innersida av øya Tustna i Aure kommuneNordmøre....)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Ersvik, uttale /'e:rsvi:ça/ (Mal:NA), /'e:rsvi:çen/ (Mal:D), er ein matrikkelgard på innersida av øya Tustna i Aure kommuneNordmøre. Garden grensar til Hals i aust og Sør-Halsnes i vest. Fjellvaldet går opp til skardet mot Gullsteinsdalen.

Namnet Ersvik

Gardsnamnet er skrive Eriisuig (1559), Erißuigh (1590), Erßuiig (1643) og Erridsvig (1723). Ein skrivemåte som antydar ein k-lyd finst i Erichwigen (1667), og Oluf Rygh tolkar da òg namnet som ei samansetjing med mannsnamnet Eirikr. Vika og gammeltunet på garden er særprega ved at dei ligg inntil ein åsrygg og eit høgdedrag mot nordvest som gjev ly, men òg ettermiddagsskygge. Om dette er namnegrunnlaget, så kjem førsteleddet heller frå sørsamisk aereds- (utt. /æ:reds-/), jf. aeredsbahkoe, ‘morgonbakke, bakke med ettermiddagsskygge’ , noko som passar godt med fire av dei fem eldste skrivemåtane av namnet, deriblant alle dei tre frå føre 1667.