Eystein Gjelsvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jan. 2020 kl. 14:33 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «Kategori:Naustdal kommune» til «Kategori:Naustdal Kategori:Sunnfjord kommune»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eystein Gjelsvik (f. 1881 i Vevring (no Naustdal kommune), død 1950 i Ski) var landbruksmann. Foreldra var gardbrukar Nils Gjelsvik og Oline fødd Svardal. Han var gift med Lina Relling (1885-1968) frå Norddal. Dei slo seg ned i Ski i 1917 og bygde seg hus i Kirkeveien.

Gjelsvik tok eksamen ved Noregs landbrukshøgskule i 1911. I åra 1911–17 var han lærar på Nordland landbruksskule i Bodin. Frå 1917 var han konsulent og leiar for bureisingsarbeidet i selskapet Ny Jord. Da det kom fart i bureisinga etter fyrste verdskrigen, var det han som utarbeidde planane.

Han gav ut rettleiingsboka Bureising (1939) og andre opplysningsskrifter.

Kjelder og litteratur

  • Norsk Allkunnebok, band 5. 1954.
  • Norske landbrukskandidater. 1932.
  • Olav Randen: Brøyte seg rydning (særleg s. 63–66). 2002.
  • Opplysningar frå sonesonen Eystein Gjelsvik.