Fastskular i Haram: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 9: Linje 9:


==== Flem skule ====
==== Flem skule ====
ligg på Flemsøya som også blir kalla "Skuløya" etter namnet på høgaste fjellet "Skulen"
Flem skule ligg på Flemsøya som også blir kalla "Skuløya" etter namnet på høgaste fjellet "Skulen"
Denne skulen vert teken vare på av ei eiga gruppe og er blitt ein kulturberar i bygda.  
Denne skulen vert teken vare på av ei eiga gruppe og er blitt ein kulturberar i bygda.  
Huset blir drive som museum og grendahus og dei har ei eiga nettside med mange bilete og informasjon om drifta:
Huset blir drive som museum og grendahus og dei har ei eiga nettside med mange bilete og informasjon om drifta:

Sideversjonen fra 13. mai 2016 kl. 12:42

Dagens Haram kommune ligg nord for Ålesund med Giske kommune i vest. Kommunen omfattar øyane Fjørtofta, Flemsøya, Haramsøya, Lepsøya og delar av fastlandet og gamle Vatne kommune i aust. Fram til 1890 var også Vigra ein del av Haram kommune, men skulane der blir skildra under Fastskular i Giske. Frå 1965 er gamle Vatne kommune samanslege med Haram til ein kommune.


Flem skule
Foto: Aud Farstad


Flemsøya

Flem skule

Flem skule ligg på Flemsøya som også blir kalla "Skuløya" etter namnet på høgaste fjellet "Skulen" Denne skulen vert teken vare på av ei eiga gruppe og er blitt ein kulturberar i bygda. Huset blir drive som museum og grendahus og dei har ei eiga nettside med mange bilete og informasjon om drifta:

Haramsøya

Ulla skule med naustrekkja til venstre
Foto: Aud Farstad/kilde

På Haramsøy har det vore tre gamle skular, ein på Austnes og ein på Åkre. Begge er rivne. Men Ulla skule, bygd i 1886, står enno, Det er truleg det beste eksempelet på god bevaring av et skulehus i denne kommunen. Skulen ligg til høgre i bildet, ikkje langt frå den kulturhistorisk svært verdfulle naustrekka (til venstre i bildet). Skulen er til og med presentert med eigne nettsider




Lepsøya

På Lepsøya, eller "Løfsøya" som folk kallar ho, har det vore to skular, ein på Kjerstad og ein på Farstad. Begge er rivne, men historielaget har hjelpt oss med bilde av skulane frå det store bygdearkivet.

Farstad skule med elevar
Foto: fotograf/kilde




Farstad skule

Farstad skule hadde fyrst bare 1 klasserom + gang og loft. Det eldste biletet har med både lærarar og elevar og er truleg teke før 1915, men fotografen er ukjend. Skulen vart ombygd og mykje påbygd ikring 1920.

Farstad skule etter påbygginga
Foto: fotograf/kilde

På biletet ser me tydeleg det høge nettinggjerde kring skulegarden




Kjerstad skule
Kjerstad skule ca 1915
Foto: Ukjend

Kjerstad skule før han vart påbygd. Ukjend år og fotograf.


Kjerstad skule 1937
Foto: Ukjend fotograf

Fjerde klasse på Kjerstad skule 1937. Lærareni midten bakom elevane, heitte Vidnes.






Fastlandet

Brattvåg skule

Brattvågen er kommunesenteret i Haram kommune og er relativt nytt, bygd opp etter 1911. Det ligg på austsida av Samfjorden som skjer seg inn i fastlandet frå nord. Brattvåg skule vart bygd i 1924-25 og ligg difor nokre få år etter den grensa vi har sett for undersøkjinga vår som er 1920. Men skulen er den eldste i kommunesenteret Brattvåg og eit viktig kulturminne på staden sidan Brattvåg er ein så ung tettstad. Det vart ikkje busetnad her før i 1912. I byrjinga måtte skuleelevane frå Brattvåg gå til Alvestad skule. Ein skuleveg på ei halv mil. Slik står det om Brattvåg skule i kyrkje- og skulesoga for Haram:

Brattvåg gamle skule
Foto: Aud Farstad/kilde

Det var to vanlege klasserom, kvart på 50 m2 i 2. høgda. I kjellerhøgda var det forsamlingsrom, delt i ein storsal go ein småsal. Storsalen var lenge nytta til møte og festar i Brattvåg. Midtveggen mellom desse to salane var laga av dører som ein kunne slå opp så det vart ein stor sal. Når det var mykje folk samla, nytta ein denne utvida salen. Det var og eit lite kjøken i sama høgda. Dette kunne ein nytta når det vart basarar eller festlege tilstellingar i salen. Etter kvart som klassetalet ved skulen auka, fekk ein meir og meir bruk for kjellaren til klasserom. Delingsveggen mellom dei to salane vart flytt nærmare mot midten. Ein fekk då to rom på 53 og 44 m2. Det største av desse romma vart seinare innreidd til naturfagundervisning i realskulen. Haram realskule kom til å bruka alle romma i "gamleskulen" frå 1952 til realskulen vart avvikla 1972 - 73. Brattvåg fekk ny skule i 1957 på same staden rett bak gamleskulen. I dag vert gamleskulen brukt til undervisning for frammandspråklege, som det er mange av i Haram






Vatne

Skulane i gamle Vatne kommune ligg alle på fastlandet, men er likevel samla her i ei gruppe




Ertresvåg skule

Ertresvåg skule ligg på vestsida av Vatnefjorden i gamle Vatne kommune, i ei djup vik midt i fjorden

Ertresvåg skule
Foto: aud Farstad






Hellandshamn gamle skule

Hellandshamn gamle skule ligg på austsida av Samfjorden, i gamle Vatne kommune, med utsikt nordover, og skulen er heilt til det siste blitt brukt som forsamlingshus for bygda. No er skulen seld til private til bruk som fritidsbustad

Hellandshamn gamle skule
Foto: Aud Farstad/kilde





Hellestranda skule

Hellestranda skule ligg på austsida av Vatnefjorden lengst mot nord i gamle Vatne kommune.

Hellestranda skule
Foto: Aud Farstad





Samfjord skule

Samfjord skule ligg litt sør for kommunesenteret Brattvåg, på austsid av fjorden. Skulen vart vedteken bygd i 1891, og stod ferdig i 1895.. Han var i drift som skule fram til 1965 då elevane vart overført til den nye skulen i Brattvågen. Grendalaget i Samfjord kjøpte skulen i 1977 og nå er huset i bruk som forsamlingslokale og produksjonslokale for ei gruppe kvinner som har vevstoge i hovudetsjen (den gamle skulestoga). Møteromet ligg i kjellarhøgda. Grendelaget er aktivt og held huset ved like og har sikra seg tilskot til reparasjon av taket.

Samfjord skule
Foto: Aud Farstad/Jostein Gamlem





Skår skule

Skår skule ligg heilt nord på vestsida av Vatnefjorden i gamle Vatne kommune

Skår skule
Foto: Jørg Westermann




Slyngstad skule

Denne skulen ligg på nordsida av Grytafjorden, sør for Slyngstadvatnet i tidlegare Vatne kommune.

[[Bilde:

Slyngstad skule
Foto: Aud Farstad

|thumb|right|400x400px|beskrivelse

Foto: fotograf/kilde

]]

Skulen på Slyngtad vart teken i bruk i 1896 og vart nedlagt i 1966. For nokre år sidan overlet bygda skulen til grunneigar, så no er skulen i privat eige.





Tennfjord gamle skule

Tennfjord gamle skule ligg fint i terrenget inst i Grytafjorden i gamle Vatne kommune. Skulen og er nå i privat eige.

Tennfjord gamle skule
Foto: Aud Farstad/kilde