Fastskular i Haram

Dagens Haram kommunar omfattar øyane Flemsøy, Haramsøy, Lepsøy delar av fastlandet og gamle Vatne kommune. fram til 1890 var også Vigrra ein del av Haram kommune, men skulane der blir skildra under Giske kommune

Haramsøya

På Haramsøy har det vore tre gamle skular, ein på Austnes og ein på Åkre. Begge er rivne. Men Ulla skule, bygd i 1886, står enno, Det er truleg det beste eksempelet på god bevaring av et skulehus i denne kommunen. Skulen ligg til høgre i bildet, ikkje langt frå den kulturhistorisk svært verdfulle naustrekka (til venstre i bildet). Skulen er til og med presentert med eigne nettsider


Lepsøy

På Lepsøy, eller "Løfsøya" som folk kallar ho, har det vore to skular, ein på Kjerstad og ein på Farstad. Begge er rivne, men historielaget har hjelpt oss med bilde av skulane frå det store bygdearkivet.

 
Farstad skule med elevar
Foto: fotograf/kilde


Farstad skule

Farstad skule hadde fyrst bare 1 klasserom + gang og loft. Det eldste biletet har med både lærarar og elevar og er truleg teke før 1915, men fotografen er ukjend. Skulen vart ombygd og mykje påbygd ikring 1920.

 
Farstad skule etter påbygginga
Foto: fotograf/kilde

På biletet ser me tydeleg det høge nettinggjerde kring skulegarden



Kjerstad skule

Fastlandet

Hellandshamn gamle skule

Helland gamle skule ligg aust for Brattvågen i gamle Vatne kommune, med utsikt nordover, og skulen er heilt til det siste blitt brukt som forsamlingshus for bygda. No er skulen seld til private til bruk som fritidsbustad

 
Hellandshamn gamle skule
Foto: Aud Farstad/kilde


Tennfjord gamle skule

Tennfjord gamle skule ligg fint i terrenget inst i Grytafjorden sør for kommunesenteret Brattvåg. Skulen og er nå i privat eige

 
Tennfjord gamle skule
Foto: Aud Farstad/kilde


Brattvåg skule

Brattvåg skule vart bygd i 1924-25 og ligg difor nokre få år etter den grensa vi har sett for undersøkjinga vår som er 1920. Men skulen er den eldste i kommunesenteret Brattvåg og eit viktig kulturminne på staden sidan Brattvåg er ein så ung tettstad. Det vart ikkje busetnad her før i 1912. I byrjinga måtte skuleelevane frå Brattvåg gå til Alvestad skule. Ein skuleveg på ei halv mil. Slik står det om Brattvåg skule i kyrkje- og skulesoga for Haram:

 
Brattvåg gamle skule
Foto: Aud Farstad/kilde

Det var to vanlege klasserom, kvart på 50 m2 i 2. høgda. I kjellerhøgda var det forsamlingsrom, delt i ein storsal go ein småsal. Storsalen var lenge nytta til møte og festar i Brattvåg. Midtveggen mellom desse to salane var laga av dører som ein kunne slå opp så det vart ein stor sal. Når det var mykje folk samla, nytta ein denne utvida salen. Det var og eit lite kjøken i sama høgda. Dette kunne ein nytta når det vart basarar eller festlege tilstellingar i salen. Etter kvart som klassetalet ved skulen auka, fekk ein meir og meir bruk for kjellaren til klasserom. Delingsveggen mellom dei to salane vart flytt nærmare mot midten. Ein fekk då to rom på 53 og 44 m2. Det største av desse romma vart seinare innreidd til naturfagundervisning i realskulen. Haram realskule kom til å bruka alle romma i "gamleskulen" frå 1952 til realskulen vart avvikla 1972 - 73. Brattvåg fekk ny skule i 1957 på same staden rett bak gamleskulen. I dag vert gamleskulen brukt til undervisning for frammandspråklege, som det er mange av i Haram



Samfjord skule

Samfjord ligg litt sør for kommunesenteret Brattvåg, på austsid av fjorden. Skule vart vedteken bygd i 1891, og stod ferdig i 1895.. Han var i drift som skule fram til 1965 då elevane vart overflrt til den nye skulen i Brattvågen. Grendalaget i Samfjord kjøpte skulen i 1977 og nå er huset i bruk som forsamlingslokale og produksjonslokale for ei gruppe kvinner som har vevstoge i hovudetsjen (den gamle skulestoga). Møteromet ligg i kjellarhøgda. Grendelaget er aktivt og held huset ved like og har sikra seg tilskot til reparasjon av taket.

 
Samfjord skule
Foto: Aud Farstad/Jostein Gamlem