Fastskular på Sunnmøre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Fastskular på Sunnmøre er eit prosjekt FortidsminneforeningaSunnmøre sette i gang for å markere 200-årsjubileet for Grunnlova av 1814. Foreninga sette ned ei arbeidsgruppe med historikar Aud Farstad som leiar og sende ut brev til alle kommunane for å få inn informasjon om dei skulehusa som vart bygde i perioden 1860 - 1920.

Arbeidsgruppa har vore slik:

  • Aud Farstad, historikar
  • Sylvia Bayer Evensen, kunsthistorikar
  • Kari Hasle, historikar
  • Vibeke Lunheim, historikar
  • Martin Nystad, handverkar
  • Trine Naadland, bibliotekar

Prosjektet er ikkje ferdig, og me vil gjerne ha inn tilleggsinformasjon. Me har valt å offentleggjere det som hittil er samla inn slik at andre kan få glede av det, og me kanskje kan få inn tilleggsopplysningar som kan gjere registreringa betre.

Skulehistorie i Noreg

I 1739 gjennomførte den pietistiske og svært lite muntre dansk-norske kongen Christian VI med mottoet "For Gud og folket", den største skulereforma nokon gong for alle innbyggere i landet. Målet var at alle skulle lære seg å lese, skrive og rekne. Og sjølvsagt - det var det viktigaste - lære god kristendomskunnskap slik at dei kunne bli konfirmerte. I paragraf 22 var det framlegg om at det skulle byggast skulehus med skulestove i tillegg til kammers og stove for læraren. Lova viste seg fort å vere altfor ambisiøs, men steget mot ei utdanning for alle var gjort.

Fil:Christian 6.
Christian 6. av Danmark-Noreg
Foto: Johann Salomon Wahl

1827

Etter lausrivinga frå Danmark og i union med Sverige fekk Noreg neste skulelov i 1827. I paragraf 2 i lova vart det slått fast klokkaren i kvart hovudsokn skulle halde skule i huset sitt eller i eit "anviist Huus" som skulekommisjonen bestemte. Også dette viste seg vanskeleg i Noreg. Omgangsskulen vart normen heilt fram til 1860.

Fil:Lov om Almueskolen paa landet 1827
Lov om Almueskolen på landet 1827
Foto: ukjent


1860

I 1860 kom det ei ny og omfattande skulelov som slo fast at i kvar skulekrins med meir enn tretti elevar skulle ein bygge faste skulehus.Etter kvart tok det til ei omfattande bygging av skulehus over heile landet. Det er desse skulehusa "Fastskuleprosjektet" til Fortidsminneforeninga på Sunnmøre dreier seg om.

Fil:Lov om almueskolen paa landet 1860
Lov om Almueskolen på landet 1860
Foto: ukjent

Bøker om skulen på landsbygda i Noreg:

Det er skrive mykje om skulen, skuleskipnaden og lærarane i bygdebøker og memoarbøker. Her er eit lite utval:

Frå etnologen Bildet over er framsida på praktboka som etnologen Ørnulf Hodne har skrive frå perspektivet til dei som brukte skulen: (Hodne:Folkeskolen i folkeminnet. Cappelen 2010)

Frå historikaren Andre - som historikar Johannes Helgheim - har skrive om "Almugeskolen paa bygdene" (Aschehoug 1980) frå ein meir prinsippiell synsstad.

Om lærarane

Historikaren Gro Hagemann har skrive boka "Skolefolk. Lærernes historie i Norge".

Om lese og skrivekunne på Sunnmøre Dei viktige bøkene til Jostein Fet om "Lesande bønder" (Universitetsforlaget 1995) og "Skrivande bønder" (Samlaget 2003) er ikkje til å kome utanom når det gjeld opplysning om lese- og skrivekunne mellom allmugen på Sunnmøre før 1860.

1860 - "Fastskulelova"

Skulelova av 1860 - populært kalla "Fastskulelova" fastsette mellom anna at kommunane måtte bygge skulehus der det var over 30 elevar i ein skulekrins. Dette førte til ei storstilt utbygging av skulehus over heile landet på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Dette er viktige kulturminne for heile folket. Skulane var kulturhusa i bygdene. Her var det foreiningsmøte og her var det julefestar og 17-maifeiring. Dette er bakgrunnen for at Fortidsminneforeininga på Sunnmøre har valt desse kulturminna som vårt prosjekt i høve grunnlovsjubileet i 2014