Fel-Jakup: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Linje 85: Linje 85:


== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
*Aksdal, Bjørn: Artikkel om «Jakup Lom» i [http://snl.no/.nbl_biografi/Jakup_Lom/utdypning NBL/Store norske leksikon, kfr. 3.11.2012 ]
*Bakke, Eilev O.: «Fel-Jakup» i ''Årbok for Gudbrandsdalen'' 1980.
*Bakke, Eilev O.: «Fel-Jakup» i ''Årbok for Gudbrandsdalen'' 1980.
*Brustugun, T.: «Frå barndomen hans Fel-Japup» i i ''Årbok for Gudbrandsdalen'' 1966.
*Brustugun, T.: «Frå barndomen hans Fel-Japup» i i ''Årbok for Gudbrandsdalen'' 1966.

Sideversjonen fra 3. nov. 2012 kl. 07:09

Fel-Jakup-stugu nær Felodden i Nordberg i Skjåk kommune. Huset vart flytta og restaurert av Skjåk historielag i 1957. Det er historielaget som eig huset. Bautaen vart reist ved hundreårsjubileet i 1921. Foto: H.P.Hosar.

Fel-Jakup, eigentleg Jakob Olsen, (fødd i Skjåk den 2. februar 1821 død same stad den 27. juni 1876) var felespelar, vide kjend i samtid og ettertid. Han blir rekna som ein meisterspelemann på flatfele, med tilsvarande posisjon i folkemusikkhistoria som Myllargutenhardingfele. Fel-Jakup har øvd sterk innverknad på folkemusikken særleg i bygdene rundt Dovreplatået, dvs. i Nord-Gudbrandsdalen, Møre og Romsdal, delar av Sør-Trøndelag og i Nord-Østerdalen. Han var sterkt etterspurd som musikar ved bryllaup og andre festlege høve, på auksjonar og marknader, ikkje minst på Romsdalsmartnan.

Om ein ser bort frå den unike musikkgivnaden og spelemannslivet, er Fel-Jakups bakgrunn, oppvekst og vaksenliv illustrerande for livsvilkåra til bygdeproletariatet på hans trakter og på den tida. Jakup var fødd og oppvaksen under vanskelege tilhøve, og trass tidomtil brukbare spelemannsinntekter, levde han også heile sitt vaksne liv i tronge kår med familien som husmann i ålmenninga i Skjåk.

Mange namn

Fel-Jakup-stugu før ho vart fløtt og restaurert. Biletet kan vere teke i samband med hundreårsjubileet i 1921. Foto: Pål Kluften.

Døypenamnet til Fel-Jakup i kyrkjeboka er Jacob Olsen. [1] Men han er kjend under mange tilnamn. Fel-Jakup er det absolutt mest brukte namnet i heimbygda i ettertid. Truleg var det også utbreidd i hans eiga samtid. På den tida Fel-Jakup voks opp, tilhøyrde Skjåk Lom prestegjeld og herad. I andre bygder fekk Jakup derfor namnet Jakob Lom eller Loms-Jakob. Ein eldre dialektvariant av det siste er Lø-Jakob (ein lø = ein lomver). På Vestlandet vart han gjerne kalla Døl-guten. Fel-guten festa seg ved han som ungdom i lokalmiljøet. I oppveksten vart han også omtala som Sigrid-Marit-guten etter mor si, ei nemning han også sjølv skal ha likt å bruke når han var i ei viss sinnsstemning.

Fel-Styggen kunne han bli kalla av dei som hadde mindre til overs for han og felespelet. Det kan avspegle ein avstandmarkering til felespel og festliv frå eit ganske sterkt pietistisk og puritansk miljø som fanst i Skjåk på den tida.

Etter at familien flytta til Felodden i Nordberg, vart Jakup naturleg nok stundom omtala som Jakup Felodden.

Foreldre og slektsbakgrunn

Grenda rundt Marlo i Skjåk hovudsokn. Lengst oppe til høgre er Hjeltartrædet, der Jakup lærte felespel av Gamel-Sjugurd. Husbondsgarden Hjeltar, der Jakup var legdgut, ligg lenger nede, utafor biletet. Lengst oppe til venstre ser vi Ulen, husmannsplassen der far til Jakup budde med familien sin. Foto: H.P.Hosar.

Jakup var fødd av ugifte foreldre. Faren Ola Hansen (fødd ca. 1798) var på den tida tenestekar på garden Tråstad. Mora, Marit Jakobsdotter (fødd ca. 1790), var tenestejente på Nedre Bruheim. [2] Ho vart kalla Sigrid-Marit etter si mor.

Marit hadde iallfall delar av oppveksten sin på Jemnheim, der mor hennar var frå. Mora Sigrid vart tidleg enkje, og på folketeljingstidspunktet bur ho på Jemnheim der bror hennar var brukar. Marit er da 11 år, og har to eldre brør som også bur der.[3]

I 1828, da Jakup var sju år gammal, gifta mor hans seg med Ola Larsen på Dagsgardsøygarden (fødd ca. 1782)[4] Marit er ved vigselsinnførsla kalla Marit Jakobsdatter Lien. «Lien» kan ha vore ein av husmannsplassane Harsheimlia eller Flåtålia i Bruheimsgrenda. Ole var innflyttar frå Jostedalen, som i følgje kyrkjeboka «opholder sig på Dasgaardsødegaard». Ivar Kleiven nemner at han var snikkar. I folketeljinga 1865 er Ola føderådsmann på sjølveigarbruket Espedet av Dagsgardsøygarden.[5]

Ivar Kleiven fortel at Marit og Ola fort vart usams, og at dei levde kvar for seg. Da Marit vart gammal, budde ho i fjøset på Nordistun Skamsar. Kleivens opplysningar blir på dette punktet stadfesta i folketeljinga 1865. Der er Ola markert som gift (ikkje enkjemann), medan kona er ikkje registrert i teljinga på same staden. Ei Marit Jacobsdatter i passande alder er derimot oppført som inderst og alminneleg arbeidar nettopp på «Nordre» Skamsar,[6] ein gard som ligg i same grenda som Jemnheim, Bruheim, Harsheimlia og Flåtålia. I sivilstandrubrikken er ho markert med ein F for «fraskilt». Utan rimeleg tvil må dette vere Sigrid-Marit mor til Fel-Jakup.

Skilsmålet mellom henne og mannen kan kaste eit visst ljos over Kleivens elles noko ublide omtale av henne: Ho var «paa mange maate reint ut eit stort troll. Ho var kveksot og sinnt og o-vøren, difor ha ho vandskeleg for aa komaa se med folk, kvar ho for, og ingen brydde seg um ho hell ha nogo teovers for henne». Dette tykkjest stå i sterk motstrid til kva ein annan lokalhistorikar skriv om henne: «Dæ va ei som ikje gjorde mykjy ståk der ho for, og flittog og uppriktog va ho stødt.»[7] Det er Ola Løkre (Ramstad) som skriv dette. Han var fødd i 1846, oppvaksen opp i Bruheimsgrenda og kjende personleg godt til både Fel-Jakup og familien.

Løkre legg rett nok til omtala si av Sigrid-Marit: «...ho va sagte ikje någå go te syte for båne sine; for øn Jakup vart burtleigda tile...» Det er vel ikkje så sikkert at Sigrid-Marit tykte livet hadde gjeve henne så mykje å vera blid og mild og snill for.

Far til Jakup, Ola Hansen, hadde gifta seg allereie året etter at Jakup var fødd. Kona heitte Marit Arnesdotter (fødd 1802).[8] Ola hadde da skifta teneste og heldt til på ein av Bøje-gardane. Om vi har lese rett, er brura oppført i kyrkjeboka som «Hmd. under Skrinde» dvs. husmann. Det må ha vore høgst uvanleg for ei ugift 20 år gammal jente. Husbondsgarden Skrinde ligg like i nærleiken av garden der Ola tente. Sidan slo dei to seg ned på plassen Ulen under Marlo, der Ola Hansen truleg var fødd og oppvaksen.[9] Vi finn Marit Arnesdotter som enkje og føderådskone i Ulen hjå sonen og hans familie i folketeljinga 1865.[10] Faren og stemora til Jakup fekk i alt åtte born saman, som altså vart halvsyskena til Fel-Jakup. Ein av gutane, Hans (i ætteboka omtala som Hans Henrikstugun, fødd 1825), vart far til den seinare lensmann og stortingsmann Johannes Kummeneje.

Oppvekst. Legdguten

Tenestejenta Sigrid-Marit budde i fjøset i Bruheim da barnet hennar vart fødd. Jakup kom på legd på Nedre Hjeltar på Ramstadstronda. Han skal da ha vore i sju- åtteårsalderen, i så fall har det om lag på det tidspunktet mor hans gifta seg. Hjeltar ligg ikkje langt frå Ulen, og det betyr at Jakup kan ha hatt far sin i nærleiken av seg. Men rett nok veit vi ikkje tidspunktet for når faren og stemora tok til på den plassen.

Som tiåring rømde Jakup frå Hjeltar og legdguttilveret, men søkte tilsynelatande korkje til far sin i Ulen eller mor si på Dagsgardsøygarden. Han drog langt utanbygds og flakka rundt eit par års tid. Til slutt fanst han att i Trondheim, der han hadde kome på sjukehuset. Han vart sendt heim att til Skjåk på Lom fatigkasse si rekning.[11] I desember 1833 vart han på nytt innlegda på Hjeltar.

Gutungen Jakup vanka mykje i Hjeltartrædet, ein husmannsplass under Hjeltar. Sonen der, Syver Larsen (1810-1889), er identisk med den kjende spelemannen som på sine eldre dagar gjekk under namnet Gamel-Sjugurd. Også faren Lars var spelemann, og desse karane i Hjeltartrædet skal ha sett og verdsett kva talent Jakup hadde. Dei forærte han ei fele og lærde han å spela på ho. Både Lars og Sjugurd var også skreddarar, og etter at var heimattkomen frå den lange flukta si, fekk Jakup også opplæring i skreddaryrket hjå dei.

Ekteskap og husmannstilvere på Felodden

Fel-Jakup gifta seg med Anne Persdotter (fødd 4. mars 1818 død 16. februar 1897). Vigselen skjedde den 14. mai 1848. Anne var på det tidspunket på Dagsgardsøygarden, men var fødd på ein Skamsargard. Anne hadde om lag same sosiale bakgrunnen som Jakup. Foreldra hennar var ugifte arbeidsfolk Per Larsen frå plassen Skamsarbrustugun og Kari Iversdotter frå (ein plass?) «ved Grimstad». [12]

Anne og Jakup var blitt kjæraster og foreldre fleire år før dei gifta seg. Fyrste barnet dei fekk saman, Kari, var fødd i 1842. Da var mora på ålmenningsplassen Oppnåsen i Åmotsgrenda, faren på Hjeltar. Da andre barnet deira, Ola, kom i 1846, var Jakup framleis på Hjeltar, medan mora er busett på Åmoten.

Paret slo seg til på ålmenningsplassen Felodden, truleg i samband med at dei gifta seg. Da tredje barnet deira, Livø, vart fødd 13. oktober 1849, er faren nemnd som husmann i ålmenninga, rett nok utan at namn på plassen er nemnd. I 1865 er familien oppførd som plassfolk utan jord på «Fiolodden».[13] Erling og Jarnfrid Kjøk siterer ei plasskontrakt med Ålmenninga datert 5. desember 1874.[14] Det må anten ha vore ei kontraktfornying, eller så har familien fått budd i ålmenninga i vel 25 år utan formelt løyve. Om Jakup og Anne sjølve hadde rydda og bygt plassen, eller om dei overtok etter andre, framgår ikkje av kontrakten.

Anne og Jakup fekk ytterlegare tre born: Jakob fødd 1854, Anne fødd 1857 døydde som lita, og på nytt Anne fødd i 1860.

I folketeljinga 1865 står det at spelemannen er ute på reise med familien. Dei leigde ut husveret til ein tjørebrennar og kona hans. 10 år seinare, i teljinga 1875, bur det fem vaksne menneske i den vesle stova på Felodden.[15]

Fattigdom og brennevin

Familien skal ha greidd å fø ei ku på fôr som var innhenta i ålmenninga. Det stemmer med jordbruksoppgåvene i folketeljinga 1875, og der framgår det at dei også har litt utsånad. Jakup blir der rubrisert som «Jorddyrker og Spillemand».

Plass-jorda kunne neppe aleine gje levebrød til ein familie. Ved sida av spelinga var Jakup ein hendig handverkar. Han dreiv litt som skreddar, og var mellom anna kjend for å gjera gode river, sleiver og andre mindre ting til jordbruk og husstell. Kona og ungane, etter som dei vart store nok til det,var heilt sikkert på forefallande arbeid på gardane, og venteleg må dette ha vore viktigaste livberginga. Fel-Jakup kunne tene gode pengar på speliinga si, men det meste skal ha gått fort ut att. Vitnemåla er mange og eintydige på at Fel-Jakup hadde vanskeleg for å styre alkoholbruken, og at dette var ei sterkt medverkande årsak til armoda familien levde i.

Det vart også brent brennevin ulovleg heime der. Jakup vart teken for dette og bøtelagd i 1861.[16]

Vi kjenner også eit anna tilfelle av at familien måtte stå til rette for øvrigheita. I 1864 vart det funne tjuvegods i Fel-Jakupstugu. Det var noko sild som ein gut i nabolaget vart dømd for å ha stole. Eine sonen til Jakup og Anne, Ola, vart klaga for medverknad, men vart frifunnen. Også han som vart dømd fekk etter måten mild straff, da retten var på det reine med at det var «stor fattigdom» som låg bak, i tillegg til eit visst «lettsinn».[17]

Spelmannsferdene og musikken

Fel-Jakup var ofte på reisefot over store delar av det nordlege Sør-Noreg for å låte og lære. Den viktigaste spelemannsferda hans var saman med ein eldre felespelar, Fant-Kal og hans følgje av reisande, det som Ivar Kleiven omtala som langfant-fylgje.[18] Det skal ha vore i åra 1843-1845, dvs. i åra mellom tilkomsten av fyrste og andre barnet han fekk med Anne, men dette er nokså usikkert. Reisene med Fant-Kal må ha vore mykje av ei læretid for Jakup. Læremeisteren er særleg kjend for dei mange valsane sine, ei nymotens danseart på bygdene på den tida, og som Jakup tok til seg.

Andre som går for å ha vore læremeistrar for Fel-Jakup er den allereie nemnde Syver Larsen (Gamel-Sjugurd). Ein annan var Ola Skaar frå Lalm (Skårin).

Også etter vandreåra med Fant-Kal-fylgjet var Jakup ofte på reise, aleine eller - etter folketeljinga 1865 å dømme - også med familien. Han skal mellom anna ha spela på Romsdalsmartnan i 13 år på rad. Det er kjent at han hadde kontakt med mange kjende spelemenn som Per M. Bolstad frå Stryn, Ola Kjellstad frå Sunnylven og Anders Reed i Breim. Han hadde også god kontakt med Anders Sørensen. O. Løkre minnest at han sjølv var til stades på ein konsert som Fel-Jakup og Sørensen helødt saman med på Romsdalsmartnan i 1870.[19] Attåt Sørensen var det visst ikkje så mange Fel-Jakup sette høgt som utøvande musikarar. I følgje Kleiven var det ikkje andre enn «postførar Li paa Dovre og urgenist Olsen paa Molde og sia einkvar faa her og der.» Erling og Jarnfrid Kjøk nemner Hans Slettmo frå Heidalen og ein spelemann frå Spakroen i Vågå som fann nåde for Fel-Jakups dom.[20]

Organist Olsen i Molde skal elles ha gjeve Jakup tilbod om musikkundervisning, men som det ikkje vart noko av.[21] Men det er ting som tyder på på at Fel-Jakup faktisk har fått litt formell skolering. Eit truverdig vitneprov om dette er O. Løkre ) som i boka si skriv om eit personleg minne: «Eingong e va hjå ’om på Feloydda, kom ’n fram mæ mange notehefte og synte me, og dein gongen fortalde ’n me at ’n ha havt upplæring i notespeling.» Ivar Kleiven fortel at Jakup fekk tilbod om tilsetjing i bymusikken både i Ålesund og Trondheim.[22] Det verserer fleire historier om at Jakup skal ha møtt Ole Bull. Mellom anna nemner O.Løkre dette, og han kan altså ha høyrt det av Fel-Jakup sjølv.[23] Innhaldet i historiene er omtrent det same, at Jakup fyrst baud Bull 10 daler for å få høyre meisterfiolinisten, men at det endte med at det vart Jakup som fekk betalinga. Men tid og stad for hendinga varierer i framstillingane.

Det er ingen tvil om at Fel-Jakup komponerte nye slåttar og modifiserte andre. Det er mange slåttar som i tradisjonen blir tilskrive Fel-Jakup, men det ligg i folkemusikkens natur at det vanskeleg let seg prove kven som var fyrste opphavet til eit bestemt stykke. Ole Mørk Sandvik konstaterer at Jakup må ha hatt et «uhyre lager» av alle slag slåttar, og han skriv vidare om dette:

«...den form han gav dem, må ha vært sterkt personlig. Han har nyttet mangt et gammelt motiv og utformet det efter sitt eget hode, så dets indre muligheter kom til sin rett. Og en rekke slåtter som har sitt ophav annensteds, har han gjort "gudbrandsdalske" eller skapt dem om til Jakup-slåtter. De trakter han besøkte, har til gjengjeld fått sine slåtteformer sterkt beriket ved hans repertoar og hans særlige spillemåte. Sannsynligvis lever der Jakup-slåtter i alle bygder fra Østerdal til Trondheim og Sunnmøre. Hvilke av de mange danser eller marsjer med navnet "Jakup Lom", som virkelig er komponert av ham, er efter dette umulig å si.» [24]

Omdømme og ettermæle

Frå Fel-Jakup-stemna ved Felodden i juli 1922, da minnesteinen over spelemannen vart reist. Foto: Pål Kluften.

Det går gjetord om kor etterspurd og omtykt Fel-Jakup var for spelet sitt i samtida. Men biletet av kva omdømme han hadde, har fleire sider, og kjeldegrunnlaget for slikt er som alltid problematisk.

Pietistar og puritanarar var forarga over levemåten og såg gjerne felemusikken og alt som følgde med som synd. Spelemannsyrket hadde neppe heller høg status i seg sjølv, iallfall ikkje i den solide bondestanden. O. Løkre skriv: «Spelmainn i slike lag va ikje mykje votta [respektert]. Dæ va hulde for at hain ha simplaste arbeidø nåyn kunde hå i samfunde.» På den andre sida er det fleire tilforlatelege beretningar om at Jakup var ein velsedd gjest i dei strengaste haugianarheimane i Skjåk - i Flekkøy, på Hyrve og på Sygard Ånstad.

Det er ikkje for mykje å seie at heimbygda i ettertid har æra Fel-Jakup stort. I 1922 vart det avduka ein bauta over han nær heimen hans, og det vart arrangert eit stort minnestemne. Diktaren Olav Aukrust var hovudtalar. I følgje avisreferatet meinte Aukrust at landet ikkje hadde hatt skikkeleg kunst på 700 år. Alt sidan har «kunsten vår bore merke etter påvirknad av utanlandsk roten rekarved». Men det ekte bygdenorske som Fel-Jakups kunst representerte, gav enda håp, i følgje diktaren.[25]

Feiringa av Fel-Jakup i heimbygda kjem i eit historisk-ironisk lys om vi festar oss ved O. Løkres skildring av bortgangen til denne spelemannen:

«Den 1. juli [1876] vart'n gravlagd på Nordbergskjyrkjegarde. Någre fåe meneskjå fylgde 'om åt siste kviloyn. - Likeså lite vørd som øn va da'n kom åt ver'n, like så opåakta reiste'n herifrå att.»

Musikkhistorisk konkluderer O.M.Sandvik som følgjer om Fel-Jakups kunst og betydning:

«Han var en dikter på fela, en kunstner med evne til at henrive i øieblikket som ingen anden; han satte tilhørernes fantasi i sving, så enhver bakefter refererte ut fra sine særlige forutsætninger - men alle i superlativer. Overalt hvor han færdes har han gjort det samme mægtige indtryk. Og så vidt jeg kan skjønne, kan ingen norsk bygdespiller måle sig med ham, når undtages "Møllarguten".»[26]

Kjelder og litteratur

  • Aksdal, Bjørn: Artikkel om «Jakup Lom» i NBL/Store norske leksikon, kfr. 3.11.2012
  • Bakke, Eilev O.: «Fel-Jakup» i Årbok for Gudbrandsdalen 1980.
  • Brustugun, T.: «Frå barndomen hans Fel-Japup» i i Årbok for Gudbrandsdalen 1966.
  • Hosar, H.P.: Skjåk bygdebok bd. 3. Historia 1798-1914. Skjåk kommune 1998.
  • Kjøk, Erling og Jarnfrid: Ei spelmannsoge. Spelmenn, spel og dans i Ottadalen, Otta 1995
  • Kleiven, Ivar: Lom og Skjåk. Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen, 1915 (opptrykk 1973)
  • Lindsheim, Per: «Fel-Jakup – meisterspelemannen som berre ”Myllarguten” kan måle seg med.» i Årbok for Gudbrandsdalen 1971.
  • Løkre, O.: Lurtonø frå fjeille. Kristiania 1921.
  • Sandvik, O.M.: Folkemusik i Gudbrandsdalen, 1919.
  • Sandvik, O.M: «Lom, Jakup» i NBL bd. VIII, Oslo 1938.

Referansar

  1. Dåpsinnførsla for Jakob Olsen i kyrkjeboka
  2. Dåpsinnførsla for Jakob Olsen i kyrkjeboka
  3. Folketeljinga 1801, Jenheim.
  4. Vigselsinnførsla i kyrkjebok for Lom 1828.
  5. Folketeljinga 1865 innførsla for Ola Larsen på Espedet
  6. Folketeljinga 1865, innførsel om Marit Jakobsdatter i
  7. Løkre, O. 1921 side 60.
  8. Vigselsinnførselen i kyrkjeboka for Lom
  9. Kleiven, I. 1915 side 337.
  10. Folketeljinga 1865 for Ulen
  11. Brustugun, T. 1966 side 158-159.
  12. Ættebok I side 53 spalte 2
  13. Folketeljinga 1865 for "Fiolodden"
  14. Kjøk, E. og Kjøk, J. 1995 side 172-173
  15. Folketeljinga 1875 for «Fiolodden»
  16. Hosar, H.P. 1998 side 181.
  17. Hosar, H.P. 1998 side 181.
  18. Kleiven, I. 1915 side 341-343
  19. Løkre, O. 1921 side 63.
  20. Kjøk, E. og Kjøk, J. 1995 side 170.
  21. Kleiven, I. 1915 side 346-347.
  22. Kleiven, I. 1915 side 347
  23. Løkre, O. 1921 side 61.
  24. Sandvik, O.M.
  25. Gudbrandsdølen 22. juli 1922.
  26. Sandvik, O.M. 1919, her sitert frå Løkre, O. 1922 side 65.