Fel-Jakup

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Fel-Jakup, eigentleg Jakob Olsen, (fødd i Skjåk den 2. februar 1821 død same stad den 27. juni 1876) var felespelar, vide kjend i samtid og ettertid. Han blir rekna som ein meisterspelemann som har øvd sterk innverknad på folkemusikken særleg i bygdene rundt Dovreplatået, dvs. i Nord-Gudbrandsdalen, Møre og Romsdal, delar av Sør-Trøndelag og i Nord-Østerdalen. Han var sterkt etterspurd som musikar ved bryllaup og andre festlege høve, på auksjonar og marknader, spesielt Romsdalsmartnan.

Om ein ser bort frå den unike musikkgivnaden og spelemannslivet, er Fel-Jakups bakgrunn, oppvekst og vaksenliv illustrerande for sosiale tilhøve, livsvilkår og levesett for bygdeproletariatet på hans trakter og på den tida. Jakup var fødd og oppvaksen under vanskelege tilhøve, og trass brukbare spelemannsinntekter levde han også heile sitt vaksne liv i tronge kår med familien som husmann i ålmenninga i Skjåk.

Mange namn

Fel-Jakup er kjend også under fleire andre tilnamn. Døypenamnet i kyrkjeboka er Jacob Olsen. [1] Fel-Jakup er det absolutt mest brukte namnet i heimbygda i ettertid, truleg også utbreidd i hans eiga tid. Skjåk tilhøyrde i hans oppvekst Lom prestegjeld. I andre bygder fekk han derfor namnet Jakob Lom eller Loms-Jakob. Ein eldre dialektvariant av det siste er Lø-Jakob (ein lø = ein lomver). På Vestlandet vart han gjerne kalla Døl-guten. Fel-guten festa seg ved han som ungdom i lokalmiljøet.

Fel-Styggen kunne han bli kalla av dei som hadde mindre til overs for han og felespelet. Det kan avspegle ein avstandmarkering til felespel og festliv frå eit ganske sterkt pietistisk miljø som fanst i Skjåk på den tida.

Etter at familien flytta til Felodden i Nordberg, vart Jakup naturleg nok stundom omtala som Jakup Felodden.

Foreldre og slektsbakgrunn - frå bygdeproletariatet

Jakup var fødd av ugifte foreldre. Faren Ola Hansen (fødd ca. 1798) var tenestekar på garden Tråstad. Mora, Marit Jakobsdotter (fødd ca. 1790), var tenestejente på Nedre Bruheim. [2] Ho vart kalla Sigrid-Marit etter si mor.

Faren gifta seg allereie året etter med ei anna kvinne, Marit Arnesdotter (fødd 1802). [3] Han var på det tidspunktet tenestekar på ein av Bøje-gardane. Om vi har lese rett, er brura oppført i kyrkjeboka som «Hmd. under Skrinde» dvs. husmann. Det må ha vore høgst uvanleg for ei ugift 20 år gammal jente. Husbondsgarden Skrinde ligg like i nærleiken av garden der Ola tente. Sidan slo dei to seg ned på plassen Ulen under Marlo. Vi finn Marit Arnesdotter som enkje og føderådskone i Ulen hjå sonen og hans familie i folketeljinga 1865.Siteringsfeil: Ugyldig <ref>-kode; referanser uten navn må ha innhold Faren og stemora til Jakup fekk i alt åtte born saman, som altså vart halvsyskena til Fel-Jakup. Ein av gutane, Hans (i ætteboka omtala som Hans Henrikstugun, fødd 1825), vart far til den seinare lensmann og stortingsmann Johannes Kummeneje.

Mor til Fel-Jakup gifta seg i 1828 med Ola Larsen (fødd ca. 1782) [4] Ho er ved vigselsinnførsla kalla Marit Jakobsdatter Lien. «Lien» kan ha vore ein av husmannsplassane Harsheimlia eller Flåtålia. Ole var innflyttar frå Jostedalen. som i følgje kyrkjeboka «opholder sig på Dasgaardsødegaard». I folketeljinga 1865 er føderådsmann på sjølveigarbruket bruket Espedet på Dagsgardsøygarden. Han er da markert som gift (ikkje enkjemann), men kona Marit er ikkje registrert i teljinga der. Ei Marit Jacobsdatter i passande alder er derimot oppført som inderst og alminneleg arbeidar på Skamsar, ein gard som ligg i same grenda som Bruheim, Harsheimlia og Flåtålia. [5] Ho er markert som fråskild i teljinga. Om ho er identisk med Sigrid-Marit mor til Fel-Jakup, kan det kaste eit visst ljos over xxx ublide omtale av henne:xxx. Dette står i rak mosetnad til ei anna omtale av same kvinne: xxx

Oppvekst. Legdguten

Ekteskap og husmannstilvere på Felodden

Spelferdene og musikken

Kjelder og litteratur

Referansar