Ferkingstad gamle kyrkjegard: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 3: Linje 3:

runde kyrkjegardar var vanlege i Irland før den engelske invasjonen på 1100-talet. Ein har derfor sett på runde kyrkjegardar i Noreg som mogeleg påverknad frå keltisk kristendom i den tidlege kristne fasen her til lands.Ei nyare gransiking har vist at det truleg fanst fleire runde kyrkjegardar kring i landet enn vi hittil har trudd, noko som også har ført til at ein stiller spørsmål om denne kyrkjegardsforma har med irske impulsar å gjera.

Kyrkjerekneskapa viser at Ferkingstad kyrkje gradvis blei fornya frå 1632 og ca. 20 år framover. Folkeveksten på 1800-talet førte til at kyrkja blei for lita. Den nye kyrkja for Ferkingstad sokn blei reist på garden Kvilhaug lengre sør. På Ferkingstad gamle kyrkjegard kan vi framleis sjå forhøgingar etter graver og kyrkjetufta. Ein bautastein står på sørlege del av kyrkjegarden.

Sideversjonen fra 2. jun. 2008 kl. 11:32

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Ferkingstad gamle kyrkjegard ligg på garden Ferkingstad på Karmøy, nokre hundre meter opp frå Ferkingstadhamn. Kyrkja på Ferkingstad er ikkje omtalt i noko bevart dokument frå mellomalderen, men når det finst nemnt prest og kyrkje her i 1563, kan vi trygt gå ut frå at kyrkja skriv seg frå før 1350 (folketapet som følgje av svartedauden og seinare pestepidemiar medførte at kyrkjebygginga stoppa så godt som heilt opp etter 1350). Kyrkjegardsmuren på Ferkingstad var opphavleg om lag rund med ein diameter på kring 45 meter. Han er 1-1,5 meter høg og kring 1 meter brei. Utvidinga har gitt muren rette vinklar i vest. Det er ingenting i terrenget som tilseier at kyrkjegarden burde vera sirkelforma. Å bruka rund form må derfor ha vore eit val ein tok uavhengig av landskapet.