Ferkingstad gamle kyrkjegard: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''Ferkingstad gamle kyrkjegard''' ligg på garden [[Ferkingstad]] på [[Karmøy]], nokre hundre meter opp frå Ferkingstadhamn. Kyrkja på Ferkingstad er ikkje omtalt i noko bevart dokument frå mellomalderen, men når det finst nemnt prest og kyrkje her i [[1563]], kan vi trygt gå ut frå at kyrkja skriv seg frå før 1350 (folketapet som følgje av [[svartedauden]] og seinare [[pest]]epidemiar medførte at kyrkjebygginga stoppa så godt som heilt opp etter 1350). Kyrkjegardsmuren på Ferkingstad var opphavleg om lag rund med ein diameter på kring 45 meter. Han er 1-1,5 meter høg og kring 1 meter brei. Utvidingar har gitt muren rette vinklar i vest. Det er ingenting i terrenget som tilseier at kyrkjegarden burde vera sirkelforma. Å bruka rund form må derfor ha vore eit val ein tok uavhengig av landskapet.
'''Ferkingstad gamle kyrkjegard''' ligg på garden [[Ferkingstad]] på [[Karmøy]], nokre hundre meter opp frå Ferkingstadhamn. Kyrkja på Ferkingstad er ikkje omtalt i noko bevart dokument frå mellomalderen, men når det finst nemnt prest og kyrkje her i [[1563]], kan vi trygt gå ut frå at kyrkja skriv seg frå før 1350 (folketapet som følgje av [[svartedauden]] og seinare [[pest]]epidemiar medførte at kyrkjebygginga stoppa så godt som heilt opp etter 1350). Kyrkjegardsmuren på Ferkingstad var opphavleg om lag rund med ein diameter på kring 45 meter. Han er 1-1,5 meter høg og ca. 1 meter brei. Utvidingar har gitt muren rette vinklar i vest. Det er ingenting i terrenget som tilseier at kyrkjegarden burde vera sirkelforma. Å bruka rund form må derfor ha vore eit val ein tok uavhengig av landskapet.


Runde kyrkjegardar var vanlege i Irland før den engelske invasjonen på 1100-talet. Ein har ut frå dette sett på runde [[kyrkjegardar]] i Noreg som mogeleg påverknad frå keltisk kristendom i den tidlege kristne fasen her til lands. Ei nyare gransiking har vist at det truleg fanst fleire runde kyrkjegardar kring i Noreg enn vi hittil har trudd, noko som også har ført til at ein kan stilla spørsmål ved om denne kyrkjegardsforma har med irske impulsar å gjera.
Runde kyrkjegardar var vanlege i Irland før den engelske invasjonen på 1100-talet. Ein har ut frå dette sett på runde [[kyrkjegardar]] i Noreg som mogeleg påverknad frå keltisk kristendom i den tidlege kristne fasen her til lands. Ei nyare gransiking har vist at det truleg fanst fleire runde kyrkjegardar kring i Noreg enn vi hittil har trudd, noko som også har ført til at ein kan stilla spørsmål ved om denne kyrkjegardsforma har med irske impulsar å gjera.


Kyrkjerekneskapa viser at Ferkingstad kyrkje gradvis blei fornya frå 1632. Hovudinnsatsen kom i 1633 og 1634, men arbeidet ser ikkje ut til å ha vore heilt ferdig før i 1650-åra. Folkeveksten på 1800-talet førte til at kyrkja blei for lita. Den nye kyrkja for Ferkingstad sokn blei reist på garden [[Kvilhaug]] lengre sør. På Ferkingstad gamle kyrkjegard kan vi framleis sjå forhøgingar etter graver og kyrkjetufta. Ein [[bautastein]] står på sørlege del av kyrkjegarden.
Kyrkjerekneskapa viser at Ferkingstad kyrkje gradvis blei fornya frå 1632. Hovudinnsatsen kom i 1633 og 1634, men arbeidet ser ikkje ut til å ha vore heilt ferdig før i 1650-åra. Folkeveksten på 1800-talet førte til at kyrkja vart for lita. Den nye kyrkja for Ferkingstad sokn blei reist på garden [[Kvilhaug]] lengre sør. På Ferkingstad gamle kyrkjegard kan vi framleis sjå forhøgingar etter graver og kyrkjetufta. Ein [[bautastein]] står på sørlege del av kyrkjegarden.


==Litteratur==
==Litteratur==