Florø krins: Forskjell mellom sideversjoner
mIngen redigeringsforklaring |
|||
Linje 25: | Linje 25: | ||
== Lærarar == | == Lærarar == | ||
{| class="wikitable sortable" | |||
|- | |||
! Etternamn!! Fornamn!! Føydd!! Skule!! Tilsett år!! Slutta år !! Utdanning frå !!Merknad | |||
|- | |||
| Tokhil || Løland || 1858 || Florø || 1890 || || || Flytta til Bergen folkeskole 1892 | |||
|- | |||
| Jon || Sørensen || 1868 || Florø || 1892 || || || | |||
|- | |||
| Anders S. || Dale || 1850 || Florø || 1886 || || || | |||
|- | |||
| Elisa || Fischer || 1842 || Florø || 1874 || || Privatundervisning || | |||
|- | |||
| Andreas K. || Elleraas || 1868 || Florø || 1896 || || Seminar Klæbo middelskole || | |||
|- | |||
| Elias M. || Hole || 1854 || Florø || 1900 ||[[Stord lærerskole]] || || | |||
|- | |||
| Anna D. || Ugletvedt || 1876 || Florø || 1898 || Seminar Bergen middelskole|| || | |||
|- | |||
|} | |||
==Foto== | ==Foto== |
Sideversjonen fra 19. mai 2016 kl. 12:25
Florø krins var einaste skulen i Florø ladested. Skulen har hatt tre skulebygg, der det tredje skulehuset, bygd 1934, er framleis i bruk i dag.
Florø ladested bestod av innmarka til dei to gardane Øvre Florø (prestegarden) og Nedre Florø. Byområdet strakte seg frå Gaddevågen i aust til kring 40 meter forbi moloen som i si tid vart bygd mellom Fugleskjera og fastlandet. Området hadde ei lengd på kring 1,5 km og utgjorde 720 mål. Skulekrinsen favna om same område.
Første skulehuset vart bygd midt i krinsen i 1866 og står framleis i dag, Malkeneshuset. Etter kvart vart det første skulehuset for lite og eit nytt skulehus med to etasjar vart sett opp like ved det gamle skulehuset i 1890 (der sjukehuset står i dag). 3. desember 1918 tok det til å brenne i skulehuset i skuletida, det var med nød og neppe at elevar og lærarar redda seg ut i tide. Kommunen tok opp lån og byrja arbeidet med å setje opp ein ny skule på branntomta. Kostnadane vart for høge og dei kom aldri lenger enn grunnmuren. Florø fekk ikkje nytt skulehus før i 1934. I mellomtida måtte skulen ut på leige. Det vart innreidd fire klasserom i rådhuset, men i 1922 braut det også ut brann der. Vidare vart det leigd skulerom i fleire hus, blant anna den gamle tingstova, losjelokalet Breidablikk og Bedehuset i Markegata.
Skuleveg
Florø skulekrins favna om same området som Florø ladested. Alle tre skulehusa vart plassert i same område, omtrent midt i krinsen. Dette gav korte skulevegar på under 1 km for skulelevane i krinsen.
Skulehus
Malkeneshuset
- Byggeår: 1866
- Fungerte som skule: 1866-1890
- Anna bruksområde: Har vore i privat eige i Malkenes-slekta sidan 1890.
Florø folkeskole (skulen som brann)
- Byggeår: 1890
- Fungerte som skule: 1890-1918
- Anna bruksområde: Skulehuset brann ned 13. desember 1918
Florø folkeskole
- Byggeår: 1934
- Fungerte som skule: 1934 -
- Anna bruksområde: Fungerer framleis som skule.
Lærarar
Etternamn | Fornamn | Føydd | Skule | Tilsett år | Slutta år | Utdanning frå | Merknad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Tokhil | Løland | 1858 | Florø | 1890 | Flytta til Bergen folkeskole 1892 | ||
Jon | Sørensen | 1868 | Florø | 1892 | |||
Anders S. | Dale | 1850 | Florø | 1886 | |||
Elisa | Fischer | 1842 | Florø | 1874 | Privatundervisning | ||
Andreas K. | Elleraas | 1868 | Florø | 1896 | Seminar Klæbo middelskole | ||
Elias M. | Hole | 1854 | Florø | 1900 | Stord lærerskole | ||
Anna D. | Ugletvedt | 1876 | Florø | 1898 | Seminar Bergen middelskole |
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Lothe, Anders A. (1971) Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år 1762-1860. Flora sogenemnd.
- Stavang, Harald J. (1999) Flora, kulturhistorisk vegvisar.