Forside:Arkivvesen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
 
(4 mellomliggende revisjoner av samme bruker vises ikke)
Linje 1: Linje 1:
{{Emnemal|Flertall(er/ar)=ar}}
{{Emnemal|Flertall(er/ar)=ar|kategori=**Arkivvesen}}

Nåværende revisjon fra 17. aug. 2015 kl. 08:14

Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Sydamer i Ålesund.
Foto: Stiftinga Sunnmøre Museum
NEG 128 Syersker er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1979 med tittel Syersker. Utsendar var Grete Swensen.   Les mer …

Kinamisjonsskolen på Sinsen
Foto: Narve Skarpmoen
NEG 99 Praktisk misjonsarbeid - tilleggsliste er eit tillegg til spørjelista NEG 90 Praktisk misjonsarbeid sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1963 med tittel Praktisk misjonsarbeid. Etter at det kom svar inn til NEG 90 Praktisk misjonsarbeid, kom det fram informasjon som krav nye spørsmål. Resultatet vart å sende ut NEG 99 Praktisk misjonsarbeid - tilleggsliste. Utsendar var Andreas Ropeid.   Les mer …

Tillaging av mat til gjestebud. Frå høgre: Reiedeie Anne Olsdotter Reinton, kjellarmann Ola Sjugurdsson Teigestugun og Birgit Fløto. Teigestugun legg brødskiver på stettefat. Bak glasstettefatet med kaker, skimtar vi rømmebrødet.
Foto: Olav S. Reinton, 1908
NEG 181 Borddekking er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1999 med tittel Borddekking. Utsendarar var Anne Moestue og Ann Helene Bolstad Skjelbred.   Les mer …

Katt som spiser abbor fanget i Mjøsa.
Foto: Gry Thorleifsen
(2007)
NEG 243 Katter er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2012 med tittel Katter. Utsendar var Ellen Matre i samband med mastergradsprosjektet hennar i kulturhistorie ved Universitetet i Oslo.   Les mer …

Tillaging av mat til gjestebud. Frå høgre: Reiedeie Anne Olsdotter Reinton, kjellarmann Ola Sjugurdsson Teigestugun og Birgit Fløto. Teigestugun legg brødskiver på stettefat. Bak glasstettefatet med kaker, skimtar vi rømmebrødet.
Foto: Olav S. Reinton, 1908
NEG 151A Tradisjoner er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1989 med tittel Tradisjoner. Utsendarar var Göran Rosander og Anne Moestue. Denne spørjelista er sendt ut saman med NEG 151B Tradisjoner (kortversjon) og NEG 151C Tradisjoner (til barn og ungdom).   Les mer …

Interiør frå Alf Jacobsens Boktrykkeri.

Alf Jacobsens Boktrykkeri blei starta i 1939. Trykkeriet låg i Storgaten i Brevik i noverande Porsgrunn kommune. Mottoet til verksemda var "Bedre trykksaker".Alf Jacobsen overtok boktrykkeriet i 1939 frå Carsten Albretsen og Alv Kristiansen som hadde drive Albretsens trykkeri frå 1926. Før dette hadde Bratsberg Blad hatt tilhaldsstad i lokala, med A. Naper som boktrykkar. A. Napers trykkeri hadde frå byrjinga heldt til på Øvre Torv. Frå 1929 dreiv Albretsen trykkeriet alene, og i 1934 flytta han trykkeriet til sidefløyen for H. M. Albretsen i Storgaten i Brevik. Fem år seinare overtok Alf Jacobsen trykkeriet.

Jacobsen var utlært i Brevik, og hadde teke svennebrev i 1931. Han løyste handverksborgarskap i 1934. Utdanning hadde han frå teknisk aftenskule, kurs ved teknologisk institutt, forutan vanleg middelskuleutdanning. I 1938 fekk han stipend til studieopphald i Stockholm.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar