Forside:Arkivvesen: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
 
(3 mellomliggende revisjoner av samme bruker vises ikke)
Linje 1: Linje 1:
{{Emnemal|Flertall(er/ar)=ar|kategorier=**Arkivvesen}}
{{Emnemal|Flertall(er/ar)=ar|kategori=**Arkivvesen}}

Nåværende revisjon fra 17. aug. 2015 kl. 08:14

Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Begravelsen til Kristoffer Nilsen Langsjøvoll, Tolga 1925.
NEG 240 Død og gravferd er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2012 med tittel Død og gravferd. Utsendar var Audun Kjus. Denne spørjelista har samanheng med NEG 64 Død og begravelse frå 1957.   Les mer …

Byste av Henrik Ibsen, utført av Jo Visdal (1903), som i dag står utenfor Ibsenhuset i Skien.
Foto: Elin Olsen
(2018)
NEG 210 Henrik Ibsen 2006 er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2006 med tittel Henrik Ibsen 2006. Utsendar var Ibsenmuseet (Oslo).   Les mer …

Knut O. Hoslemo (1889-1929) gjer oppskrift etter Svein K. Hovden. Biletet er teke i 1922 i stoga i Hovden Der nede. Frå Åshild Hoslemo via Setesdalsmuseet. Trykt i Heimar og folk i Bykle (2006) b I s 170.
NEG 151B Tradisjoner (kortversjon) er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1989 med tittel Tradisjoner. Utsendarar var Göran Rosander og Anne Moestue.   Les mer …

Familien Austbø samla heime på eigedomen «Heim» i Skotselv. Foran Haldis, mor Lina Austbø, Åsta, far Johan Austbø og Sigrid. Bak Magne, Haakon, og Dagny.
Foto: Skotselv før i tida 2000, ukjend fotograf
NEG 72 Mors- og farsdagen er eit tillegg til spørsmål nr. 71-75 i spørjeliste NEG 39 Høgtidsmat – familiefestar sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1959 med tittel Mors- og farsdagen. Etter nokre år vart det naudsynt å stille fleire spørsmål som ikkje vart fanga opp i NEG 39. Resultatet vart NEG 72. I 1966 sendte dei også ut NEG 112 Mors- og farsdag i 1966 for å kartlegge korleis markeringane hadde endra seg. Utsendar var Lily Weiser-Aall.   Les mer …

Blandaball med koka potet, kålrabi og gulrøter og med flatbrød og vatn til.
Foto: Olve Utne.
NEG 24 Måltider og mat er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1950 med tittel Måltider og mat. Utsendar var Lily Weiser-Aall.   Les mer …

Trefat med poteter.
Foto: Anne Brit Flatin Borgen
(2008)
NEG 25 Ymse matsortar og matlaging er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1950 med tittel Ymse matsortar og matlaging. Utsendar var Lily Weiser-Aall.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar