Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. aug. 2015 kl. 08:14 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Avhåring på skavebom, Garvarbuda på Nedre Rotset, Volda.
Foto: Heidi Thöni Sletten
(2007)
NEG 135 Garveren og garverhåndverket er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1981 med tittel Garveren og garverhåndverket. Utsendarar var Marit Holme Mehlum, Andreas Ropeid. Denne spørjelista er sendt ut i samhang med NEG 134 Garverhåndverket frå same året.   Les mer …

Potetkaker.
Foto: Gunnar E. Kristiansen
(2009)
NEG 123 Bruk av poteter i dag er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1976 med tittel Bruk av poteter i dag. Utsendar var Grete Refsum.   Les mer …

Grensestein sør for Gopledalsbukta i Hedrum, Larvik.
Foto: Arnstein Rønning
NEG 48 Grenser og grensemerke er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1955 med tittel Grenser og grensemerke mellom eigedomar. Utsendar var Knut Robberstad.   Les mer …

Brødbaking i gammel bakerovn på Øvre Askestad i Røyken. Ragnhild Askestad grisler brød.
Foto: Askestad / Registrert av OSØ 27-03-1998. Røyken historielags samling fra 1998-2001.
NEG 4 Baking er ei av spørjelistene til Norsk etnologisk gransking. Den vart sendt ut i 1947 med tittel Baking. Utsendar var Rigmor Frimannslund.   Les mer …

Nikolai Astrup: «Natlys, Rabarbra, gaås og hægg.»
Foto: Wikimedia Commons
NEG 168B Hage og hagestell (kortversjon) er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1994 med tittel Hagens kulturhistorie. Utsendarar var Anne Moestue og Göran Rosander.   Les mer …

Lily Weiser-Aall.
Foto: Ukjent/Norsk Folkemuseum.

Elisabeth (Lily) Weiser-Aall (fødd 18. desember 1898 i Wien, daud 26. februar 1987 i Oslo) var ein austerrisk-norsk folklorist og etnolog. Ho vert ofte skildra som ein av dei framste etnologane i si tid, og var ei føregangskvinne for forsking på dei etnologiske og folkloristiske felta.Lily tok dei fyrste tre åra av folkeskulen heime og det 4. året ved privatskula Brabbé i Wien. I 1909 tok ho til studia ved gymnaset Foreldreforeiningas privatmiddelskule i Wien, men heldt fram ved Mädchenobergymnasium des Vereines für erweiterte Frauenbildung frå 3. klasse av. Den 7. juli 1917 avla ho eksamen arium med utmerkelse.

I oktober 1917 byrja Lily ved det filosofiske fakultetet ved universitetet i Wien, der ho studerte både tysk litteraturhistorie og filosofi. Etterkvart tok ho også til å studere både norrønt og kunnskap om den germanske oldtiden. Medan Lily gjekk i skulen lærte ho seg fransk språk, men på universitet lærte ho seg også engelsk, og etter eit opphold i Sverige sommaren 1920, også svensk. Til same tid byrja ho å studere folkloristikk/etnologi og mytologi. Då skreiv ho dissertasjonen sin om historia til juleskikkene.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar