Forside:Gamlebyen i Fredrikstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Portal fokus

Militærhistorie
Livet i byen
Bygningshistorie
 
Aksjebrev i Norges Bank 1819, utferda til handelshuset Konow & Co. i Bergen. Firmaet åtte venteleg mange fleire aksjar der. Dei er noterte for eit innskot på 10.000 spd. i sølvskattelista for Bergen, rode 4 nr. 82.

«Sølvskatten 1816» er den vanlege nemninga for tvungne innskot som vart utlikna på landets formuer til eit grunnfond for den nyskipa Norges Bank. Det var trass namnet altså ikkje ein skatt. Innskota skulle gjerast i sølv eller gull, utmynta eller ikkje. Frå fyrst av var håpet at det skulle greie seg med frivillig teikning, men det måtte raskt gjevast opp. Inndrivinga var heimla i lov av 14. juni 1816 (stortingsvedtak 20. mai). På same dag (14. juni, stortingsvedtak 14. mai) kom også ei lov om ein ekstraordinær formues- og næringsskatt med same utlikningsgrunnlaget som bankinnskota. Nemninga «sølvskatt» som festa seg ved det tvungne grunnfondinndrivinga, har truleg bakgrunn i at ein ikkje har skilt klårt mellom dei to nært sambundne pålegga.

Båe delar var i alle høve lekkar i det komplekset av tiltak som Stortinget meinte måtte til for å få reetablert eit stabilt finans- og pengevesen etter 1814. Sølvskatten og formuesskatten var forutsette i lova om pengevesenet som kom på same dato (14. juni, stortingsvedtak 9. april), og som mellom anna oppretta Norges Bank.

Ordninga av pengevesenet var politisk komplisert og skapte sterke kontroversar. Sølvskatten og formuesskatten var hovudårsaka til bondeaksjonane på Austlandet i 1818 under leiing av Halvor Hoel.   Les mer…
 
Karstein Oddmund Vik med studentlue.
Foto: Ukjent
Karstein Oddmund Vik (fødd 24. oktober 1919, død 26. desember 2003) var ein arkitekt og oppdrettspioner frå Sykkylven. Etter framhaldsskule og middelskule på Sjøholt og i Volda byrja han på toårig gymnas på Nordfjordeid. Han bestemte seg tidleg for at han ville bli arkitekt, sjølv om det var få som den gongen visste kva ein arkitekt var. Det var smått med midlar i heimen, men foreldra, Klaus og Anna Vik, hjelpte til som best dei kunne. Med lån og eige inntektsbringande arbeid gjennomførte han arkitektstudiet ved Norges Tekniske Høgskole i Trondheim. I 1942 tok han eit opphald i studiet og reiste tilbake til Sykkylven. Her kom han i gang med ein armaturfabrikk, INO, saman med slektningen Haldor Vik. I 1943 vart han gift med Borgny Liv Digernes frå Ørsta. Med dottera Anita, som vart fødd i 1945, reiste dei til Trondheim i 1947 så han kunne fullføre arkitektutdanninga. Møbelprodusenten Jens E. Ekornes i Sykkylven gav han i oppdrag å teikne fabrikk på Ikornnes, og med dette arbeidet og nokre andre mindre jobbar finansierte han siste del av studiet.   Les mer…
 
Elevane og lærarane ved lærarskulen på det tredje kullet 1866-67.
Balestrand lærerskole (Balestrands lærerskole) i Sogn og Fjordane var i drift frå 1863 til 1880. I alt tok 236 elevar eksamen ved skulen, som til liks med Sogndal folkehøgskule sameina pietisme og målsak.Det var truleg den verksame soknepresten Harald Ulrik Sverdrup som sytte for at skulen i Nordre Bergenhus amt vart lagt til Balestrand. Han skreiv i mars 1862 til skuledirektøren i Bergen og la fram ein plan for ein lærarskule med 24 elevar. Lærarskulane skulle stå under oppsyn av presten, prosten og stiftsdireksjonen. Balestrand kommune skulle halde hus for skulen.   Les mer…
 
Deltakerne i Opplandsmesterskapet i 1934, på en av banene på Gjøvik idrettsplass.
Gjøvik tennisklubb (Gjøvik TK) ble stiftet 8. juni 1905. Klubben hadde opprinnelig navnet Gjøvik Lawn Tennisklubb. Stifterne var Anders Furu, Marie Topp, Louise Skonnord, O.N. Paulsen og Marcus Topp. Disse fem utgjorde også klubbens første styre. Selv om Gjøvik tennisklubb først ble stiftet i 1905, virker det som om sporten hadde fått et visst innpass i byen allerede på slutten av 1800-tallet. Det knytter seg en god del usikkerhet til den tidligste fasen, men det framstår som om tennisen ble introdusert i byen av en gruppe engelske spesialhåndverkere ansatt ved Mustad-fabrikken. I forbindelse med Mustads satsing på produksjon av nål og fiskekroker for det nasjonale og internasjonale markedet importerte bedriften i 1880- og 90-åra en rekke engelske fagspesialister. De tok blant annet med seg kunnskap om binding av fiskefluer, som ble introdusert på det norske marked i 1889. Videre satte engelskmennene i gang produksjon av synåler på begynnelsen av 1890-åra. De fleste engelskmennene forlot byen etter noen få års opphold.   Les mer…
 
Per Vigstad, truleg ved hytta til A.I. Odden i Skjåk. Fotograf ukjent.
Per Vigstad (fødd i Skjåk 9. oktober 1867, død i Oslo 6. januar 1959) var skulemann, jurist og embetsmann. Han var tilsett i Kyrkje- og undervisningsdepartementet frå 1902 til han vart pensjonist i 1938. Som ekspedisjonssjef ved departementets avdeling for folkeskulevesenet frå 1919 stod han sentralt i arbeidet med å realisere einskapsskulen. Vigstad var oppvaksen i yttarste fattigdom. Som elleveåring flytta han heimefrå for å vere gjetargut på Vestlandet. Såleis visste han godt frå eiga livserfaring kor viktig det var å skape utvegar til fullverdig utdanning for alle og einkvar med evner og vilje til det.Foreldra var Anne Persdotter frå Larskvea under Nord i Lund i Skjåk (1830-1927) og Sylfest Syversen frå Blikka under Bakke i same bygda (1830-1887). Per var den femte av i alt sju sysken (eit av borna døydde som spebarn). Dei tre fyrste var fødde før foreldra gifta seg. Da den fjerde vart døypt 23. juni 1861, var foreldra nyleg blitt gift og budde på plassen Kvernroa under Holmork.   Les mer…
 
Biskop Johan Nicolai Støren ledet stiftsmøtet i Bodø våren 1923.
Foto: Ukjent
Stiftsmøte for Haalogaland bispedømme i 1923 ble initiert med en målsetting om å få gjennomdrøftet Normalplanen for landsfolkeskolen av 1922, som så å si hadde vært i bevegelse fra 1889. Veien fram hadde vært lang og spekket med dramatikk. Nasjonsbyggere, konservative og revolusjonære kom tidvis både i et fruktbart og idemessig samvirke, men prosessen var nok mest preget av kampen om samfunnsmakten og den idemessige utforming av grunnskolen. Da normalplanen var vedtatt ble det debatt – en debatt som i stor grad ble styrt av kirkas folk. Det som ble hovedsaken nå var planens forslag om å senke timetallet i kristendomsfaget.   Les mer…
Første kvartalAndre kvartalTredje kvartalFjerde kvartalFemte kvartalSjette kvartalSyvende kvartalÅttende kvartalNiende kvartalTiende kvartalEllevte kvartalTolvte kvartalTrettende kvartalFjortende kvartalFemtende kvartalArtillerigården i FredrikstadØstre Fredrikstad kirkeLaboratoriet i FredrikstadSlaveriet i FredrikstadPrins Christians bastionPrinsesse Charlottes bastionPrins Fredriks bastionPrins Georgs bastionArtillerismienGyldenløves bastion
Tegner: Finn Bjørklid

Kategorier for Fredrikstad kommune

Underprosjekt
Dette underprosjektet omhandler Gamlebyen i Fredrikstad i sin helhet. Dette inkluderer byen og dens borgere, hus, kvartaler, bedrifter, skip og så videre. På denne siden ligger lenker til maler, andre brukere med samme interesse, oppgaver som må utføres, artikler som kan skrives osv.

Noen flere artikler om kvartalene: