Hornnes jernbanebru Foto: Geir Daasvatn Hornnes jernbanebru er ei bru over Otra rett før elva renn ut i Breiflå i Evje og Hornnes kommune lengst sør i Setesdal. Brua vart bygd i 1895-1896 før opninga av Setesdalsbanen i 1896. Ho er 140 meter lang og oppført i stålkonstruksjon som kviler på seks brukar av lokal gneis. Steinen er fint tilhoggen av tilreisande rallarar, etter det som vert sagt mykje svenskar. Ein steinhoggar Johanson, som også vart kalla Bergman, skal ha leia arbeidet.
Setesdalsbanen blei lagt ned i 1962. Brua blei i 1969 bygd om til gang- og sykkelbru mellom Hornnes og Evjemoen/Bjoråvika. Ombygginga vart gjort av eit britisk ingeniørkompani som var på vitjing på Evjemoen, 29th Field Squadron RE.
I samband med hundreårsjubilèet for Setesdalsbanen i 1996 byrja Evje og Hornnes kommune å planlegge naudsynt restaurering av brua. Eit storstilt restaureringsarbeid blei utført i 1999. Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen, fylkeskommunen, det britiske ingeniørkompaniet frå 1969 (som også nå gjorde arbeidet) og private bedrifter.
Brua er eit mykje vakkert syn. I kulturminneåret 1997 blei ho vald ut til å vere kommunen sitt spesielle kulturminne. Ho er også verna i Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen, og i planen gitt spesiell høg verneverdi. Les mer …
Byklestigen i 1974, før restaureringa. Foto: Reidar Tveito
Byklestigen er ein del av den gamle vegen mellom Valle og Bykle i Setesdal. Det er eit farleg parti av vegen, som no er erstatta av riksveg 9 som går i tunnel her.
Ein veit ikkje når vegen fyrst vart opparbeida, men han byrja som ein bratt stig og er nemnt i 1780. Det vart sett opp rekkverk på begge sider av kleiva. Ein kunne ikkje ri opp stigen, og ein kunne heller ikkje ha kløv på hesten om ein var åleine. På vinteren var det særs farleg å nytte vegen, for vatn frå fjellet fraus til is. Fram til omkring 1770 var det få som torde å ta seg fram med hest her.
I 1997 vart stigen vald til Bykle kommune sitt kulturminne i kulturminneåret. Les mer …
Sørenden av Skåpårtjønne i juni 2010.
Skåpårtjønne er namnet på ei lita tjørn som ligg ved den såkalla «gamle kongevegen», mellom Mosenden og Lesjaverk i Lesja. Ifølgje Gerhard Schøning bør tjørna «regnes blant de fornemste Naturens Mærkværdigheder, som Lesje Bygd kan opviise».
Skåpårtjønne er omtalt i to skildringar frå 1700-talet, av jernverkseigaren Hans Holmboe (1755) og altså rektor ved Trondheim katedralskole Gerhard Schøning (1775). Den sistnemnte er mest detaljert. Grunnen til at dei to festa seg særskilt ved tjørna, er ein spesiell eigenskap ved ho som bygdefolket var oppteke av: når verlaget i området er kaldt og fuktig, forsvinn vatnet nesten heilt. Bekkene i området kan ha rikeleg vatn, men tjørna har berre ein liten dam på djupaste delen. Les mer …
|