Forside:Kulturminneregistrering i Volda

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. jan. 2018 kl. 13:47 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{emnemal|Flertall(er/ar)=ar}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Kulturminneregistrering i Volda
Kulturminneregistrering i Volda er eit prosjekt som kom i gang i samband med arbeidet med kulturminneplan for Volda kommune, som starta opp våren 2017. Her tek ein sikte på å samle informasjon om så mange kulturminne som muleg innafor kommunegrensene, og mange både tidlegare artiklar og nyskrivne vil etter kvart bli kopla til prosjektet.   Les mer ...
 
Smakebitar
Oversyn over Berkneset. I venstre bildekant ser vi Yksnøya
Foto: Arnfinn Kjelland
(2009)
Hærkystbatteriet på Berkneset i Volda vart bygd opp av dei tyske okkupasjonsstyrkane på Berkneset i Volda i løpet av 1942. Batteriet var operativt i desember det året, som ein del av Festung Norwegen. Nemninga er etter den tyske terminologien; det var den tyske hæren, Hærkystregiment 976, som hadde ansvaret for fortet. Dette regimentet hadde i alt 11 slike fort eller batteri på Sunnmøre, og Berkneset hadde nemninga HKB 35/976. Alt sommaren 1940 sendte tyskarane ein styrke på 10 soldatar til Yksnøya utanfor Berkneset der dei først planla utbygginga. Innbyggjarane fekk beskjed om at dei måtte vere budd på å flytte frå øya. Men da tyskarane fann ut at det var dårleg vassforsyning der, vart planane skrinlagde.   Les mer …

Holsvik notlag med Storenota, Follabugen ca. 1910

Notaseta eller notakasta var noko som notbasane på landnot måtte kunne elles så vart det unødig mykje reparasjonar av nøtene. Stein, trerøter og anna rusk på botnen vart kalla «hengje». Notakarane visste om hengja var lette eller vanskelege å hanskast med. Kor rein ein kan rekne sjøbotnen heng saman med kor djup nota er.

Desse landnotseta er kjende i Austefjordområdet og brukte av dei lokale notlaga og tilreisande notlag.

Det er rimeleg å tru at landnota vart sett slik at «dråttane» (nota sine lange endetau) nådde i land når fisken var lageleg til på ein av kasteplassane. Det var ikkje alltid tilfelle. Det vart av og til kasta «mi-fjårs»   Les mer …

Venstre del av antependiet i Volda kyrkje
Foto: Fredd Brekke/Volda Husflidslag 100 år
Kunstvevaren Birte Oline Flote (1866 – 1952) voks opp på garden Flote i Folkestadbygd i Volda kommune. Ho viste tidleg interesse for veving og alt som knytte seg til dette. Gjennom skolering og eige arbeid utvikla ho seg til ein kunstvevar på høgt nivå. Ho kom til å bety mykje for husflidsarbeid i samtid og i ettertid, i Volda og mykje vidare.   Les mer …

Løypestrengar i Austefjorden (Volda) er eit oversyn over slike innretningar ein kjenner i dag.Her skulle gjerne vore presentert full oversikt på Løypestrengar i Høydalen, men det er jammen ikkje lett. Tek her med frå «Ytre Høydalen». Kan ikkje hugse at eg har sett når dei var i bruk. Det var ein streng i Rabben, , den finn ein i terrenget, lett å sjå i Joledalsråsa. Ser ut som dimensjonen har vore om lag 5/16 tomme. På Øggarden var strammespel på eit par stader Går ein nøye gjennom terrenget vil ein truleg finne restar av strengen opp i bakkane der. Vidare var det Løypestrengar i Bøstranda. Ein innom Storeklubben, og ein i området mellom Dekkja og Lissjeklubben   Les mer …

Storebrua var bygd i 1931, og dette bildet er frå ein gong på 1930-talet. Til høgre ser me ysteriet som var bygd mellom 1925 og 1930.

Bruer i Høydalen er ein oversikt over bruene i Høydalen, Volda kommune.

I alle dalfører er det oftast ei elv som deler dalføret. Er der og ei bygd med busetnad på båe sider av elva så skaper elva eit hinder for samkvemet mellom bygdefolket. Bruene vart bygde på ymse vis alt etter forholda på staden og kva krav som skulle stettast. I mange høve kunne brua vere ei steinhelle over eit pass med fjell på kvar side eller på oppmura brukar. Var det lenger spenn, vart brua gjerne bygt av tre. Kvelvingsbru er her ikkje merke etter i Høydalen.   Les mer …

Volda kyrkje eller Voldskyrkja som ho blir kalla, er ei krosskyrkje i tettstaden Volda i Volda kommune. Kyrkja har 800 sitjeplassar og det er kyrkjegard ved kyrkja.

Natta til 7. april 1929 brann den trekyrkja som stod her før ned. Arbeidet med planlegging av ny kyrkje kom fort i gang, med Arnstein Arneberg som arkitekt. Han laga fleire utkast, men det vart strid om ho skulle byggast i tre eller stein. I april 1930 bestemte soknemøtet at det skulle vere stein. Konstruksjonen er i betong med upussa gråstein som ytterkledning.   Les mer …
 
Kategoriar for Kulturminneregistrering i Volda
ingen underkategorier
 
Andre artiklar