Forside:Pitesamisk historie og kultur

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. mar. 2017 kl. 15:56 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Olve Utne flyttet siden Forside:Pitesamer til Forside:Pitesamisk historie og kultur)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk
sørsamisk • umesamisk • pitesamisk • lulesamisk • nordsamisk • austsamisk
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Pitesamisk historie og kultur
Sæjjde (offerstad) og beitande tamrein ved StødiSaltfjellet.
Foto: Olve Utne, mars 2010.

Pitesamar er eit samisk folk som tradisjonelt hovudsaklig har halde til mellom området kring Saltfjellet og Saltfjorden i Noreg via området på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur i Sverige. I sør grensar den pitesamiske kulturen til umesamisk kultur, og i nord grensar han til lulesamisk kultur. Tradisjonelle næringar blant pitesamane inkluderer reindrift, jakt og fiske, jordbruk og båtbygging. Dei bufaste samane har med tida vorte assimilerte i lokal skandinavisk kultur gjennom lokal integrering med norsk- og svensktalande så vel som gjennom langvarig assimilasjonspolitikk frå myndigheitene på begge sidene av Kjølen, og pitesamisk språk er no sterkt utryddingstruga med berre 25–50 morsmålstalande i Sverige og ingen i Noreg i 2010.   Les mer ...

 
Smakebitar
Buvvda jala Bådåddjo.
Foto: Olve Utne
Buvvda (bidumsámen) jala Bådåddjo (julevsámen), nuarrtasámen Budejju ja vuonagielan Bodø, lä stáđđa ja kommuvdna Sálton ja Nordlánda fylka fyllkaåjjvestáđđa. Lä 47 280 (1.1.2010) vieso Buvda kommuvnan. Stáđđa lij vuododum 1816, ja suv dullutj namma lij Hundholmen, jala ‘biednaga-sullutj’ bidumsámen.   Les mer …

Lexicon Lapponicum vart skrive av Erik Lindahl, Johan Öhrling og Johan Ihre og utgjeve første gongen i 1780. Språkforma i Lexicum Lapponicum er hovudsaklig umesamisk, men med trekk frå sørsamisk med si manglande stadieveksling på den eine sida og pitesamisk og lulesamisk med sine enklare kasusendelsar, og tildels òg ordforråd, på den andre. Rettskrivinga er, i motsetning til den tidligare etablerte rettskrivinga til Knud Leem,[1] sterkt prega av ei stilisering etter latinsk mønster, noko som fører til at teksten tildels kan vera vanskelig å lesa. Både det nordlige trekket stadieveksling og det sørlige trekket omlyd ser ut til å vera heilt fråverande.   Les mer …

Salten Pitesamiske Forening, også kjent under namneformene Sálto bihtesáme siebrre (lulesamisk), Salto Bihtesamiid Særvi og Salto Bihtesamiid Searvi, er ei interesseforeining for pitesamisk språk og kultur. Foreininga blei stifta i 1999 og har medlemmer hovudsaklig i Beiarn, Bodø og Gildeskål. Foreininga oppretta stiftelsen Duoddárá Ráffe den 30. juli 2002, og denne stiftelsen har ansvar for drifta av det pitesamiske kultursenteret på gnr. 48, bnr. 38, «Heimen» i Beiarn som blei offisielt opna fredag den 20. juni 2003.   Les mer …

Svensk Lappland med nyare tids utstrekning av Pite lappmark vist i lys oransje.
Pite lappmark er ei historisk såkalla lappmark kring Pite älv i Lappland i Norrbottens län i Sverige. I vår tid omfattar Pite lappmark dei noverande kommunane Arjeplog, Arvidsjaur og Malå. Hovuddelen av Arjeplog så vel som nordlege og vestlege delar av Arvidsjaur er pitesamisk område, medan resten av Arjeplog, Arvidsjaur og Malå språkleg og kulturelt hører til det umesamiske området. Først på 1600-talet omfatta Pite lappmark dei historiske samebyane Luokta (òg skrive Lockteå o.a.), Arvidsjaur, Semisjaur og Laisbyn. Den sistnemnte byen strekte seg ned langs fjellkjeda heile vegen til Frostviken i Jämtland, som viser at Pite lappmark altså tidlegare hadde ei betydeleg større utstrekning enn i seinare tid. Luokta tyder ‘vika’, men kva for ei vik som gav byen namnet sitt er ukjent. Arvidsjaur er oppkalla etter ein sjø med same namnet, medan Semisjaur kjem av sjøen Sebnejaure sørom Uddjaur. Laisbyn kan ha fått namnet sitt anten etter Laisälven, sjøen Stor-Laisan i Arjeplog eller kanskje den litle sjøen Laisan ved Tärna kyrkje i noverande Lycksele lappmark.   Les mer …

Planteikning utført av okkupasjonsstyret.
Krokelva fangeleir var ein tysk fangeleir omlag 300 meter nordom den seinare Semska stasjonSemska i Saltdal kommune under andre verdskrigen. Leiren vart etablert i 1942 og oppløyst ved den tyske kapitulasjonen i mai 1945. Krigsfangane var sett til tvangsarbeid på Blodvegen. Ved kapitulasjonen var det 790 fangar der. 364 fangar omkom i løpet av åra leiren var i drift. Dei attlevande fangane sette opp eit minnesmerke i 1945. Dette minnesmerket vart sprengt av dei norske myndigheitene i samband med Operasjon asfalt i 1950, og dei einaste spora etter leiren i dag er overgrodde levningar i landskapet.   Les mer …

Bolna stasjon en vinterdag i 1957
Foto: Jac Brun/Nasjonalbiblioteket
Bolna stasjon i juli 2012.
Foto:  Olve Utne
Bolna stasjon er ein jarnbanestasjon på strekninga mellom Dunderland stasjon og Røkland stasjonNordlandsbanen. Stasjonen ligg på Bolna (pitesamisk Båldno, lulesamisk Bållná) i Rana kommuneHelgeland. Denne stasjonen, så vel som Hjartåsen stasjon, Krokstrand stasjon, Stødi stasjon og Lønsdal stasjon, blei opna onsdag den 10. desember 1947 da Nordlandsbanen vart forlenga frå Dunderland til Lønsdal.   Les mer …
 
Kategoriar for Pitesamisk historie og kultur
 
Andre artiklar
 
  1. Leem, Knud: Lexicon Lapponicum bipartitum, Lapponico-Danico-Latinum & Danico-Latino-Lapponicum. Utg. Impensis Seminarii Lapponici Fridericiani. 1768. Digital versjonNettbiblioteket.