Verdas urfolksdag blir markert den 9. august. Dagen vart innstifta av FN i 1994 som ein lekk i å fremje internasjonalt samarbeid om urfolksspørsmål. Dagen er ei årleg markering av urfolks kultur i sine mangfaldige ovringar jorda rundt, og skal også tene til å fokusere på dei problema urfolk står andsynes mange stader i form av diskriminering, ekskludering, fattigdom, og somme stader direkte valdeleg undertrykking. Ein reknar med at det i dag er om lag 370 millionar menneske som tilhøyrer urfolk, spreidd over 90 ulike land. Urfolk er folkegrupper som har levd i eit område føre det vart kolonisert eller gjort om til ein stat, og som ikkje identifiserer seg med den statsberande kulturen i landet. I Noreg har samane status som urfolk. Les mer …
Lappgeit. Foto: Jon Julius Sandal
Lappgeit ( svensk lappget) er ein gammal geiterase som har vorte attoppdaga i Norrland i Sverige. Dei skil seg ut frå andre skandinaviske geiterasar med at dei har litt kortare føter og ofte lengre ragg. Dei er oftast kvite. Med kring 277 alsdyr (desember 2016) blir rasen framleis rekna som kritisk truga. Blant reindriftssamar har det vore vanlig i eldre tid å mjølke reinane, og det var lite aktuelt å ha geiter. Under omlegginga frå intensiv mjølkereindrift til ekstensiv kjøttreindrift i løpet av 1800- til 1900-talet var det vanlig å skaffe seg nokon få geiter for bruk til mjølking. Ein rein gjev berre kring ein desiliter med mjølk per dag, medan ei geit gjerne gjev kring ein liter; og dessutan kunne geita mjølkast tidlig på året, medan reinkalven helst trong mjølka for seg sjølv til han vart sterk nok utpå seinsommaren. Les mer …
|