Hå gamle prestegard i 2007. Foto: Jarle Vines
Hå gamle prestegard ligg i Hå kommune på Jæren. Våningshuset frå 1787 er den eldste prestegardsbygningen som er bevart i Jæren prosti. Husa i det gamle prestegardstunet er no kultursenter med utstillingar og andre arrangement. Det er eit mykje brukt tilbod for folk i distriktet, og mange turistar legg dessutan vegen innom Hå. Strandgravfelta frå jernalderen, Obrestad fyr, den gamle Kongevegen og huset til dei engelske «lakselordane» på andre sida av Håelva bidreg til å gjera området kulturhistorisk interessant. Den eldste opplysninga om Hå som prestebustad skriv seg frå 1637. Det dreier seg om eit kongebrev som gav Kristen Lauritsson Lind og kona, Margrethe Pedersdotter, løyve til å bu her i deira levetid, og etterpå kunne eitt av barna deira overta garden. Kristen hadde vore prest i Bø prestegjeld frå rundt 1610. På denne tida var Bø kyrkje i Nærbø hovudkyrkje i soknet. Bø sokneprestembete åtte garden Hå, som i Kristen og Margrethe sine auge må ha vore ein meir attraktiv plass å bu enn Bø. Kvifor valde dei å flytta? Hå var ein svært god gard med viktige attåtnæringar (sjå under), som låg sentralt til ved Kongevegen over Jæren og nær sjøen. Dessutan kan det ha spela ei rolle at Njærheim kyrkje i Hå var ombygd eller heilt nybygd på denne tida. I alle høve medførte flyttinga til prestefamilien at Njærheim kyrkje blei ny hovudkyrkje, og prestegjeldet skifta namn frå Bø til Hå prestegjeld. Les mer… Kart over indre del av Austefjorden Notlag i Austefjordområdet. Fjordagardane på Vestlandet har hatt behov for matauk meir enn det garden kunne gi, slik var det også på gardane i Austefjorden i Volda. Dette var meir naudsynt i gamledagar enn no. Gamle dagar er vel ikkje så langt att i tida i denne samanheng. Ser ein på korleis det var i 1930-åra, så var det ikkje så mykje kontantar mellom folk. Gardane var små så maten frå fjorden var naudsynt for både livberging og busetjing. Heimefiskje høyrde kvardagen til, og den som var heime tok del. Ein kan seie at fjorden berga liv, men nokre gonger gjekk det gale, og fjorden tok liv. Les mer…
|
Innsida av eit typisk avlettjønn frå Skjåk. Merk rutemønsteret, som er så karakteristisk for avlett- eller jønnbrødjønn i nyare tid. Foto: Hans P. Hosar
Jønnbrød eller avlettor, òg kalla tynnbakels nokre stader, er ein type tynne og sprøe kaker laga av ei røre av vatn, fløyte/ rømme og mjøl og blir i våre dagar ofte steikte i krumkakejarn — eller nokre stader i litt tjukkare utgåve i gorojarn. I tidlegare tider vart jønnbrøda steikte i grua, så dei riktig gamle jønnbrødjønna (avlettjarna, tynnbakelsjarna) har oftast svært lange skaft. I nyare tid har jønnbrødjønna vorte tilpassa kjøkenkomfyren, så dei nyare jarna ser ut på lag som vanlege krumkakejarn eller vaffeljarn utvendig. Les mer…
Urbanisering (av latin urbs: by) betyr bydannelse, og primært betegner ordet i dag den prosess eller de prosesser som fører til at byer og tettsteder oppstår og vokser. Men som Norsk riksmålsordbok påpeker, har substantivet «urbanisering» og det tilhørende verbet «urbanisere» to grunnbetydninger: På den ene siden betyr ordet: «[å] gjøre(område, strøk ell. samfund) bymessig.» På den andre side betegner urbanisering og urbanisere «[å] gjøre (mer) urban (i seder og skikker, opptreden, kultur).»Den første definisjonen ligger helt på linje med det vi har kalt den primære betydningen og retter søkelyset mot årsakene til at byer oppstår. Den andre derimot setter fokus på byens virkning på menneskers mentalitet og atferd. Disse to språklige grunnbetydningene avspeiler også viktige sider ved den vitenskapelige debatten om urbanisering innenfor byhistorie og samfunnsvitenskap.Ut fra det første perspektivet dreier urbaniseringsprosessen seg primært om å analysere årsakene til at byen oppstår og vokser. Byen blir dermed den avhengige variabel, det som skal forklares, mens det som forklarer urbaniseringen ligger i samfunnet utenfor byen. Les mer… Fru Haugans Hotel i sommerskrud. Ukjent fotograf.
Fru Haugans Hotel (også Fru Haugans eller bare Haugans) ligger i Mosjøen. Hotellet har røtter tilbake til 1794 og er dermed det eldste i Nord-Norge. Hotellet fikk sitt nåværende navn med Ellen Haugan, som overtok i 1885. Ellen Haugan, som da var 36 år gammel og gift og bosatt i Ålesund, leiet hotellet usett. Hun flyttet deretter med sine tre små døtre til Mosjøen. Fru Haugans Hotel ble registrert den 6. januar 1885, og i 1898 ble hotellet kjøpt for 15 000 kroner.
Hotellet var i dårlig forfatning da Ellen Haugan overtok. Det hadde blant annet jordgulv og åpen grue på kjøkkenet. Hun gikk i gang med å forbedre hotellet.
Ellen Haugan døde i 1914, hvoretter den yngste datteren, Eli Haugan Jenssen-Hals, overtok driften. Hun utvidet hotellet med førti rom ved å bygge et murbygg i funkisstil tilknyttet gamlebygget. Utvidelse og modernisering skjedde i tiden fra 1939 og til 1965. Les mer…
|
Organisasjonskart for Indre Troms Samvirkelag i 1979
|