Håvard Skirbekk som student 1922. Fotograf ukjent. Håvard Skirbekk (fødd i Elverum 28. februar 1903, død på Hamar 4. februar 1983) var lærar, museumsmann, lokal- og kulturhistorikar. Han var dessutan språkinteressert og språkpolitisk engasjert. I debatten om målformer stod han for ei samnorsk linje. Han var nynorskforkjempar på austnorsk grunn og tilhengar av ei fornorsking av bokmålet. Skirbekk er kjend for sin store innsats på svært mange felt innan organisasjons- og kulturlivet på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. I 41 år var han knytta til Glomdalsmuseet, fyrst som styremedlem frå 1929, så som konservator/fyrstekonservator og styrar 1950-1970. Han fekk i gang Årbok for Glåmdalen i 1941, og var redaktør for denne heilt frå starten til det siste året han levde. Håvard Skirbekk vart i 1965 tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for sitt mangfelte virke. Håvard Skirbekk voks opp i eit politisk engasjert miljø som var både nasjonalt og sosialt orientert. Faren var aktiv venstremann og arbeidardemokrat. Da han var ordførar for Venstre i Elverum, arrangerte han i 1894 det første 1.mai-toget på landsbygda i Noreg, og elles var han ivrig folkeopplysningsmann, fråhaldsmann, målmann og forsvarsven. Les mer… Flyfoto over Våge på Tysnes, teke ein solskinsdag i august 1961. Foto: Ukjend
Våge er den største tettstaden i Tysnes kommune og det viktigaste trafikknutepunktet på øya, med ferjeruter til Halhjem sør for Bergen. Bygda er samstundes det merkantile tyngdepunktet i kommunen. Det er også her ein finn ungdomsskulen, fleirbrukshall og flest kulturelle aktivitetar. Innbyggjartalet er 524 personar pr 2006. Våge er eit usamansett naturnamn og har med ordet ”våg” å gjera, ei nemning som kan sporast tilbake til norrønt og sannsynlegvis endå eldre tid. Namn av denne typen viser gjerne til den aller eldste busetnaden i eit område. Det tyder såleis på at garden Våge må vera ein svært gammal gard. Les mer…
Henrik Mohn Dahl (fødd 8. januar 1844 i Bergen, død 19. juni 1909) var teolog, folkehøgskulestyrar i Sogndal og politikar. Framfor nokon var det Dahl som gjorde Sogndal folkehøgskule til eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn dei siste tiåra på 1800-talet. Som Sverdrup sokna Dahl til den lågkyrkjelege vestlandsfløya i Venstre som skipa Moderate Venstre i 1888. Han vart vararepresentant til Stortinget i 1882 og møtte våren 1885. I 1888 vart han vald til representant og møtte 1889-91. I Sogndal var han ordførar 1886-1893. I 1893 skilde han lag med Moderate Venstre, men då var han òg ute av politikken. Den 17. mai 1914 reiste Sogn høgskulelag ein minnestein over Henrik og Mette Dahl på folkehøgskulen. Les mer…
|
Moelven Brug AS i 1899 Foto: Ukjent
Moelven Brug AS var en bedrift innen treindustrien som ble stiftet 24. juli 1899. Bak stiftelsen sto en gruppe investorer fra Ringsaker. Moelven Brug drev fra starten en allsidig produksjon av trevarer, men spesialiserte seg på tilvirkning av oljekokte hjul av ulike dimensjoner, særlig til landbruksredskaper, men også til andre typer av transportformål. Etter 1950 ble produksjonen sterkt lagt om, og bedriften spesialiserte seg på bygg- og boligproduksjon. I 1987 ble selskapet omorganisert og Moelven Brug ble morselskap i et større konsern, Moelven Industrier AS. Les mer… Romsås sett fra Trondheimsveien Romsås ligger nordøst i Groruddalen i Oslo og er en drabantby med om lag 7 000 innbyggere. Den sto ferdigbygd midt på 1970-tallet. I Romsåsbyen er det seks borettslag. Disse ligger spredt rundt på området innenfor ringveien. Ringveien danner en naturlig grense mot Lillomarka i nord, og mot Trondheimsveien i sør. Innenfor ringveien er det bilfritt. Tanken bak det bilfrie boligmiljøet, kombinert med store og flotte grøntområder, var ikke minst at Romsås skulle bli et fint oppvekstområde for barn og unge.
Langs gangveiene som går gjennom Romsåsbyen finnes Romsås kirke. Den er tegnet av arkitekt Arne Sæther, og sto ferdig i 1995. Man kan også finne et 100 år gammelt «helleristningsfelt» som består av arbeidstegninger, laget av lokale steinhuggere mens de ventet på at byggingen av Grorud kirke skulle komme i gang. Videre finnes Humleby friområde med kunstgressbane, den idylliske badeplassen Svarttjern og Romsli allaktivitetshus, som er et sosialt og kulturelt møtested for hele befolkningen på Romsås. Her holder blant annet Romsås Fritidssenter og Romsås Barnefilmklubb til. Lillomarka ligger også rett i nærheta, og det går turvei opp til Røverkollen med gravrøyser, utkikkstårn og en unik flora, og skogsvei til Steinbruvann, som er en flott badeplass. Det er også etablert en natur- og kultursti i Bånkallia. Stien strekker seg fra øvre del av Romsåsbyen og ned til Bånkall gård. Bånkallia har et rikt dyre- og fugleliv, og en rekke kulturminner. Underveis er det plassert plakater med informasjon om det man kan se og oppleve i naturen, og om kulturminnene. Les mer… Det herskaplege huset som Erstad sette opp til seg i 1914. Hans Fredrik Erstad (fødd på Erstad i Sykkylven 12. desember 1868, død 1918) gjekk i velmaktsåra sine under namnet «Sandkongen». Han slo seg opp på sal av mursand i samband med gjenreisinga av Ålesund etter brannen i 1904. På grunn av den nære avstanden til Ålesund var Sykkylven ein framifrå plass for slik verksemd. Dette var også ein kommune med gode og lett tilgjengelege sandforekomstar. Som på Erstad. Ikkje berre trong dei sand til attreisinga av Ålesund. Dei trong også kalk og teglstein. Teglstein fekk dei frå Aure Teglverk og kalk og sementstein frå anlegget til Heinrich Schmidt på Blindheim.
Hans Fredrik Erstad var ikkje den første som selde sand frå Erstad, fortel Fredrik Drabløs som har skrive ein artikkel om Sandkongen. Det skal ha vore Petter Erstad som var pioneren på dette feltet. Hans Fredrik kom i gang litt seinare, men han var nok den beste forretningsmannen av dei to. Han gav kjøparane gode prisar slik at dei ønskte å handle med han. Hans Fredrik Erstad skal ha vore heilt nede i ein pris på 10 øre pr hektoliter sand. Les mer…
|
Organisasjonskart for Indre Troms Samvirkelag i 1979
|