Anne Eggen (fødd i Lom 28. desember 1852, død på Sannerud i Stange i 1917) var ein pioner i kvinnesak og politikk i Lom. Ho var truleg den fyrste kvinna i landet som var leiar i eit politisk partilag, da ho i 1894 vart vald til «formand» i Loms Venstreforening. Det var sju år før kvinner fekk avgrensa røysterett ved kommuneval, og nær 20 år før kvinner fekk full statsborgarleg røysterett på linje med menn (1913). Les mer …
Anne Louise (Lovise) Davidsen (fødd i Eidsvoll 15. november 1854, død same stad 8. desember 1940) var landhandlar, gardbrukar og lokalpolitikar. Ho var saman med Agnes Lie fyrste kvinne i heradsstyret i Eidsvoll, innvald i 1901, same året som kvinner oppnådde innskrenka røysterett ved kommuneval. Louise Davidsen var fødd og oppvaksen på Øvre Hammerstad, som dotter av gardbrukarparet Ole Olsen og Berte Olava Paulsdotter. I folketeljinga 1865 er hun nest yngst av fire sysken. Louise gifta seg med enkjemannen Kristian Davidsen Dokken (1855-1925). Dei fekk to born saman, Berta (fødd 1892) og Olava (fødd 1897). Louise Davidsen dreiv Dokken landhandleri som ho hadde overteke etter far sin. «Lovise Hammerstad» er i matrikkelen 1904 registrert som eigar av gnr. 49.12 Dokken øvre og 50.21 Vesterheimen, som i folketeljinga er rekna som ein samla eigedom under namnet Vesterheimen. I teljinga 1910 er Louise med omsyn til yrkesgjerning berre registrert som ansvarleg for husstellet på Sø-Oppsal. Ved kommunevalet i 1901 vart Louise Davidsen innvald på «Moderatkonservativ valgliste». Les mer …
Hildur Rørdam (født 10. januar 1854 i Kristiansand, død 1914) var lærer og politiker, og ble i 1901 valgt inn i Bodø kommunestyre for Venstre. I folketellingen fra 1865 for Kristiansand bor hun hos sin mor, Marie Rørdam, som da var en 39 år gammel tollbetjentenke som forsørget seg som syerske. Hildur hadde fire søsken som også bodde hjemme. Hildur Rørdam tilbragte mange år i Mellom- og Sør-Amerika før hun til sist slo seg ned i Bodø. Hun utdannet seg til lærer, og i 1880 begynte hun å arbeide ved Bodø kommunale middelsskole. I 1898 flyttet hun over til Bodø folkeskole. Les mer …
|