Frederik Motzfeldt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Frederik Motzfeldt (fødd i Skaun 2. november 1779, død i Oslo 2. januar 1848) var jurist med mange embete - sorenskrivar, byfut, høgsterettsdommar, statsrevisor. Han var eidsvollsmann og stortingsmann.

Bakgrunn og familie

Frederik var son av offiseren Jacob von Motzfeldt (1744-1817) og hans andre kone Sofia Katarina Mühlenpfort (ca. 1750-1789). Frederik hadde fire halvsysken frå farens fyrste ekteskap med Johanna Sofia Katarina Heidemann (fødd i Klæbu 1746, død 1776), men berre den eine, Abel Katarina, voks opp, og også ho vart berre femten år gammal. Også fire av Frederiks åtte heilsysken døydde i sitt fyrste leveår. For dei tre andre syskena er i kjelda vår oppgitt berre fødselsår, ikkje kor gamle dei vart.

Åtte år før Frederik var fødd hadde faren kjøpt garden Mo i Skaun, der Frederik voks opp. Da foreldra selde garden igjen i 1796, gjekk Frederik truleg på Trondheim katedralskule, der han vart student i 1798. Han studerte deretter juss i København og tok embetseksamen i 1801.

Frederik Motzfeldt gifta seg i Molde 5. desember 1806 med Anna Cecilie Gørvell (Jervell) (fødd i Uleåborg, Finland 28. februar 1780, død i Christiania 5. januar 1848). Ho var dotter til kjøpmann Josef Jervell og Walborg Hoffrén.