Frederik Schmidt

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. mar. 2014 kl. 13:04 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Frederik Schmidt''' (fødd i Asminderød på Sjælland 27. mai 1771, død 16. februar 1840 i Himmelev, også på Sjælland), var teolog, forfattar og [[eidsvollsma...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Frederik Schmidt (fødd i Asminderød på Sjælland 27. mai 1771, død 16. februar 1840 i Himmelev, også på Sjælland), var teolog, forfattar og eidsvollsmann. Han var sterkt knytta til Danmark og den danske embetsmannskulturen, høgkulturelt interessert og litterært aktiv. Dette let seg tidstypisk lett sameine med ein sterk romantisk inspirert Noregs-patriotisme. Teologisk sett var Schmidt ein rasjonalistisk orientert «potetprest», teologisk antipietistisk og ein motstandar av Hauge-rørsla, men like fullt sterkt oppteken av allmugens kulturelle og materielle framgang, og politisk sett var han ein nasjonaldemokratisk innstilt folkets ven.

På Eidsvoll representerte han Buskerud amt saman med fogd Collett og bonde Christopher Hoen. Sistnemnde var sambygding og soknebarn av presten Schmidt. Dei to var innkvarterte saman under Eidsvoll-opphaldet, og dei delte mange synsmåtar på politikk og samfunn. Men i religiøse haldningar var dei skarpe motstandarar. Haugianaren Hoen og sokneprest Schmidt hadde endatil tørna saman i nesten fysisk konfrontasjon i haugianismens fyrste kamptid på Eiker.

Schmidt budde og verka som sokneprest i den bygda i drygt tjue år før han flytta attende til Danmark, der han også var fødd og hadde studert.

Bakgrunn og familie

Om han var fødd i Danmark, var båe foreldra norske, og han fekk oppveksten sin her til lands. Faren var også teolog, og da Frederik var tre år gammal, vart faren utnemnd til biskop i Christiania, så guten fekk oppveksten der.