Friarferdi til Gjøtland: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:»)
 
Linje 19: Linje 19:


[[Kategori:Viser og sanger]]
[[Kategori:Viser og sanger]]
[[kategori:Middelalderen]]
[[Kategori:Middelalderen]]
[[kategori:Norsk folkeminnesamlings arkiv]]
[[Kategori:Norsk folkeminnesamlings arkiv]]
{{ikke koord}}
{{ikke koord}}
{{nn}}
{{nn}}
[[Kategori:Volda kommune]]
[[Kategori:Volda kommune]]

Nåværende revisjon fra 15. nov. 2023 kl. 22:23

Oppskrifta frå 1612 av Friarferdi til Gjøtland er den eldste av ein mellomalderballade i Noreg.
Foto: Norsk folkeminnesamling

Friarferdi til Gjøtland er ein ballade frå mellomalderen. Han vart nedskriven i 1612, og dette er den eldste oppskrifta vi har på ein norsk mellomalderballade. Vi veit ikkje kven som skrev han ned og kven som framførde han, men teksten hamna på eit vis på ein gard i Volda. Jostein Fet meiner det sannsynlegvis var Pål Torbjørnsson Bjørkedal frå Bjørkedalen i Volda som skreiv han ned, i eller rett før 1612.[1] I 1868 skulle dei brenne gammalt rask der, og papiret vart ved eit tilfelle redda ut av bålet. Jacob Nilsson Kobberstad sende det til Sophus Bugge, som forsto kva det var han fekk i hende.

Handlinga i visa er at herr Peder drog på friarferd til det heidenske Gjøtland for å fri til ei prinsesse. Han møtte både magi og ville dyr, men vann over alle hindringar. Prinsessa hadde drøymd at ho skulle gifte seg med ein kristen mann, og sa ja til frieriet.

Det er ikkje kjend andre variantar av visa, men det er klare fellestrekk med den danske visa Brudefærden til Hedenland. Visa har 33 strofer, kvar på fire linjer. Enderimet er på forma axbx, med nokre unntak.

Oppskrifta ligg i Norsk folkeminnesamling sitt arkiv, Orig. ms. NFS S. Bugge r, 24-25. Balladen er ført inn TSB E72 i TSB-katalogen.

Referansar

  1. Fet 1995: 307.

Litteratur og kjelder