Friheimvegen (Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. jul. 2017 kl. 00:43 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk

Friheimvegen i Øvre Bø, i Bø i Telemark går sørover frå Seljordvegen til Vollevegen.

Vegen har namn etter grendehuset Friheim som er nr. 20 til vegen. Den er omlag 320 m lang og går gjennom eit lite bustadfelt med einebustader. Åtte av desse høyrer til Friheimvegen.

Det var Øvre Bø ungdomslag som sette opp hus på Friheim i 1938-39 på tomt skilt ut fra Vollemoen, bnr. 11. Dagens hus sto ferdig i 1977.

7. juni 1980 blei det avduka ein bautastein til minne om målmannen Halvor Klasson Grave på Friheim.
Denne steinen er toppen av ein bauta som skulle til Bø kyrkje. Under transporten frå Basmoen i Øvrebøskogen braut dei av eit stykke av toppen, så dei fann eit nytt emne. Resten av steinen bøheringane vraka, blei sett opp utanfor Seljord kyrkje der han står den dag i dag.

Kjelder

  • Bøsoga I, kultursoga ved Gunnar Lunde. Bø kommune 1972.
  • Bøsoga II, Gards- og ættesoga band III ved Stian Henneseid. Bø kommune 1985.
  • Kartverket: Norgeskart


Koordinater: 59.42321° N 8.89703° Ø