Gerhard Munthe (1726–1785): Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
m (kategorisplitting) |
||
Linje 27: | Linje 27: | ||
{{DEFAULTSORT:Munthe, Gerhard}} | {{DEFAULTSORT:Munthe, Gerhard}} | ||
[[Kategori:Jostedalen]] | [[Kategori:Jostedalen]] | ||
[[Kategori:Personer | [[Kategori:Personer]] | ||
[[kategori:Luster kommune]] | |||
[[Kategori:Offiserer]] | [[Kategori:Offiserer]] | ||
[[Kategori:Fødsler i 1726]] | [[Kategori:Fødsler i 1726]] | ||
[[Kategori:Dødsfall i 1785]] | [[Kategori:Dødsfall i 1785]] |
Sideversjonen fra 16. apr. 2013 kl. 09:27
Gerhard Munthe (fødd 9. mars 1726 i Hafslo, død 28. april 1785 i Hafslo) var son av sokneprest Christopher Munthe og Christine Ørbech.
Gerhard Munthe var kaptein og sjef for Lysterske kompani i 2. Bergenhusiske regiment. Han var òg storbonde og ein stor jordeigar. Han åtte garden Mo på Hafslo, men bytte i 1764 til seg den gamle adelsgarden Ytre Kroken ved Lustrafjorden. Her bygde han fyrste høgda på herskapshuset Munthehuset som i dag er oppussa og verna.
Gerhard Munthe sette i 1765 den fyrste potetåkeren i Ytre Kroken og vart med det ein av pionérane for potetdyrkinga i Noreg.
Som ein av arvingane etter Christopher Munthe var Gerhard ein stor godseigar i Sogn. Mellom anna overtok han ein tredel av gardane i Jostedalen. To av gardane selde han i 1765-1770, og somme gardar vart kjøpte av brørne Jens Munthe og Ludvig Munthe. Tre av jostedalsgardane han åtte gjekk over til etterkomarane hans og vart ikkje selde til brukarane før 1787-1794. Dette var dei tre siste gardane som gjekk over til sjølveige i Jostedalen. (Sjå Eigedomstilhøve i Jostedalen før 1800.)
Gerhard Munthe gifte seg fyrste gong 13. oktober 1755 med Mette Andrea Rieck (1731-1759), andre gong 18. mars 1762 med Giertrud Marie Kaas (1726-1766) og tredje gong 3. november 1772 med Inger Marie Hanning (1752-1778).)
Mellom dei mange borna han fekk var:
- Christine Ørbech Munthe (1756-1803), gift med Peder Leganger Rumohr
- Frantz Wilhelm Rieck Munthe (1758-1791
- Mette Andrea Rieck Munthe (1764-1793), gift med Christopher Munthe (1751-1793)
- Hartvig Kaas Munthe (1766-1830), gift med Bolette Christine Pavels
- Giertrud Marie Munthe (1771-1847), gift med Johannes Rye
- Dorothea Catharine Munthe (1775-1840), gift med Caspar Fredrik Munthe Brun
- Margrethe Munthe (1777-1866), gift med Johan Julius Albertus Dahm
- Ole Henning Munthe (1778-1830)
Litteratur
- «Gerhard Christofferson Munthe», Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane
- «Munthehuset», Luster kommune
- Ovenstad, Olai. (1948). Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Oslo: Norsk slektshistorisk orening, bd. 2, s. 191.(Digital utgåve, genealogi.no)
- Munthe, Sverre. (1995). Etterkommere av Ludvig Munthe (1593-1649). Upublisert manuskript. Oslo, s. 290. (Digital utgåve)