Gjengedal skule (1900–1952)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gjengedal skule
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Gjengedal skule (1) bygd 1899 var første skulehuset i Gjengedal krins. Huset har kjellar, hovudetasje med to stover og loft. Ei av stovene var skulestove, resten av huset fungerte som ein liten lærarbustad. Det fulgte også eit utehus til skulen. Bygget fungerte som skulehus frå 1899-1934. Heile denne perioden var det læraren Samson Sande som dreiv skulen og budde i lærarbustaden. Taksten frå 1936 verdiset huset til 8000 kroner.

Skolestova vart etter kvart for liten og i 1934 vart skulehuset til Sandane gamle skule satt opp like nedanfor det gamle skulehuset. Etter at det nye skulehuset var tatt i bruk fungerte det gamle skulehuset som lærarbolig for læraren Knut Gjengedal . I dag er det feriehus.


Lærarar

Etternamn Fornamn Føydd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Sande Samson 1866 Gjengedal Skule 1895 1936 Stord (1891)


Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905

Ikkje-prenta kjelder

  • Samtale med Anna Sigbjørg Holme (barnebarn av Samson Sande)


Koordinater: 61.667404° N 5.920735° Ø