Gjerde Fabrikker: Forskjell mellom sideversjoner
m (Kallrustad flyttet siden Gjerde Fabrikker AS til Gjerde Fabrikker: Ikke AS i titler) |
(litt formatering, nokre kategoriar) |
||
Linje 1: | Linje 1: | ||
'''Gjerde Fabrikker AS''' var ein møbelfabrikk i Sykkylven, etablert av Josef Marvin Karlsen Gjerde | '''[[Gjerde Fabrikker|Gjerde Fabrikker AS]]''' var ein møbelfabrikk i [[Sykkylven]], etablert av [[Josef Marvin Karlsen Gjerde]] (f. 1910 i USA, d. 1999) i [[1938]]. Første tida gjekk bedrifta under namnet ''Gjerde Trevarefabrikk''. | ||
Josef Gjerde var fødd i USA men kom frå Amerika til Jarnes 4½ år gammal saman med mora si. Faren kom heim to år etter. Josef Gjerde reiste i ung alder til Amerika att og var der til 1934. Han byrja i arbeid på fabrikk, men i 1938 var han tilbake i Sykkylven og tok til med eiga verksemd i kjellaren heime. Aksjekapitalen var på 6750 kroner, og den vart fordelt likt mellom fire medeigarar. | Josef Gjerde var fødd i USA men kom frå Amerika til Jarnes 4½ år gammal saman med mora si. Faren kom heim to år etter. Josef Gjerde reiste i ung alder til Amerika att og var der til 1934. Han byrja i arbeid på fabrikk, men i 1938 var han tilbake i Sykkylven og tok til med eiga verksemd i kjellaren heime. Aksjekapitalen var på 6750 kroner, og den vart fordelt likt mellom fire medeigarar. | ||
Linje 7: | Linje 7: | ||
Alt året etter etableringa bygde han eige fabrikkbygg nær tunet. To år seinare bygde han eit større bygg nede ved sjøen, og i 1957 eit anna stort fabrikkbygg i betong. | Alt året etter etableringa bygde han eige fabrikkbygg nær tunet. To år seinare bygde han eit større bygg nede ved sjøen, og i 1957 eit anna stort fabrikkbygg i betong. | ||
Då importrestriksjonane byrja å merkast først i krigsåra, let det seg ikkje lenger gjere å få tak i raud bøk, som var materialet i klosettseta. Verksemda gjekk difor over til å lage trerammer til dei lokale møbelfabrikkane. Gjerde Trevarefabrikk greidde knapt nok å kome i møte den store etterpurnaden etter treverk. Bedrifta leverte mellom anna til [[Lenestolfabrikken Solid AS]] på andre sida av Sykkylvsfjorden. Råvaremangelen var tidvis prekær. Josef Gjerde farta vide i krigsåra på jakt etter trevyrke. Litt fekk han tak i i [[Skjåk]], i [[Hornindal]] og i Vanylven. Ved sida av at fabrikken leverte treverk, laga han salongbord i finert material under krigen. Bemanninga var på knappe ti personar til dei første etterkrigsåra. Arbeidsstyrken steig då gradvis til 20 i 1955. | Då importrestriksjonane byrja å merkast først i krigsåra, let det seg ikkje lenger gjere å få tak i raud bøk, som var materialet i klosettseta. Verksemda gjekk difor over til å lage trerammer til dei lokale møbelfabrikkane. Gjerde Trevarefabrikk greidde knapt nok å kome i møte den store etterpurnaden etter treverk. Bedrifta leverte mellom anna til [[Lenestolfabrikken Solid AS]] på andre sida av Sykkylvsfjorden. Råvaremangelen var tidvis prekær. Josef Gjerde farta vide i krigsåra på jakt etter trevyrke. Litt fekk han tak i i [[Skjåk]], i [[Hornindal]] og i [[Vanylven]]. Ved sida av at fabrikken leverte treverk, laga han salongbord i finert material under krigen. Bemanninga var på knappe ti personar til dei første etterkrigsåra. Arbeidsstyrken steig då gradvis til 20 i 1955. | ||
Etter at verksemda kom inn i eige bygg ved sjøen, gjekk dei over til å produsere stoppa møblar. I 1953 vart bedriftsnamnet endra til Gjerde Møbler AS. | Etter at verksemda kom inn i eige bygg ved sjøen, gjekk dei over til å produsere stoppa møblar. I 1953 vart bedriftsnamnet endra til Gjerde Møbler AS. | ||
Broren til Josef, Konrad Gjerde, kom etter kvart i gang med lervareproduksjon i fabrikkbygget ved fjorden. Konrad tok også opp produksjon av fiskestenger i massiv glasfiber. Produktet var lovande, og dei fekk ein stor ordre frå ABU-selskapet i Sverige. Nett på same tid introduserte ein fabrikk på Taiwan ein ny type fiskestong som var innhola. Stengene frå Taiwan vart mykje billegare i utsal enn dei massive stengene frå Sykkylven. Dermed vart heile produksjonsopplegget Josef og Konrad Gjerde hadde investert i ubrukeleg. | Broren til Josef, [[Konrad Gjerde]], kom etter kvart i gang med lervareproduksjon i fabrikkbygget ved fjorden. Konrad tok også opp produksjon av fiskestenger i massiv glasfiber. Produktet var lovande, og dei fekk ein stor ordre frå ABU-selskapet i Sverige. Nett på same tid introduserte ein fabrikk på Taiwan ein ny type fiskestong som var innhola. Stengene frå Taiwan vart mykje billegare i utsal enn dei massive stengene frå Sykkylven. Dermed vart heile produksjonsopplegget Josef og Konrad Gjerde hadde investert i ubrukeleg. | ||
Dei gjekk likevel vidare med glasfiberproduksjon i selskapet som dei no kalla Gjerde Fabrikker AS. Verksemda tapte mykje på glasfibereksperimentet og drog med seg etterverknaden av tapet i mange år framover. | Dei gjekk likevel vidare med glasfiberproduksjon i selskapet som dei no kalla Gjerde Fabrikker AS. Verksemda tapte mykje på glasfibereksperimentet og drog med seg etterverknaden av tapet i mange år framover. | ||
Gjerde Fabrikker AS heldt fram med å produsere stilfulle salongar heilt til [[Ekornes ASA|J.E.Ekornes Fabrikker AS]] kjøpte opp verksemda i 1976 | Gjerde Fabrikker AS heldt fram med å produsere stilfulle salongar heilt til [[Ekornes ASA|J. E.Ekornes Fabrikker AS]] kjøpte opp verksemda i 1976. | ||
==Kjelde== | |||
*{{Høidal 1990}} | |||
[[Kategori:Sykkylven leksikon]] | [[Kategori:Sykkylven leksikon]] | ||
[[Kategori:Møbelindustri]] | |||
[[Kategori:Næringsliv]] | |||
[[Kategori:Etableringer i 1938]] | [[Kategori:Etableringer i 1938]] | ||
[[Kategori:Norsk-amerikanere]] | |||
[[Kategori:Sykkylven kommune]] |
Sideversjonen fra 11. des. 2013 kl. 08:32
Gjerde Fabrikker AS var ein møbelfabrikk i Sykkylven, etablert av Josef Marvin Karlsen Gjerde (f. 1910 i USA, d. 1999) i 1938. Første tida gjekk bedrifta under namnet Gjerde Trevarefabrikk.
Josef Gjerde var fødd i USA men kom frå Amerika til Jarnes 4½ år gammal saman med mora si. Faren kom heim to år etter. Josef Gjerde reiste i ung alder til Amerika att og var der til 1934. Han byrja i arbeid på fabrikk, men i 1938 var han tilbake i Sykkylven og tok til med eiga verksemd i kjellaren heime. Aksjekapitalen var på 6750 kroner, og den vart fordelt likt mellom fire medeigarar.
Første produkta var klosettseter i tre. Seta vart selde gjennom grossistforretningar i sanitærbransjen. Månadsproduksjonen ved Gjerde-fabrikken kom etter kvart opp i 500 sete.
Alt året etter etableringa bygde han eige fabrikkbygg nær tunet. To år seinare bygde han eit større bygg nede ved sjøen, og i 1957 eit anna stort fabrikkbygg i betong.
Då importrestriksjonane byrja å merkast først i krigsåra, let det seg ikkje lenger gjere å få tak i raud bøk, som var materialet i klosettseta. Verksemda gjekk difor over til å lage trerammer til dei lokale møbelfabrikkane. Gjerde Trevarefabrikk greidde knapt nok å kome i møte den store etterpurnaden etter treverk. Bedrifta leverte mellom anna til Lenestolfabrikken Solid AS på andre sida av Sykkylvsfjorden. Råvaremangelen var tidvis prekær. Josef Gjerde farta vide i krigsåra på jakt etter trevyrke. Litt fekk han tak i i Skjåk, i Hornindal og i Vanylven. Ved sida av at fabrikken leverte treverk, laga han salongbord i finert material under krigen. Bemanninga var på knappe ti personar til dei første etterkrigsåra. Arbeidsstyrken steig då gradvis til 20 i 1955.
Etter at verksemda kom inn i eige bygg ved sjøen, gjekk dei over til å produsere stoppa møblar. I 1953 vart bedriftsnamnet endra til Gjerde Møbler AS.
Broren til Josef, Konrad Gjerde, kom etter kvart i gang med lervareproduksjon i fabrikkbygget ved fjorden. Konrad tok også opp produksjon av fiskestenger i massiv glasfiber. Produktet var lovande, og dei fekk ein stor ordre frå ABU-selskapet i Sverige. Nett på same tid introduserte ein fabrikk på Taiwan ein ny type fiskestong som var innhola. Stengene frå Taiwan vart mykje billegare i utsal enn dei massive stengene frå Sykkylven. Dermed vart heile produksjonsopplegget Josef og Konrad Gjerde hadde investert i ubrukeleg.
Dei gjekk likevel vidare med glasfiberproduksjon i selskapet som dei no kalla Gjerde Fabrikker AS. Verksemda tapte mykje på glasfibereksperimentet og drog med seg etterverknaden av tapet i mange år framover.
Gjerde Fabrikker AS heldt fram med å produsere stilfulle salongar heilt til J. E.Ekornes Fabrikker AS kjøpte opp verksemda i 1976.
Kjelde
- Høidal, Eldar: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990. Digital versjon på Nettbiblioteket