Glomfoss Bruk: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
(lagt til lenker på årstal)
Linje 1: Linje 1:
'''Glomfoss Bruk''' i [[Kilegrend]] er gnr. 25/2, festenr. 11 i [[Fyresdal kommune]]. Bruket vart starta opp i 1908, drifta opphøyrde i 1980-åra, og i 2011 er [[Fyresdal Bygdemuseum]] eigar.
'''Glomfoss Bruk''' i [[Kilegrend]] er gnr. 25/2, festenr. 11 i [[Fyresdal kommune]]. Bruket vart starta opp i [[1908]], drifta opphøyrde i [[1980-åra]], og i [[2011]] er [[Fyresdal Bygdemuseum]] eigar.
[[Bilde:Glomfoss_bruk_2.jpg|thumb|Glomfoss Bruk og Glomsdammen (Fotograf ukjent, før 1914)]]
[[Bilde:Glomfoss_bruk_2.jpg|thumb|Glomfoss Bruk og Glomsdammen (Fotograf ukjent, før 1914)]]
[[Bilde:Kilegrend, fløytingskart.jpg|thumb|Fløytingskart over Kilegrend]]
[[Bilde:Kilegrend, fløytingskart.jpg|thumb|Fløytingskart over Kilegrend]]
== Oppstarting og drift ==
== Oppstarting og drift ==

I Kilegrend vart det i lang tid attende arbeidd med fleire dammar og nokre mindre sagbruk, men så kom det planar om eit større sagbruk ved [[Glomfoss]], og i 1908 stod det ferdig. Eigarar i 1913 var Tjostolv Kiland, Helge Kiland, Ketil Sundslid, T. K. Kiland og Ketil J. Kiland. Det blei skipa eit aksjeselskap 10. august 1919 av skogeigarar. Aksjebreva er i 1919 underskrive av Nils Lotsberg, Ketil Kiland og Ketil Sundsli, Nils Lotsberg var forretningsførar for bruket. Av aksjebrev ser ein at det fyrst var tenkt på namnet Øyfoss på grunn av lokaliseringa på Øyne, men det er eit anna sagbruk med dette namnet og difor vart namnet Glomfoss.  
I Kilegrend vart det i lang tid attende arbeidd med fleire dammar og nokre mindre sagbruk, men så kom det planar om eit større sagbruk ved [[Glomfoss]], og i 1908 stod det ferdig. Eigarar i [[1913]] var Tjostolv Kiland, Helge Kiland, Ketil Sundslid, T. K. Kiland og Ketil J. Kiland. Det blei skipa eit aksjeselskap 10. august [[1919]] av skogeigarar. Aksjebreva er i 1919 underskrive av Nils Lotsberg, Ketil Kiland og Ketil Sundsli, Nils Lotsberg var forretningsførar for bruket. Av aksjebrev ser ein at det fyrst var tenkt på namnet Øyfoss på grunn av lokaliseringa på Øyne, men det er eit anna sagbruk med dette namnet og difor vart namnet Glomfoss.  

Det var naturleg at det vart sett opp ved Glomfoss då dette er i enden av [[Fyresvatn]]. Ei større øy, Øyne, gjer at det er to utløp, kvar med sin dam, Rusdammen og Glomsdammen.Bruket skaffa arbeid for ein god del folk og det var ikkje berre Fyresdal som fekk materialar frå Glomfoss. Det vart til og med sendt materialar til Nissedal og heilt ned til Seljord.

Linje 10: Linje 10:
På Fyresvatn vart dampbåten [[M/S «Teisner»|D/S Fyresdal]] nytta til å slepe tømmeret utover til Kilegrend. Tømmeret vart samla i ringar/sopper og ein nytta seg helst og av medvind.
På Fyresvatn vart dampbåten [[M/S «Teisner»|D/S Fyresdal]] nytta til å slepe tømmeret utover til Kilegrend. Tømmeret vart samla i ringar/sopper og ein nytta seg helst og av medvind.

I 1914 vart det laga ny dam ved Glom og det vart skote ut ein tunnel slik at det vart lettare å regulere utsleppet av vatn frå Fyresvatn. Glomfoss er det austre/venstre utløpet frå vatnet. På bilete ser vi at det tømmeret som skal til Glomfoss Bruk vert leida mot dette ved hjelp av ein bom. Der er eit basseng inntil huset som tek mot tømmeret som så vert frakta inn i sagbruket på noko som likna ein kjerrat. Dette bassenget fungerar og som inntak til turbinen, turbin - huset ser vi på utsida av huset.
I [[1914]] vart det laga ny dam ved Glom og det vart skote ut ein tunnel slik at det vart lettare å regulere utsleppet av vatn frå Fyresvatn. Glomfoss er det austre/venstre utløpet frå vatnet. På bilete ser vi at det tømmeret som skal til Glomfoss Bruk vert leida mot dette ved hjelp av ein bom. Der er eit basseng inntil huset som tek mot tømmeret som så vert frakta inn i sagbruket på noko som likna ein kjerrat. Dette bassenget fungerar og som inntak til turbinen, turbin - huset ser vi på utsida av huset.

Sjølve huset er i to høgder. Oppe er det ein større panelhøvel med mange profilar. Vidare er der ein stor sagbenk og fleire mindre sager og anna som høyrer med i denne samanhengen. Frå denne høgda vart materialane køyrd ut ved hjelp av ein skinnegang og lagra i skur nedstraums mot Drang i høve til bygningen. I underetasjen er der ei rekke innretningar som må til for å drive innretningane oppe, mellom anna ei meng med akslingar og drivreimar i alle retningar. Der er og ein større slipestein.

Linje 19: Linje 19:
== Overdraging til Fyresdal Bygdemuseum ==
== Overdraging til Fyresdal Bygdemuseum ==

Glomfoss Bruk vart etter kvart nedslite og umoderne og sagbruksdrifta vart nedlagd. Aksjeselskapet vart oppløyst i 1980–åra. I 1990 vart det drøfta kva ein skulle gjere med bruket som stod der intakt. Ein hadde freista å få det i enkel bruk att, men dette hadde ikkje lukkast. Fyresdal Bygdemuseum sa seg viljug til å ta over ansvaret, og  31. august 1994 vart Glomfoss Bruk A/S v/ Olav K. Kiland overdrege vederlagsfritt til Fyresdal Bygdemuseum v/Olav Momrak-Haugan, skøyte tinglyst ved Vest-Telemark sorenskrivarembete, dagboknummer 1983. Same dato er det og tinglyst eit registreringsbrev for grunneigedom/festegrunn med dei grensene som står beskrive i leigekontrakt datera 28. juli 1913.
Glomfoss Bruk vart etter kvart nedslite og umoderne og sagbruksdrifta vart nedlagd. Aksjeselskapet vart oppløyst i [[1980–åra]]. I [[1990]] vart det drøfta kva ein skulle gjere med bruket som stod der intakt. Ein hadde freista å få det i enkel bruk att, men dette hadde ikkje lukkast. Fyresdal Bygdemuseum sa seg viljug til å ta over ansvaret, og  31. august [[1994]] vart Glomfoss Bruk A/S v/ Olav K. Kiland overdrege vederlagsfritt til Fyresdal Bygdemuseum v/Olav Momrak-Haugan, skøyte tinglyst ved Vest-Telemark sorenskrivarembete, dagboknummer 1983. Same dato er det og tinglyst eit registreringsbrev for grunneigedom/festegrunn med dei grensene som står beskrive i leigekontrakt datera 28. juli 1913.

Tomta til Glomfoss Bruk er ei festetomt og mellom grunneigar og bruket er det laga til ei leigekontrakt i 1913.
Tomta til Glomfoss Bruk er ei festetomt og mellom grunneigar og bruket er det laga til ei leigekontrakt i 1913.

Sideversjonen fra 22. sep. 2011 kl. 07:30

Glomfoss Bruk i Kilegrend er gnr. 25/2, festenr. 11 i Fyresdal kommune. Bruket vart starta opp i 1908, drifta opphøyrde i 1980-åra, og i 2011 er Fyresdal Bygdemuseum eigar.

Glomfoss Bruk og Glomsdammen (Fotograf ukjent, før 1914)
Fløytingskart over Kilegrend

Oppstarting og drift

I Kilegrend vart det i lang tid attende arbeidd med fleire dammar og nokre mindre sagbruk, men så kom det planar om eit større sagbruk ved Glomfoss, og i 1908 stod det ferdig. Eigarar i 1913 var Tjostolv Kiland, Helge Kiland, Ketil Sundslid, T. K. Kiland og Ketil J. Kiland. Det blei skipa eit aksjeselskap 10. august 1919 av skogeigarar. Aksjebreva er i 1919 underskrive av Nils Lotsberg, Ketil Kiland og Ketil Sundsli, Nils Lotsberg var forretningsførar for bruket. Av aksjebrev ser ein at det fyrst var tenkt på namnet Øyfoss på grunn av lokaliseringa på Øyne, men det er eit anna sagbruk med dette namnet og difor vart namnet Glomfoss.

Det var naturleg at det vart sett opp ved Glomfoss då dette er i enden av Fyresvatn. Ei større øy, Øyne, gjer at det er to utløp, kvar med sin dam, Rusdammen og Glomsdammen.Bruket skaffa arbeid for ein god del folk og det var ikkje berre Fyresdal som fekk materialar frå Glomfoss. Det vart til og med sendt materialar til Nissedal og heilt ned til Seljord.

På Fyresvatn vart dampbåten D/S Fyresdal nytta til å slepe tømmeret utover til Kilegrend. Tømmeret vart samla i ringar/sopper og ein nytta seg helst og av medvind.

I 1914 vart det laga ny dam ved Glom og det vart skote ut ein tunnel slik at det vart lettare å regulere utsleppet av vatn frå Fyresvatn. Glomfoss er det austre/venstre utløpet frå vatnet. På bilete ser vi at det tømmeret som skal til Glomfoss Bruk vert leida mot dette ved hjelp av ein bom. Der er eit basseng inntil huset som tek mot tømmeret som så vert frakta inn i sagbruket på noko som likna ein kjerrat. Dette bassenget fungerar og som inntak til turbinen, turbin - huset ser vi på utsida av huset.

Sjølve huset er i to høgder. Oppe er det ein større panelhøvel med mange profilar. Vidare er der ein stor sagbenk og fleire mindre sager og anna som høyrer med i denne samanhengen. Frå denne høgda vart materialane køyrd ut ved hjelp av ein skinnegang og lagra i skur nedstraums mot Drang i høve til bygningen. I underetasjen er der ei rekke innretningar som må til for å drive innretningane oppe, mellom anna ei meng med akslingar og drivreimar i alle retningar. Der er og ein større slipestein.

Når så materialane skulle bringast vidare, vart dei transportera på skinnegang til ei brygge med bolverk ovanfor dammen, denne ser vi tydeleg på eit foto. Frå denne brygga vart materialane frakta på ein lekter over sundet til austsida der det var veg. Her hadde Glomfoss Bruk ei tomt med lagerskur. Vidare transport vart då med hest eller båt avhengig av kor ein skulle, seinare med bil.

Overdraging til Fyresdal Bygdemuseum

Glomfoss Bruk vart etter kvart nedslite og umoderne og sagbruksdrifta vart nedlagd. Aksjeselskapet vart oppløyst i 1980–åra. I 1990 vart det drøfta kva ein skulle gjere med bruket som stod der intakt. Ein hadde freista å få det i enkel bruk att, men dette hadde ikkje lukkast. Fyresdal Bygdemuseum sa seg viljug til å ta over ansvaret, og 31. august 1994 vart Glomfoss Bruk A/S v/ Olav K. Kiland overdrege vederlagsfritt til Fyresdal Bygdemuseum v/Olav Momrak-Haugan, skøyte tinglyst ved Vest-Telemark sorenskrivarembete, dagboknummer 1983. Same dato er det og tinglyst eit registreringsbrev for grunneigedom/festegrunn med dei grensene som står beskrive i leigekontrakt datera 28. juli 1913.

Tomta til Glomfoss Bruk er ei festetomt og mellom grunneigar og bruket er det laga til ei leigekontrakt i 1913.

Leigekontrakt

Leiekontrakt:

Undertegnede J. H. Kiland, som eier av Øyna, bruks no matr no i Fyresdal erkjender herved at ha oprettet med interessentskapet a/s Glomfoss Bruk, hvis eier for tiden er: Tj. Kiland, Helge Kiland, Ketil Sundslid, T. K. Kiland og Ketil Kiland følgende leiekontrakt:

T. K. Kiland bortleier herved til a/s Glomfoss Bruk et fossefald på vestre side av Glomfoss, samt 1m3 driftsvand pr. sek til drift av den turbin det der stående sagbruk og høvleri har opsat. Endvidere bortleies til interessentselskapet følgende tomtestrækninger der begrenses således: Grenselinjen begynder nede ved Drang, 10 m vestenfor den herfra anlagte transportbane og følger så denne på vestre side i 10 meters avstand op til sagbruksbygningen. Herfra går strekninga op til Fyresdammen med 5 meters avstand på vestre side av sagbruksbygningen og den derfra gående transportbane op til Fyresdammen, følger så Fyresdammen til et trekantet brukar og derfra følger linjen vasdraget ned til Drang. Grenselinjen er på vestsiden av denne strekninga nærmere bestemt ved deilder.

Selskapet skal ha fri adkomstret fra og til ovennemnte tomtestrækninger både fra Drang og Fyresvand og ret til frit innslag av ovennemnte driftsvand fra bassinet ovenfor.

Ovenfor Fyresdammen har også ovennemnte interessentskap ret til langs med stranden op til plassen Øinas land at anlegge brygger og bolverk og benytte disse, som selskapet finner passende nødvendig for driften.

Interessentskapet betaler eieren av Øina i årlig leie kr. 10,- inntil 1. jan. 1913 for ovennemnte vandfall, tomt og rettigheter.

Fra 1. januar 1913 betales for samme i årlig leie kr. 50,-.

Avtala er underskrive av nemnde personar og datera 28. juli 1913. Dette er avskrift av ei rettkjend avskrift ved Øvre Telemarkens vestfj. Sorenskriveri Kviteseid 1. juli 1914, denne har Fyresdal bygdemuseum.

Glomfoss Bruk i 2011

Då Fyresdal Bygdemuseum tok over Glomfoss Bruk, var lagerbygningane nedanfor sjølve bygningen fjerna, men mykje av skinnegangen er intakt. Over dammen går det ein veg til den delen av området som ligg på vestsida. Skinnegangen opp til brygga gjekk under denne vegen og då den i seinare tid vart utbetra vart aktuell tunnel mura igjen og skinnegangen fjerna. Brygga er framleis på plass. I samband med overdraginga til Fyresdal Bygdemuseum vart tomta med lagerskur på austsida sundet overdrege til naboeigedomen der.

Då museet tok over, var det mykje entusiasme lokalt og generelt, bygningen vart mykje utbetra og det vart gjort ei grundig opprydding ute og inne. Det har vore gjort fleire framstøyt for å på ein eller annan måte få aktivisera det unike anlegget, men førebels har ein ikkje kome lengre med det. I det konsolidera Vest-Telemark Museum er dette ein heilt perifer utkant og er heilt avhengig av lokalt engasjement. Museumsflagget vaiar over anlegget, men førebels ligg det der avventande på at nokon finn vegen vidare. Det har vore mange tankar, mellom anna har Fyresdal rikeleg med anlegg frå perioden det var fløyting og ein har fløytingsbåten Teisner som kan restaurerast, men då er det mange ting som må klaffe. Anlegget er godt vedlikehalde så ein har noko tid på seg, men det fortener aktivitet.

Kjelder

  • Veum, Lars: Fyresdal Bygdemuseum gjennom 100 år. Fyresdal Bygdemuseum 2009
  • Veum, Lars: Kilegrend. Grenda i sør. Kilegrend Grendelag 2011.
  • Veum, Lars: Fløyting og vassdrag i Fyresdal. Fyresdal kommune og Fyresdal skogeigarlag 2008.
  • Fyresdal Bygdemuseum