Glomfoss Bruk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. aug. 2011 kl. 18:35 av Olav Momrak-Haugan (samtale | bidrag) (Ny side: '''Glomfoss Bruk''' i Kilegrend er Gnr. 25/2 festenummer 11. Bruket vart starta opp i 1908, drifta opphøyrde i 1980-åra og i 2011 er Fyresdal Bygdemuseum eigar. [...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Glomfoss Bruk i Kilegrend er Gnr. 25/2 festenummer 11. Bruket vart starta opp i 1908, drifta opphøyrde i 1980-åra og i 2011 er Fyresdal Bygdemuseum eigar.

Glomfoss Bruk og Glomsdammen (Fotograf ukjent, før 1914)
Fløytingskart over Kilegrend

Oppstarting og drift

I Kilegrend vart det i lang tid attende arbeidd med fleire dammar og nokre mindre sagbruk men så kom det planar om eit større sagbruk ved Glomfoss og i 1908 stod det ferdig. Eigarar i 1913 var Tjostolv Kiland, Helge Kiland, Ketil Sundslid, T. K. Kiland og Ketil J. Kiland. Det blei skipa eit aksjeselskap 10. august 1919 av skogeigarar. Aksjebreva er i 1919 underskrive av Nils Lotsberg, Ketil Kiland og Ketil Sundsli, Nils Lotsberg var forretningsførar for bruket. Av aksjebrev ser ein at det fyrst var tenkt på namnet Øyfoss på grunn av lokaliseringa på Øyne, men det er eit anna sagbruk med dette namnet og difor vart namnet Glomfoss.

Det var naturleg at det vart sett opp ved Glomfoss då dette er i enden av Fyresvatn. Ei større øy, Øyne, gjer at det er to utløp, kvar med sin dam, Rusdammen og Glomsdammen.Bruket skaffa arbeid for ein god del folk og det var ikkje berre Fyresdal som fekk materialar frå Glomfoss. Det vart til og med sendt materialar til Nissedal og heilt ned til Seljord.

På Fyresvatn vart dampbåten D/S Fyresdal nytta til å slepe tømmeret utover til Kilegrend. Tømmeret vart samla i ringar/sopper og ein nytta seg helst og av medvind.

I 1914 vart det laga ny dam ved Glom og det vart skote ut ein tunnel slik at det vart lettare å regulere utsleppet av vatn frå Fyresvatn. Glomfoss er det austre/venstre utløpet frå vatnet. På bilete ser vi at det tømmeret som skal til Glomfoss Bruk vert leida mot dette ved hjelp av ein bom. Der er eit basseng inntil huset som tek mot tømmeret som så vert frakta inn i sagbruket på noko som likna ein kjerrat. Dette bassenget fungerar og som inntak til turbinen, turbin - huset ser vi på utsida av huset.

Sjølve huset er i to høgder. Oppe er det ein større panelhøvel med mange profilar. Vidare er der ein stor sagbenk og fleire mindre sager og anna som høyrer med i denne samanhengen. Frå denne høgda vart materialane køyrd ut ved hjelp av ein skinnegang og lagra i skur nedstraums mot Drang i høve til bygningen. I underetasjen er der ei rekke innretningar som må til for å drive innretningane oppe, mellom anna ei meng med akslingar og drivreimar i alle retningar. Der er og ein større slipestein.

Når så materialane skulle bringast vidare vart dei transportera på skinnegang til ei brygge med bolverk ovanfor dammen, denne ser vi tydeleg på eit foto. Frå denne brygga vart materialane frakta på ein lekter over sundet til austsida der det var veg. Her hadde Glomfoss Bruk ei tomt med lagerskur. Vidare transport vart då med hest eller båt avhengig av kor ein skulle, seinare med bil.


Overdraging til Fyresdal Bygdemuseum

Glomfoss Bruk vart etter kvart nedslite og umoderne og sagbruksdrifta vart nedlagd. Aksjeselskapet vart oppløyst i 1980 – åra. I 1990 vart det drøfta kva ein skulle gjere med bruket som stod der intakt. Ein hadde freista å få det i enkel bruk att, men dette hadde ikkje lukkast. Fyresdal Bygdemuseum sa seg viljug til å ta over ansvaret og 31. august 1994 vart Glomfoss Bruk A/S v/ Olav K. Kiland overdrege til Fyresdal Bygdemuseum, skøyte tinglyst ved Vest-Telemark sorenskrivarembete, dagboknummer 1983. Same dato er det og tinglyst eit registreringsbrev for grunneigedom/festegrunn med dei grensene som står beskrive i leigekontrakt datera 28. juli 1913.

Tomta til Glomfoss Bruk er ei festetomt og mellom grunneigar og bruket er det laga til ei leigekontrakt i 1913.


Leigekontrakt

Leiekontrakt:

Undertegnede J. H. Kiland, som eier av Øyna, bruks no matr no i Fyresdal erkjender herved at ha oprettet med interessentskapet a/s Glomfoss Bruk, hvis eier for tiden er: Tj. Kiland, Helge Kiland, Ketil Sundslid, T. K. Kiland og Ketil Kiland følgende leiekontrakt:

T. K. Kiland bortleier herved til a/s Glomfoss Bruk et fossefald på vestre side av Glomfoss, samt 1m3 driftsvand pr. sek til drift av den turbin det der stående sagbruk og høvleri har opsat. Endvidere bortleies til interessentselskapet følgende tomtestrækninger der begrenses således: Grenselinjen begynder nede ved Drang, 10 m vestenfor den herfra anlagte transportbane og følger så denne på vestre side i 10 meters avstand op til sagbruksbygningen. Herfra går strekninga op til Fyresdammen med 5 meters avstand på vestre side av sagbruksbygningen og den derfra gående transportbane op til Fyresdammen, følger så Fyresdammen til et trekantet brukar og derfra følger linjen vasdraget ned til Drang. Grenselinjen er på vestsiden av denne strekninga nærmere bestemt ved deilder.

Selskapet skal ha fri adkomstret fra og til ovennemnte tomtestrækninger både fra Drang og Fyresvand og ret til frit innslag av ovennemnte driftsvand fra bassinet ovenfor.

Ovenfor Fyresdammen har også ovennemnte interessentskap ret til langs med stranden op til plassen Øinas land at anlegge brygger og bolverk og benytte disse, som selskapet finner passende nødvendig for driften.

Interessentskapet betaler eieren av Øina i årlig leie kr. 10,- inntil 1. jan. 1913 for ovennemnte vandfall, tomt og rettigheter.

Fra 1. januar 1913 betales for samme i årlig leie kr. 50,-.

Avtala er underskrive av nemnde personar og datera 28. juli 1913. Dette er avskrift av ei rettkjend avskrift ved Øvre Telemarkens vestfj. Sorenskriveri Kviteseid 1. juli 1914, denne har Fyresdal bygdemuseum.


Kjelder

  • Veum, Lars. Fyresdal Bygdemuseum gjennom 100 år. Fyresdal Bygdemuseum 2009
  • Veum, Lars. Kilegrend. Grenda i sør. Kilegrend Grendelag 2011.
  • Veum, Lars. Fløyting og vassdrag i Fyresdal. Fyresdal kommune og Fyresdal skogeigarlag. 2008.
  • Fyresdal Bygdemuseum