Grindverk: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 2: | Linje 2: | ||
[[image:gamleloen.jpg|thumb|300 px|right|Gamleløa på Hushaugen på Kleppe på [[Askøy]] var bygd med grindverk. Løa vart riven da Kleppe skule vart bygd ut i [[2006]].]] | [[image:gamleloen.jpg|thumb|300 px|right|Gamleløa på Hushaugen på Kleppe på [[Askøy]] var bygd med grindverk. Løa vart riven da Kleppe skule vart bygd ut i [[2006]].]] | ||
[[image:eksempelgrindverk.jpg|thumb|300 px|right|Grindverkskonstruksjonen består av grinder med to stavar, ein tverrliggjande bete/bjelke og to snedband.]] | [[image:eksempelgrindverk.jpg|thumb|300 px|right|Grindverkskonstruksjonen består av grinder med to stavar, ein tverrliggjande bete/bjelke og to snedband.]] | ||
<onlyinclude>'''Grindverk''', '''grindbygg''' eller '''grindverksbygg''', òg kalla ''troskykkje'' (Hardanger), er ein [[byggjeteknikk]] som tradisjonelt har vore mykje bruka i Vest-[[Europa]]. På [[Vestlandet]] i [[Noreg]] har denne byggjemåten vore mest bruka til [[løe]]r og [[naust]] dei siste få hundreåra. Byggjemåten er elles ukjent i Noreg nordom [[Romsdal]] og austom [[Rogaland]].</onlyinclude> | <onlyinclude>'''[[Grindverk]]''', '''grindbygg''' eller '''grindverksbygg''', òg kalla ''troskykkje'' (Hardanger), er ein [[byggjeteknikk]] som tradisjonelt har vore mykje bruka i Vest-[[Europa]]. På [[Vestlandet]] i [[Noreg]] har denne byggjemåten vore mest bruka til [[løe]]r og [[naust]] dei siste få hundreåra. Byggjemåten er elles ukjent i Noreg nordom [[Romsdal]] og austom [[Rogaland]].</onlyinclude> | ||
Mange meiner at denne konstruksjonsteknikken er ei vidareutvikling av forhistoriske byggjemåtar for [[langhus]] der folk og fe budde under eitt tak som vart bore av parstilte, jordgrovne stolpar. [[Arkeologi]]ske undersøkingar har påvist stolpehol etter langhus som kan vera over 4 000 år gamle. I dag finn vi grindverk i gamle [[løe]]r , [[naust]] og uthus. | Mange meiner at denne konstruksjonsteknikken er ei vidareutvikling av forhistoriske byggjemåtar for [[langhus]] der folk og fe budde under eitt tak som vart bore av parstilte, jordgrovne stolpar. [[Arkeologi]]ske undersøkingar har påvist stolpehol etter langhus som kan vera over 4 000 år gamle. I dag finn vi grindverk i gamle [[løe]]r , [[naust]] og uthus. |
Sideversjonen fra 28. jan. 2008 kl. 17:45
Grindverk, grindbygg eller grindverksbygg, òg kalla troskykkje (Hardanger), er ein byggjeteknikk som tradisjonelt har vore mykje bruka i Vest-Europa. På Vestlandet i Noreg har denne byggjemåten vore mest bruka til løer og naust dei siste få hundreåra. Byggjemåten er elles ukjent i Noreg nordom Romsdal og austom Rogaland.
Mange meiner at denne konstruksjonsteknikken er ei vidareutvikling av forhistoriske byggjemåtar for langhus der folk og fe budde under eitt tak som vart bore av parstilte, jordgrovne stolpar. Arkeologiske undersøkingar har påvist stolpehol etter langhus som kan vera over 4 000 år gamle. I dag finn vi grindverk i gamle løer , naust og uthus.
Grindbygde hus har to eller fleire grinder etter kvarandre på tvers av lengderetninga på huset. Antalet grinder blir avgjort av huslengda. Ei grind har to stavar som blir samanbundne med ein bete (tverrbjelke) og to (eller to par) snedband (skråband). Tradisjonelt blir det ikkje brukt spikar, men snedbanda er festa med trenaglar laga i eit hardt tremateriale (for eksempel eine eller spik). Over beten, inntil stavane, ligg to stavlægjer som bind huset saman i lengderetninga og støttar taksperrene. Knutepunktet mellom stav, bete og stavlægje er slik utforma slik at alle delane blir fast samanlåste. Stavane i grindhus er ikkje nedgrovne i jord slik som i forhistoriske hus, men står på stein.
Grindkonstruksjonen har i nyare tid stort sett berre vore bruka til uthus som ikkje treng oppvarming. Veggene er oftast av bordkledd bindingsverk. Bindingsverket kan vera frittståande utanfor rekkja av stavar, eller det kan vera festa til stavane i kvar grind.
Lenkjer
- Løset, Jørn Olav: «Grindverksbygg – eldgammel byggetradisjon fra Vest-Norge», på Jordbruk.info
- «Grindbygg» frå Sommarfjoset.com
- Grindbygg.com — grindverksbyggtilbod frå handverkaren Øystein Ramsli
- «Byggeteknikkar: Stavkonstruksjonar» frå Sunnfjord Museum
{Wikipedia|no|Grindverk}}