Gunnar Røstad: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Noen tillegg og referanser.)
(pirk)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>{{thumb|Gunnar Rostad.jpg|Gunnar Rostad i 1915.|Marguirite Rostad}}</onlyinclude>
<onlyinclude>{{thumb|Gunnar Rostad.jpg|Gunnar Rostad i 1915.|Marguirite Rostad}}</onlyinclude>
{{thumb|No-nb digibok 2008040704114 0078 1.jpg|Brugata 6, der Gunnar Røstad hadde sin siste verkstad. Illustrasjon henta frå boka ''Oslo - Kristiania'', 1924}}
{{thumb|No-nb digibok 2008040704114 0078 1.jpg|Brugata 6, der Gunnar Røstad hadde sin siste verkstad. Illustrasjon henta frå boka ''Oslo - Kristiania'', 1924}}
<onlyinclude>'''[[Gunnar Røstad|Gunnar Marthinius Røstad]]''' (født [[27. oktober]] [[1874]] i [[Øvrebø (Vennesla)|Øvrebø]], død 19. mars [[1947]] i [[Oslo]]) var ein felemakar frå Øvrebø i [[Vennesla kommune|Vennesla]], som gjennom mange år hadde verkstad i Oslo. Han blir av mange rekna som den beste felemakaren på 1900-talet.  
<onlyinclude>'''[[Gunnar Røstad|Gunnar Marthinius Røstad]]''' (født [[27. oktober]] [[1874]] i [[Øvrebø (Vennesla)|Øvrebø]], død 19. mars [[1947]] i [[Oslo]]) var ein felemakar frå Øvrebø i [[Vennesla kommune|Vennesla]], som gjennom mange år hadde verkstad i Oslo. Han var son av Anders Gundersen Horne og Tomine Elisabeth Andreasdotter. Den 6. desember 1874 blei han døypt i [[Øvrebø kyrkje]]. Navneforma som er skreve ned i kyrkjeboka er Gunder Marthinius, men han nytta seinare forma Gunnar.  


Han var son av Anders Gundersen Horne og Tomine Elisabeth Andreasdotter. Den 6. desember 1874 blei han døypt i [[Øvrebø kyrkje]]. Navneforma som er skreve ned i kyrkjeboka er Gunder Marthinius, men han nytta seinare forma Gunnar.  
Han lærte kunsten å bygge feler av mellom anna faren og bestefaren, og han gjekk i lære hos flere dyktige spelemenn og felemakarar, mellom anna og Leif Sandsdalen <ref>Kyvik 1947, side 54</ref>. Røstad blir av mange rekna som den beste felemakaren på 1900-talet.  


Han lærte kunsten å bygge feler av mellom anna faren og bestefaren, og han gjekk i lære hos flere dyktige spelemenn og felemakarar, mellom anna og Leif Sandsdalen <ref>Kyvik 1947, side 54</ref>.
Røstad dro heimanfra som sekstenåring, og tok arbeid i [[Kristiansand]] - på mekanisk verkstad, på hotell og på asyl. Han gjekk underoffiserskulen i Kristiansand frå 1895, og ble politikonstabel. Felemakeri måtte gjeres i fritida <ref>Kyvik 1947, side 55 </ref>. Til slutt havna han i [[Kristiania]]. I [[folketellinga 1900]] finn vi han på adressa [[Wilses gate (Oslo)|Wilses gate]] 8, og yrket var politikonstabel. Han var då ugift. Der tok han arbeid mellom anna som vaktmester på [[Norsk Folkemuseum]] og i Hagens sportsforretning i [[Kirkegata (Oslo)|Kirkegata]] - der han ble satt til å lage utstyr til [[Roald Amundsen]] og til kongefamilien <ref> Kyvik 1947, side 55.56</ref>.
 
Røstad dro heimanfra som sekstenåring, og tok arbeid i Kristiansand - på mekanisk verkstad, på hotell og på asyl. Han gjekk underoffiserskulen i Kristiansand frå 1895, og ble politikonstabel. Felemakeri måtte gjeres i fritida <ref>Kyvik 1947, side 55 </ref>. Til slutt havna han i [[Kristiania]]. I [[folketellinga 1900]] finn vi han på adressa [[Wilses gate (Oslo)|Wilses gate]] 8, og yrket var politikonstabel. Han var då ugift. Der tok han arbeid mellom anna som vaktmester på [[Norsk Folkemuseum]] og i Hagens sportsforretning i [[Kirkegata (Oslo)|Kirkegata]] - der han ble satt til å lage utstyr til [[Roald Amundsen]] og til kongefamilien <ref> Kyvik 1947, side 55.56</ref>.


==Verkstaden i Oslo==
==Verkstaden i Oslo==

Sideversjonen fra 2. aug. 2023 kl. 07:54

Gunnar Rostad i 1915.
Foto: Marguirite Rostad
Brugata 6, der Gunnar Røstad hadde sin siste verkstad. Illustrasjon henta frå boka Oslo - Kristiania, 1924

Gunnar Marthinius Røstad (født 27. oktober 1874 i Øvrebø, død 19. mars 1947 i Oslo) var ein felemakar frå Øvrebø i Vennesla, som gjennom mange år hadde verkstad i Oslo. Han var son av Anders Gundersen Horne og Tomine Elisabeth Andreasdotter. Den 6. desember 1874 blei han døypt i Øvrebø kyrkje. Navneforma som er skreve ned i kyrkjeboka er Gunder Marthinius, men han nytta seinare forma Gunnar.

Han lærte kunsten å bygge feler av mellom anna faren og bestefaren, og han gjekk i lære hos flere dyktige spelemenn og felemakarar, mellom anna og Leif Sandsdalen [1]. Røstad blir av mange rekna som den beste felemakaren på 1900-talet.

Røstad dro heimanfra som sekstenåring, og tok arbeid i Kristiansand - på mekanisk verkstad, på hotell og på asyl. Han gjekk underoffiserskulen i Kristiansand frå 1895, og ble politikonstabel. Felemakeri måtte gjeres i fritida [2]. Til slutt havna han i Kristiania. I folketellinga 1900 finn vi han på adressa Wilses gate 8, og yrket var politikonstabel. Han var då ugift. Der tok han arbeid mellom anna som vaktmester på Norsk Folkemuseum og i Hagens sportsforretning i Kirkegata - der han ble satt til å lage utstyr til Roald Amundsen og til kongefamilien [3].

Verkstaden i Oslo

I 1907 opna han verkstad i Lille Grændsegate 4 i Kristiania. Verkstaden vart flytta fleire gonger, mellom anna til Eilert Sundts gate 27, Stortingsgata, Vålerenga, Rosenkrantz' gate, Nordahl Bruns gate 22 og sist til Brugata 6.

I folketellinga 1910 finn vi han i Korsgata 26 saman med kona Hilda Marie Røstad (1877-1950), født i Stokke, og fire born, alle født i Kristiania. Under yrke står det «Violinmaker arbeide for egen regning, arbeider alene».

Sjølv om han likte best å arbeide aleine, var det fleire andre felemakarar som var i lære hos han i kortare periodar, som K.Ø. Rudi, Torleiv Frøysaa, Ole G. Skogly, Erik Kleven og Kjell Flatin. Mange kjente spelemenn har hatt feler laga av Røstad. Ein kan nemne Henrik Gjellesvik, Alfred Maurstad, Lorentz Hop, Arne Bjørndal, Klaus Sande, Jon Rosenlid, Haldor Meland, Truls Ørpen, Sjur Helgeland, Eilev Smedal, Gunleik Smedal og Torkjell Haugerud.

Norsk Folkemuseum dokumenterte verkstaden og arbeidet til Røstad, og kjøpte alt felemakarverktyg etter Gunnar Røstad etter at han døydde.

Gunnar Røstad er gravlagt på Vestre gravlund i Oslo med kona Hilda Marie.

Referanser

  1. Kyvik 1947, side 54
  2. Kyvik 1947, side 55
  3. Kyvik 1947, side 55.56

Kjelder

Gunnar Røstad er gravlagt på Vestre gravlund i Oslo med kona Hilda Marie. Gravminnet er prega av tidens tann, og noko vanskeleg å lesa.
Foto: Stig Rune Pedersen (2022)

Eksterne lenker