Gunnar Røstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnar Rostad i 1915.
Foto: Marguirite Rostad
Brugata 6, der Gunnar Røstad hadde sin siste verkstad. Illustrasjon henta frå boka Oslo - Kristiania, 1924

Gunnar Marthinius Røstad (født 27. oktober 1874 i Øvrebø, død 1947 i Oslo) var ein felemakar frå Øvrebø i Vennesla, som gjennom mange år hadde verkstad i Oslo. Han blir av mange rekna som den beste felemakaren på 1900-talet.

Han var son av Anders Gundersen Horne og Tomine Elisabeth Andreasdotter. Den 6. desember 1874 blei han døypt i Øvrebø kyrkje. Navneforma som er skreve ned i kyrkjeboka er Gunder Marthinius, men han nytta seinare forma Gunnar.

Han lærte kunsten å bygge feler av mellom anna sin far og sin bestefar, og han gjekk i lære hos Ander Kristian Kleven. I 1907 opna han verkstad i Lille Grændsegate 4 i Kristiania. Verkstaden vart flytta fleire gonger, mellom anna til Eilert Sundts gate 27, Stortingsgata, Vålerenga, Rosenkrantz' gate, Nordahl Bruns gate 22 og sist til Brugata 6.

Han flytta til Kristiania ei tid før han opna verkstaden. I folketellinga 1900 finn vi han på adressa Wilses gate 8, og yrket var politikonstabel. Han var då ugift. I folketellinga 1910 finn vi han i Korsgata 26 saman med kona Hilda Marie Røstad (f. 1877 i Stokke) og fire born, alle født i Kristiania. Under yrke står det «Violinmaker arbeide for egen regning, arbeider alene».

Sjølv om han likte best å arbeide aleine, var det fleire andre felemakarar som var i lære hos han i kortare periodar, som K.Ø. Rudi, Torleiv Frøysaa, Ole G. Skogly, Erik Kleven og Kjell Flatin. Mange kjente spelemenn har hatt feler laga av Røstad. Ein kan nemne Henrik Gjellesvik, Alfred Maurstad, Lorentz Hop, Arne Bjørndal, Klaus Sande, Jon Rosenlid, Haldor Meland, Truls Ørpen, Sjur Helgeland, Eilev Smedal, Gunleik Smedal og Torkjell Haugerud.

Norsk Folkemuseum kjøpte alt felemakarverktyg etter Gunnar Røstad etter at han døydde.

Gunnar Røstad vart gravlagt på Vestre gravlund i Oslo.

Kjelder