Gunnvor Mandt: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Satt inn bilder)
Linje 31: Linje 31:


==Eksterne lenker==
==Eksterne lenker==
[*http://www.soge.kviteseid.no/individual.php?pid=I17448&ged=Kviteseid.GED Kviteseid Ættesoge]
*[http://www.soge.kviteseid.no/individual.php?pid=I17448&ged=Kviteseid.GED Kviteseid Ættesoge]


{{DEFAULTSORT:Mandt, Gunnvor}
{{DEFAULTSORT:Mandt, Gunnvor}}
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Kviteseid kommune]]
[[Kategori:Kviteseid kommune]]

Sideversjonen fra 26. feb. 2017 kl. 17:10

Vove kisteteppe
Foto: foto: Anne Brit Borgen
vove kisteteppe
Foto: foto: Anne Brit Borgen

Gunnvor Mandt, husflidshandverkar og tekstilkunstnar. (fødd 19.08.1926, på garden Roholdt i Vrådal). Foreldra til var Tor Sandvik (1883-1946) og Marie Kråkenes (1890-1957).

Livet og veven

Hausten 2016 hadde Gunnvor Mandt ei stor jubileumsutstilling i heimbygda, der ho viste arbeider frå eit langt og rikt liv. I høve utstillinga blei det gjeve ut ein katalog. Teksten i artikkelen er stort sett eit samandrag frå denne.

-Alt som lita minnest Gunnvor at veven hadde ein sentral rolle i heimen. Etter jol minnest ho at mora fekk på plass vevstolen og vov stoff av ull og bomull. Ho minnest også at skreddar Gunnar Ruud i Kviteseid sauma dress til far hennar av ullstoffa, og at stolane i stoga hadde setetrekk av åklesmett.

Vinteren 1945 haldt Telemark husflidslag eit 3-månadars vevkurs i andrehøgda hos Aslaug og Olaus Straumsnes i Vrådal sentrum. Kari Groven frå Brunkeberg var lærar, og 10 elevar deltok på kurset. Gunnvor deltok på kurset og minnest Kari som ein inspirerande og svært dyktig lærar. Kurset førde til at ho kunne ta på seg vevoppdrag for sal. Vinteren frå 1946 til 1947 fekk ho prøve seg som assistent på vevsalen på folkehøgskulen i Søgne. Ho lika å vidareformidle kunnskap, og året etter heldt ho det fyrste vevkurset sitt. I 1949 tok Gunnvor eit halvårskurs i vev ved Statens kvinnelige industriskole i Oslo og heldt fram på årskurset vinteren etter. I 1953 tok ho eksamen som faglærar i vev.

Vevstoga i Vrådal

På starten av 1950-talet var det mangel på arbeidsplassar for kvinner, og saman med Sylvia Hesner starta Gunnvor med vevstoge i Vrådal. Gunnvor designa og vov eigne produkt, men dei tok og oppdrag frå Husfliden m.a. bunadband. Sjal og lette ullpledd var blant dei første produkta som stod i veven, og dei blei populære. Vevstoga i Vrådal ga tilbod om praksisplassar til elevar som var ferdige med årskurs i vev ved husflidsskulane over heile landet, og gjennom åra vitja om lag 50 jenter Vrådal for å arbeide og lære om veving. Jentene vov på akkord, og løna kom etter talet på vovne meter eller produkt som blei produsert.

|Dreielsvevnader av Gunnvor Mandt|foto: Anne Brit Borgen}}

Kjelder

  • «Livet og veven – Gunnvor Mandt 90 år», ført i pennen av Hanne Julie Gåsø Roholdt.

Eksterne lenker