Gymnasbakken

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. mai 2018 kl. 10:30 av Rool (samtale | bidrag) (Lagt til tekst.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Gymnasbakken sett nordover.
Foto: Roy Olsen (2016).

Gymnasbakken i Bø i Telemark går nordover frå Bøgata ved Gamleveg til Oterholtvegen i krysset med Prestevegen.

Den omlag 550 m lange vegen har namn etter Landsgymnaset, eller «Telemark offentlege landsgymnas og Bø statsrealskule» som var det offisielle namnet (1954-64). Seinare blei namnet korta ned til Bø gymnas, og i 1980 endra til Bø vidaregåande skule.
Da vegen var ny, fekk han det uoffisiellet «Nyveg», og etter kvart blei han på folkemunne óg kalla «Bedehusbakken», etter Bø bedehus som ligg i vegen som nr. 55.

Kjelder

Koordinater: 59.41430° N 9.06206° Ø