Håkon Evjenth

Sideversjon per 4. sep. 2008 kl. 21:07 av Cnyborg (samtale | bidrag) (en dobbel lenke til)

Håkon Evjenth (18941951) var ein forfattar og jurist frå Bodø som særleg er kjent for barnebøkene sine frå nordnorsk natur.

Håkon Evjenth vart fødd i Bodø den 26. desember 1894 som son av advokat og statsråd Håkon Martin Evjenth (18651934) og Martha Backer (18671906). Han voks opp i Bodø, vart cand.jur. i 1917, og budde nokre år i Oslo før han starta eigen sakførarpraksis i Vadsø i 1921. I 1925 flytta han tilbake til Bodø.

Han debuterte som forfattar i 1927 med boka Finnmarksjakter. Gjennombrotet kom med ungdomsromanen 3 på to og 2 på fire i 1935. Dei fleste bøkene hans er komme ut i fleire utgåver. Handlinga er som regel lagt til nordnorsk villmark, og det økologiske perspektivet er gjerne framtredande, saman med ei tydeleg, underliggjande opplæring i friluftsliv, nordnorsk geografi og samisk kultur. Evjenth var i det heile teke ein foregangsmann for naturvern og friluftsliv.

Evjenth hadde stipend frå Institutt for sammenlignende kulturforskning 19271930 og budde 4 år i sjølvbygd gamme i SuonjoVarangerhalvøya. Evjenth deltok i motstandsarbeidet under andre verdskrigen, og han satt fanga først i Bodø og Trondheim, og deretter på Falstad og Grini 194345. Boka hans Krig i kvitt blir rekna som den første romanen om krigen i Nord-Noreg.

Håkon Evjenth dødde den 10. juni 1951.

Bibliografi

Skjønnlitteratur

  • 1928 – Folk under fot (roman)
  • 1935 – 3 på to og 2 på fire (ungdomsbok)
  • 1936 – På to og fire i Suonjo (ungdomsbok)
  • 1937 – Over Kjølen i kano (ungdomsbok)
  • 1939 – En fiskergutt i sameland (ungdomsbok)
  • 1940 – På langferd i grenseland (ungdomsbok)
  • 1941 – Falkefengeren (ungdomsbok)
  • 1945 – Krig i kvitt (ungdomsbok)
  • 1947 – På falskt pass (ungdomsbok)
  • 1948 – Hytta i fjellet (ungdomsbok)

Faglitteratur

  • 1927 – Finnmarksjakter
  • 1938 – Gutten som Norge glemte : Johan Koren
  • 1945 – Han som reddet verden : Winston Churchill
  • 1946 – Trollbotn (erindringsbok om livet på eiga hytte)

Kjelder

Mal:Bokmålswikipedia