Lokalhistoriewiki er nå oppe igjen etter en feil hos vår nettverksleverandør. Vi beklager ulemper nedetiden har medført.

Høydal notlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Hoydalen sett fra nord
Høydal notlag var eit notlag i Høydalen i Volda. Kva tid laget vart skipa er det til denne tid ikkje råd å finna dokumentasjon på. I dei skrifter som er framkomne så langt er heile bygda med, så nær som dei to fremste gardane i bygda. Om også dei har vore med i tidlegare tider kan ein ikkje så burt ifrå. To av gardane i Berget, Nedsteberget, gnr. 83 bnr. 1 og 2, delte ein part. Laget hadde då 14 heile partar, og vart i bygda gjerne omtala som stornotalaget.

I fyrstinga må ein tru at notlaget var organisert som eit bolkenotlag. Det vil seie at kvar part eigde ein bolk, som er ein del av nota, og var ansvarleg for vedlikehald av denne. Om kvar bolk var 960 mauskar, som er standard lengde, veit ein ikkje. Som støtte til dette vert det fortalt om ein av eigarane at hans bolk vart bøtt med heimespunnen tråd. Desse gamle nøtene var bomullsnøter, men ein kan ikkje sjå burt ifrå at der kunne vera delar av hampetråd.

Nøtene var tunge å handtera så det kom nok vel med at det var 14 partar. Stornota var cirka 120 famner lang, djupta truleg rundt 12-15 famner. I tillegg til stornota var det minst to stengenøter, truleg med litt forskjellig størrelse.

På Vikeneset, innom Høydalsvikane, var nota stundom dregen på land, dette for å turke, men også for å reparere skadar. På Vikeneset var den tida mykje glatt fjell og det vende mot sør så nota turka vel godt i sola. Låg nota lenge halvvåt i båten vart ho varm, og då tok ho skade. For å unngå det kunne nota setjast i sjøen, eit såkalla våsekast, så ho vart nedkjøld, eller ho kunne hengast til turk.

Her ser ein spelbåten, snidbetningen, innvendig og med notrull bak, lenger framme spjakespelet, på enden er der tannkrans for stoppar. Bildet er teke på Norsk Marint Museum
.

Innhold

Snidbetning

Det vert fortalt at før krigen, 1940, hadde notlaget to spelbåtar som var bygde som «snidbetningar». Knut Høydalsvik f. 29 september 1918, d. 20 desember 2009 fortalde at han hugsa begge desse båtane. Han hugsa då Færøyvik kom i 1937 og kjøpte den eine av dei, vistnok den minste på grunn av transporten. Når Knut var i Oslo var han oftast innom Norsk Folkemuseum og såg på båten. Seinare er båten overteken av Norsk Marint Museum. Der står den i arkivet som: «Notbåt med gavl og rull, NSM8840 fra 1878, bygget av Sjur Straume, Fra Høydalen i Volda, sunnmøre, Innkjøpt av B. Færøyvik for Norsk Folkemuseum i 1937, Tegning M7 i Færøyvikarkivet. Furu. Tjærebredd». Andre spesifikasjonar på denne båten har ein ikkje fått.

Som nemnt andre stader i artikelen, så finn ein lite dokumentasjon om laget. Ei kassabok frå 1946 og som rekk til 1954, er det einaste skriftelege ein har funne til denne tid. Difor er det interessant at båten som Færøyvik kjøpte har årstal for byggeår. Sjølv om ein har rekna med at laget har eksistert langt bak i tida, så har ein mangla skriftelege kjelder på det.

Den andre båten vart selt til Åmelfot notlag, men årstal for det har ein ikkje. Truleg er det mellom 1937 og 1940 at også den båten skifta eigar. Båten i Åmelfoten kan sjå ut for å vera litt meir grovbygd. Om han og er eldre er det vanskeleg å ha meining om. Denne båten har vore i bruk til utover i 1960 åra og har ikkje «stede på stas», det set sine spor.

Båten har desse måla: Lengste lengde målt etter senterlinje og riphøgde er 5,4 m til senter notrull bak, største breidde 1,94 m og djupte 0,65 m. Breidde og djupte er målt ved speltofta som er 3 m frå forstamnen. Breidda på speielen er 1,55 m og høgda er 0,38 m. Båten hadde to par keipar, minste åreparet var på framkeipane og kunne høve for ein mann. Bakårane høvde vel best for ein på kvar åre. Spantet for speltofta kan sjå ut som det er kappa ned til ripa på eit seinare tidspunkt, Truleg har spjakespelet vore lagra der. Når mekanisk spel vart montert på tofta så er nedkapping av spantet forståeleg. Om også denne båten er bygd av Sjur Straume veit ein ikkje. I så fall er det lite truleg det er på same tid.

Åmelfot notlag vart skipa i 1930 åra vert det fortalt. Ein av skiparane hadde kone frå Høydalen, det kan vere ei årsak til at ein båt frå Høydalen vart selt til Åmelfoten. Kjennskap har til alle tider vore medverkande på avgjerder. Den spelbåten Høydal Notlag hadde etter krigen (1945), er truleg bygd som erstatning når dei andre vart selde. På den tida var det fleire båtbyggarar som var medlemer i laget, så ein ny spelbåt var vel ei grei sak å ordne.

Etterkrigstida

Notabåten Trollet
Foto: Arne Høydal
Rett etter krigen (1945) var det godt sildefiske i fjordane her og optimismen var stor. Då vart det investert i både båtar, naust og nøter. Men i slutten av femtiåra spakna optimismen og litt om senn vart det slutt på noteventyret. På oppgjerdsskjema for notlaget frå 1951 er ikkje inste Høydalsneset (85/1) med lenger. Mange lister manglar, så årstal kan vera vanskeleg å seie sikkert. I rekneskapen for 1952 er fire partar i Høydalsvik betalt ut, og dei to halvpartane i Nedsteberget har vorte ein heil part på 83/2. I desember 1953 er yste Høydalsneset (85/2) betalt ut. Då er det att 8 partar og dei beheldt namnet, Høydal notlag.

Notbåten som var rett etter krigen var berekna for årar, to par. Eit av årepara var berekna for to mann på åra. Båten var alt då gamal, men kor gamal er ikkje lett å fastslå.

Bak bakarste åreromet på notbåten var ei kraftig tofte som notspelet stod på. Det var hengsla så ein la det ned framover for at det ikkje skulle vera til hinder når ein rodde. Som vanleg var det rull bak til bruk når nota vart sett. På kvar side var utsparingar for lagerbukkar der ein la suta opp i. I høveleg avstand innom lagringane sette ein i septera som styrde nota så ikkje notlinet vart rive på sutelagera. På suta var sveiv med tannhjulsutveksling for å sveive inn nota. Før, når nota vart rodd ut, kunne suta også brukast når dei sette for å lette for roarane. Men vanleg var vel ein mann på kvar side som kasta nota ut over rullen.

I den fyrste tida etter krigen vart Frost, M-14-VA brukt til å legge på sida av notbåten for å gå ut nota. Seinare vart gamlebåten til Anders Høydalsvik, M-55-VA Torleif, brukt på same måten. Truleg har ein av båtane på Bakkane også vore nytta til det same.

Ein «spelbåt» var med i utrustninga då det var landnot. Den var også utstyrt med notspel, derav namnet, sameleis som notbåten. Slik vart nota dradd inn frå båe endar. Dertil hadde mange med egne færingar så dei kunne ligge å «skimle» der nota ikkje hadde nått botnen.

Landlut

Ein fast prosent av oppgjeret for fangsten vart utbetalt til grunneigaren der fangsten vart låssett til land. På slutten av året i 1947 var det betalt ut slik landlut til grunneigarar på Fyrde, i Geitvika og i Håvika. Dette var før laget hadde eigen motorbåt. Sleping av notbåten har då vore med andre båtar frå Høydalen. Sumaren i 1954 er der utbetalt ein sum til grunneigar på Furneset, det er også landlut. Desse opplysningane er henta ut frå ei kassabok, men det gir nokre spor slik at det er råd å finna litt ut av aktiviteten til laget.

Kastet på Furnesfjorden vart gjort midtfjords, det vart diskutert kva side av fjorden ein skulle slepe til. Valget fall på Furneset. Alle kast har ei viss usikkerheit i seg, men her var usikkerheita over normalen. Det var ein motorbåt i tillegg til notabåten slik at med same det var kasta byrja ein sakte å slepa mot land. Nota hadde ein fin pose som silda gjekk i, og med noke skimling greidde ein å berge fangsten til land. Slepinga tok fleire timar. Dette var forarbeidet til det som utløyste landlut i Furneset. Etter 1954 er ikkje meir dokumentasjon funne til denne tid. Det er heller ikkje funne bøker frå før 1946.

Nøter

Liste over nøter som laget rådde over har ein ikkje. I kassaboka finn ein nokre notkjøp, men nottype og størrelse står der ingen ting om.

1946 står kjøpt ei not kr 2800,00. Der er bilfrakt på nota kr 70,00 og frakt med MRF kr 16,00. Men kvar den er kjøpt frå er ukjent, men det må vel oppfattast som ei komplett not, truleg brukt.
1947 står, kjøpt Velsviknota kr 3000,00. Denne handelen må ein tru omfatta både landnot og stengenot.
1951 kjøpt not hos Petter Hjellen kr 1043,00. Dette er nok notlin til reparasjon og lignende. Det er også kjøpt tråd, tauverk. Om prisnivå er moro å registrere at 27 kg tjere er à kr 2,40.

Forsikringsverdiar

I protokollen til Volda Branntrygdelag finn ein og nokre summar som kan fortelja litt om aktiviteten i laget. Desse årstala kan ein ikkje sjå på som absolutt for når verdiauken fann stad. Det tok gjerne litt tid før det vart vedteke å auke trygdinga. Alle mål er i heile meter, og verdiar i heile kr. Det er ikkje meir spesifisert enn slik det står her.

1946 Naust, 10x4x8 verdi kr 350, Naust, 9x4x3 verdi kr 400, 2 notbåtar kr 750, og 4 nøter kr 6.500. Samla trygdesun 1946 kr 8.000.
1947 står oppført: Naust, 11x7x4 tekt med papp, kr 750. 2 notbåtar kr 750, 6 nøter kr 9.500. Samla trygdesum 1947 kr 11.000.
1961 står oppført: Naust 11x7x5 tekt med bølgeblekk kr 5.000, 2 stk notbåtar den eine med motor kr 11.000, 6 nøter kr 15.000. Samla trygdesum 1961 kr 31.000.

Framtidstru

Opptimismen har truleg vore stor også i 1951-52, då laget byrja på tomt til nytt notanaust. Der skulle vera opptrekk for notgavl og der skulle vera henge for nøtene. Dette naustet vart ikkje ferdig medan det enno var brukbare inntekter i laget.

Den 25/9 1951 vart det kjøpt ein gavlbåt frå Årsheim notlag, i Selje kommune. Båten vart registrert i Volda med kjennemerke M-9-VA. Men den har ikkje vore i det offisielle registeret, truleg fordi at seljar ikkje har rapportert båten som seld. Det offisielle namnet er det ikkje funne dokumentasjon på, men den vart i daglegtale kalla «Trollet», klikk på lenkja og der er meir informasjon.

Fangstinntekter for 1954 viser på ei «innberetning» til riksskattestyret frå Feitsildfiskernes Salslag, Trondheim, at det er utbetalt kr 8346,39. Det kan sjå ut som det er eit av dei gode åra.

Eksterne lenkjer

Artiklar i Kjeldearkivet, knytt til notlaget

Knut Høydalsvik har skrive desse fire artiklane. Det er fortalt med Knut sin penn i åra frå 1990 og nesten til han døde i 2009. Dette er leseverdig, og det fortel mykje om temaet, notlag.

Bilde frå Høydal notlag

Kilde

  • Kassabok for Høydal notlag
  • Busetnadssoga for Volda band 3
  • Volda Branntrygdelag, krinsprotokoll G
  • Norsk Marint Museum
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy