Halsa prestegjeld: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
m (Teksterstatting – «Kategori:Halsa kommune» til «Kategori:Halsa (tidligere kommune) Kategori:Heim kommune») |
||
Linje 19: | Linje 19: | ||
[[Kategori:Prestegjeld]] | [[Kategori:Prestegjeld]] | ||
[[Kategori:Møre bispedømme]] | [[Kategori:Møre bispedømme]] | ||
[[Kategori:Halsa kommune]] | [[Kategori:Halsa (tidligere kommune)]] | ||
[[Kategori:Heim kommune]] | |||
{{nn}} | {{nn}} |
Nåværende revisjon fra 1. jan. 2020 kl. 02:56
Halsa prestegjeld i Ytre Nordmøre prosti vart utskilt frå Stangvik prestegjeld, der det er nemnt som annekssokn i 1589. Det vart oppretta som eige prestegjeld i 1876.
I 1813 vart gardane Indre Taknes, Ytre Taknes, Glåmen, Stigen, Kletten og Strand overført frå Edøy prestegjeld til Halsa sokn. I 1863 vart så gardsnummer 51–62 og 188–211 i Halsa sokn overført til det nyoppretta Straumsnes sokn i Tingvoll prestegjeld. I 1867 følgde Magnildberget med over til Straumsnes. I 1876 vart Halsa sokn utskilt frå Stangvik prestegjeld og Tustna sokn frå Edøy prestegjeld, og Halsa prestegjeld vart oppretta.
I 1880 vart gardsnummer 63–72 i Halsa overført til Tingvoll prestegjeld, og i 1914 ble gardsnummer 1–5 overført til Åsskard sokn i Stangvik prestegjeld. Dei delane av Ertvågøya som låg i Tustna og Valsøyfjord kommunar, vart frå 1. januar 1965 overført til Aure sokn i Aure prestegjeld. Innlandet krets vart overført frå Aure kommune til Halsa kommune i 1975, og året etter vart den kyrkjelege grensa justert tilsvarande.
Ved avskaffinga av prestegjelda i 2000-åra hadde Halsa tre sokn: Halsa, Tustna og Valsøyfjord. Prestegjeldet vart erstatta av Halsa kyrkjelege fellesråd.
Sokneprestar
- 1900–1908: Georg Marius Monsen
Kjelder
- Prestegjeld og sokn i Møre og Romsdal på Digitalarkivet
- Årbok for Den norske kirke. Utg. Kirkens informasjonstjeneste. Oslo. 2004. Digital versjon på Nettbiblioteket