Hanne Kolstø

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. sep. 2012 kl. 07:49 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Hanne Kolstø er ein artist og låtskrivar som er fødd i Sykkylven. Ho starta songkarriera si tidleg og var heilt frå tiårsalderen med på Ungdommens kulturmønstring i heimkommunen. ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Hanne Kolstø er ein artist og låtskrivar som er fødd i Sykkylven. Ho starta songkarriera si tidleg og var heilt frå tiårsalderen med på Ungdommens kulturmønstring i heimkommunen. Dei siste åra har ho hatt base i Kristiansand. Det var også her ho tok musikkutdanninga si, ved Musikkonservatoriet.

Som artist og låtskrivar er Hanne Kolstø svært produktiv og allsidig. Ho er samtidig engasjert i fire bandprosjekt, med blant andre det episke, nittitalsflørtande Love:Fi og det mystiske triphop-ensemblet Thelma & Clyde. Ho har bak seg seks plateutgjevingar på fire år. Hennar første solo-plate, Riot-Break, kom ut i september 2011, og har fått gode kritikkar frå heile spekteret av norske musikkanmeldarar. Plata blei lansert i Tyskland og USA i april 2012. Om Hanne Kolstø heitte det i ein presse-omtale: "Live fascinerer hun med sin skjødesløse omgang med loop-station, og lar store, komplekse lydbilder tegne seg fframfor øynene på et stadig større, dedikert publikum. I glemte spilledåser og kasserte synthesizere finner Hanne Kolstø frem bortgjemte melodier og skaper vakre, svevende poplåter som fester seg i øret."