Hans Barlien: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 86: Linje 86:
Komiteen i Namdalseid tok opp spørsmål som oppkreving av tiende, bru- og vegsaker, forbetring av omgangsskulen, og dei fekk til at det vart halde konfirmasjon i annekskyrkja på Elden, ikkje berre i hovudkyrkja.
Komiteen i Namdalseid tok opp spørsmål som oppkreving av tiende, bru- og vegsaker, forbetring av omgangsskulen, og dei fekk til at det vart halde konfirmasjon i annekskyrkja på Elden, ikkje berre i hovudkyrkja.


Det vart oppretta ein tilsvarande komite i Barliens opphavlege heimbygd Overhalla, og formann der var Barliens svigerson Salomon Solum. Styresmaktene sette i gang undersøkingar kring Barliens verksemd på dette feltet, og det resulterte i at amtmannen 10. april 1830 utferda tiltaleordre mot Barlien, der eitt av åtte punkt galdt brot på ei forordning frå 1765 som inneheld forbod mot samankalling av allmugen.<ref>Aavatsmark, O.S. 1954:114.</ref> Det var denne tiltalen som kom i vegen for Aaset i samband med stortingsvalet i 1829 og 1832, og som han vart frikjend for i Høgsterett (sjå ovanfor).
Det vart oppretta ein tilsvarande komite i Barliens opphavlege heimbygd Overhalla, og formann der var Barliens svigerson Salomon Solum. Styresmaktene sette i gang undersøkingar kring Barliens verksemd på dette feltet, og det resulterte i at amtmannen 10. april 1830 utferda tiltaleordre mot Barlien, der eitt av åtte punkt galdt brot på ei forordning frå 1765 som inneheld forbod mot samankalling av allmugen.<ref>Aavatsmark, O.S. 1954:114.</ref> Det var denne tiltalen som kom i vegen for Barlien i samband med stortingsvalet i 1829 og 1832, og som han vart frikjend for i Høgsterett (sjå ovanfor).
 
Debatten om kommunalt sjølvstyre var i full gang på denne tida, og Stortinget vedtok eit forslag til formannskapslover for by og land i 1833, enda om det ikkje vart sanksjonert av kongen før i 1837. Barliens tankar om lokalt sjølvstyre gjekk monaleg lenger enn prinsippa formannskapslovene gav høve til. Han ville gje kommunen lovgjevingsrett i ei viss utstrekning, dvs. på område der slik lovgejving ikkje ville gå ut over andre lokalsamfunns rettar. Likeins ville han gje lokalsamfunnet innverknad på utnemning av embetsmenn. Han ville for eksempel overflødiggjere futeembetet ved at lokalbefolkninga sjølv fekk velje sine oppebørselsbetjentar.<ref>Aavatsmark, O.S. 1954:136-138.</ref>


=== Samfunnssyn og politisk ideologi ===
=== Samfunnssyn og politisk ideologi ===
Linje 97: Linje 99:
Denne samfunnsanalysen blir så lagt til grunn for to markante standpunkt: Embetsmennene skal ikkje ha røysterett, og folkets øvste tenar, kongen, skal ha makt til «at antage eller forkaste de Love som Storthinget udfærdiger». Barlien gjekk altså inn for kongeleg absolutt [[vetorett]]. Det er likevel langt frå at han ønskte eineveldet tilbake, slik ein såg tendensar til i [[Bondeaksjonene 1818|bondeopprøret i 1818]]. Barlien gjekk sterkt inn for maktfordelingsprinsippet, utlagt slik:: «a) at Folket skal give sig Love selv; b) at Kongen skal overholde og udøve Loven; og c) at Rigsretten og Høiesteret skal dømme i Følge Loven.»
Denne samfunnsanalysen blir så lagt til grunn for to markante standpunkt: Embetsmennene skal ikkje ha røysterett, og folkets øvste tenar, kongen, skal ha makt til «at antage eller forkaste de Love som Storthinget udfærdiger». Barlien gjekk altså inn for kongeleg absolutt [[vetorett]]. Det er likevel langt frå at han ønskte eineveldet tilbake, slik ein såg tendensar til i [[Bondeaksjonene 1818|bondeopprøret i 1818]]. Barlien gjekk sterkt inn for maktfordelingsprinsippet, utlagt slik:: «a) at Folket skal give sig Love selv; b) at Kongen skal overholde og udøve Loven; og c) at Rigsretten og Høiesteret skal dømme i Følge Loven.»


Det er openbert at Barlien tenkjer på politiske rettar som noko som skal fordelast blant samfunnsgrupper meir enn som ein individuell borgarrett. Men etter tid og omstende er det likevel god grunn til å karakterisere Barlien som demokrat. Om han ville ha grunnlovsendringar som mellom anna avgrensa embetsmennenes innverknad, såg han den norske grunnlova som den beste i Europa. Han meinte at grunnlovas ånd best kunne uttrykkast ved «''Frihed'', ''Lighed'' samt ''Sikkerhed'' for Ære, Eiendom og Liv, og at lige fra Christi Tid Naturens Lov har været udtrykt ved ''Kjærlighed'', hvilke fire Hovedegenskaber indbefattes i den sande Retfærdighed».<ref>Barlien, H. 1833, her sitert frå Aavatsmark, O.S. 1954:132.</ref> Og medan Barlien ville ta frå embetsmennene røysteretten ville han på den andre sida utvide den folkelege røysteretten. Han fann det meiningslaust at føderådsmenn ikkje skulle kunne behalde røysteretten når dei overlet garden til andre. Han ville ha vekk femårsregelen som Grunnlova sette som minste kontrakttid ein leiglending kunne ha for å få røyste. Barlien var også for at husmenn med ei viss avgift skulle få røysterett.<ref>Aavatsmark, O.S. 1954:138.</ref>
Det er openbert at Barlien tenkjer på politiske rettar som noko som skal fordelast blant samfunnsgrupper meir enn som ein individuell borgarrett. Men etter tid og omstende er det likevel god grunn til å karakterisere Barlien som demokrat. Om han ville ha grunnlovsendringar som mellom anna avgrensa embetsmennenes innverknad, såg han den norske grunnlova som den beste i Europa. Han meinte at grunnlovas ånd best kunne uttrykkast ved «''Frihed'', ''Lighed'' samt ''Sikkerhed'' for Ære, Eiendom og Liv, og at lige fra Christi Tid Naturens Lov har været udtrykt ved ''Kjærlighed'', hvilke fire Hovedegenskaber indbefattes i den sande Retfærdighed».<ref>Barlien, H. 1833, her sitert frå Aavatsmark, O.S. 1954:132.</ref> Og medan Barlien ville ta frå embetsmennene røysteretten, ville han på den andre sida utvide den folkelege røysteretten. Han fann det meiningslaust at føderådsmenn ikkje skulle kunne behalde røysteretten når dei overlet garden til andre. Han ville ha vekk femårsregelen som Grunnlova sette som minste kontrakttid ein leiglending kunne ha for å få røyste. Barlien var også for at husmenn med ei viss avgift skulle få røysterett.<ref>Aavatsmark, O.S. 1954:138.</ref>


Ut frå gjennomgåtte kjelder er det uvisst om Barlien har vore inne på tanken om å gje kvinner den same retten. Men han tala elles ofte for å styrke kvinna si stilling, mellom anna ved å syte for betre utdanning for dei. I følgje Aavatsmark kravde Barlien at kvinna «i alle måter skal ha de samme rettigheter som mannen», og siterer så Barlien sjølv i grunngjevinga: «paa det at man ikke skal bygge sin Samfunds-Forening paa en almindelig Uretfærdighed». Det var også ei meir materiell grunngjeving frå Barliens side i dette spørsmålet. Kvinnen skulle ha betre utdanning for å «danne duelige Mødre, som gives fornøden Kundskab til at avle og opdrage fuldkomne og med godt Gemyt begavede Børn.»<ref>Aavatsmark, O.S. 1954:150.</ref>
Ut frå gjennomgåtte kjelder er det uvisst om Barlien har vore inne på tanken om å gje kvinner den same retten. Men han tala elles ofte for å styrke kvinna si stilling, mellom anna ved å syte for betre utdanning for dei. I følgje Aavatsmark kravde Barlien at kvinna «i alle måter skal ha de samme rettigheter som mannen», og siterer så Barlien sjølv i grunngjevinga: «paa det at man ikke skal bygge sin Samfunds-Forening paa en almindelig Uretfærdighed». Det var også ei meir materiell grunngjeving frå Barliens side i dette spørsmålet. Kvinna skulle ha betre utdanning for å «danne duelige Mødre, som gives fornøden Kundskab til at avle og opdrage fuldkomne og med godt Gemyt begavede Børn.»<ref>Aavatsmark, O.S. 1954:150.</ref>


=== Fritenkjar ===  
=== Fritenkjar ===  

Sideversjonen fra 9. des. 2014 kl. 12:32

Mal:Thumb høyreHans Andersen Barlien (fødd i Overhalla 29. februar 1772, død i Sugar Creek, Iowa, USA 31. oktober 1842) var bonde, handverkar, industrigründer, opplysningsmann og politikar. Han er mest kjend som agitator for bondepolitikken i tidsrommet frå 1814 til han emigrerte til USA i 1837. Han var stortingsmann 1815-1816, og gjorde fleire forsøk på å bli valt seinare, men vart hindra i dette ved rettsforfølgjingar som med større eller mindre rett vart sette i gang mot han. Som næringsdrivande var det truleg ikkje det forretningsmessige som fyrst og fremst motiverte han. Det var heller den tekniske oppfinningstrongen, sansen for innovasjon og ei ubendig tiltakslyst. Det gav seg utslag i ei lang rekkje ulike verksemder som han sette i gang, i fleire bygder i Trøndelag så vel som i Trondheim by. Han blir fleire stader omtala som «Mechanicus» Hans Barlien. Han hadde også openbert eit kunstnartalent, og var i samtid og ettertid kjend for fine arbeid skorne i tre og elfenbein. Hans mange talent og mangfaldige aktivitetslyst, kombinert med hans åtak på embetsmennene som ein «tærende stand», resulterte i mindre flatterande omtaler av Barlien som vinkelskrivar, halvstudert røvar, prosjektmakar og liknande.

Barlien var ein særs markant representant for eit tidstypisk sjikt av «bondekapitalistar» eller «bygdeborgarskap», dvs. storbønder som dreiv eit meir eller mindre marknadsintegrert jordbruk, ofte kombinert med anna økonomisk verksemd som handel, fabrikkar og andre borgarlege næringar. Dette sjiktet hadde ei heilt handgripeleg og personleg interesse av næringsfridom og avskaffing av det gamle privilegiesamfunnets særrettar for byborgarskap og adel. Grunnlovsarbeidet på Eidsvoll i 1814 la til rette for nettopp dette, og i dei etterfølgjande tiåra vart det eit godt stykke på veg realisert ved demokratisering av politikken og liberalisering av næringslivet.

Bakgrunn og familie

Hans Barlien var fødd på garden Barlia[1] (Ballia), der foreldra hans var gardbrukarar på det bruket som i dag er gnr. 42/3 i Overhalla. Garden ligg like i nærleiken av Ranem kyrkje. Faren heitte Anders Sørensen (1744 –1823), mora var Anne Hansdotter frå garden Lysberre i same bygda (1744-1828). Anders hadde fått bygsla på garden i 1767, og han og Anne gifta seg i 1769. Garden var såkalla stiftsgods, dvs. at han var ått av Trondheim domkyrkje. Foreldra til Anders var føregåande brukarpar på garden. Også foreldra til Anne Hansdotter var gardbrukarar.

Anders Sørensen hadde verka som skulemeister for Høylandet og Bjørnes skuledistrikt i ein periode fram til 1773.[2] Han var dessutan prestens medhjelpar, lagrettemann, skjønnsmann og stemnevitne.[3] Dette indikerer at Hans Barlien hadde med seg ein kulturell ballast frå ein bokkunnig og sosialt velvørd far.

Hans Barlien hadde berre ei syster, Beret, fødd 1770.

Han gifta seg i 1793 med Kirsten Einarsdotter Skistad (døypt i Grong kyrkje 4. september 1768, død 1857 i Christiania). Ho var dotter til gardbrukarparet Einar Olsen (død 1769) og Malena Eriksdotter (1728-1802) som fekk bygsel på Skistad i Overhalla 1759. Både Einar og Malena var opphavleg frå Snåsa.

Hans og Kirsten Barlien fekk åtte born:

  1. Anne (1794-1878), gift med bakarmeister Christian Jacob Schow i Christiania
  2. Erik (1896- død før 1800)
  3. Sara (1797-1874), jordmor I Overhalla, gift med gardbrukar og underoffiser Salomon Hansen Solum på Haugum
  4. Anders (1799-1845), kjøpmann i Christiania. Gift med Mathea Hvalby.
  5. Magdalena (1802-1867). Gift med Henrik Tomassen Fosnes, dei var gardbrukarar i Beitstad. Dei var foreldra til venstrepolitikaren statsråd Hans Konrad Foosnæs (1846-1917).
  6. Hans (død som barn, i Trondheim)
  7. Henrikka (1808-1886) gift med postmeister Johan L. Schladermun. Dei var foreldra til ingeniør Albert Fenger-Krog (1835-1904).
  8. Christine (1812-1833) gift med distriktslege i Inderøy, seinare Farsund, Ivar Winfeldt Buch.

I følgje Myklands artikkel i Norsk biografisk leksikon inngjekk Barlien eit nytt ekteskap i Amerika med Marie Sophie Christensdatter (fødd 7. mars 1808, død 30. juli 1897). Hans fyrste kone levde da enno og budde i Christiania. Det er lite utførlege opplysningar om desse omstenda i andre gjennomgåtte kjelder. Men det synest vere på det reine at Hans og Kirsten Barlien levde på kvar sine stader i mange år før han emigrerte, utan henne. Kirsten hadde flytta til dotter si, Anne, i Christiania kanskje allereie i 1822, og ho vart buande der til sin død i 1857.[4]

Bustader og næringsverksemd

Bonde i Barlia 1793-1803

Hans og Kirsten Barlien overtok bygsla på farsgarden hans det året dei gifta seg, i 1893. Det tykkjest ha vore eit vanleg familiebruk utan husmenn eller leigd arbeidskraft. I folketeljinga er det berre brukarekteparet med tre mindreårige born samt Hans Barliens foreldre som høyrer hushaldet til. [5]

Dei dreiv Barlia i ti års, før dei i mai 1803 flytta til Trondheim. Noko av grunnen til at dei avhende garden, skal ha vore at Hans fann det uråd å utvide og modernisere drifta der.[6] Mellom anna mislykkast han i å få til ei utskifting av den teigblanda jorda.

Handverksborgar i Trondheim og mangfaldig entreprenørverksemd 1803-1812

I Trondheim hadde han kjøpt pottemakar Bjørkmanns hus og pottemakeri i Prinsensgate. Barlien dreiv pottemakarverksstaden vidare med to tilsette, ei verksemd som han utvida noko. Barlien dreiv også som urmakar, og hadde fått innvilga handverkarborgarskap i dette faget 4. juli 1803.[7] Dette vart viktigare som inntektsbringande verksemd etter at dei flytta til ein annan bygård dei hadde kjøpt i Munkegata. Barlien avvikla da tilsynelatande pottemakarverksemda. Barlien åtte ein bygård i Trondheim alt til 1836, da han hadde bestemt seg for å emigrere.[8]

Også medan han budde fast i Trondheim dreiv Barlien utstrekt økonomisk verksemd ute på bygdene. I følgje Christen Pram skal han ha etablert eit teglverk i Leksvik, rett over Trondheimsfjorden.[9] Han dreiv også tilsynelatande med eigedomsspekulasjon. I 1810 kjøpte han «et lille jordegods vestenfor Trondhjem», som han selde att allereie same år.[10] Året før hadde han i kompaniskap med rittmeister Broder L. Krohg kjøpt gardane Sundal og Rødde i Stjørdalen, utan at nokon av dei to skulle bruke gardane. Også desse gardane vart seinare vidareselde. Men Barliens verksemd i Stjørdalen omfatta fleire tiltak. Han instruerte i bygging av laksefangstanlegg og konstruerte tømmerlenser i Storelva. Han starta mølle, sagbruk, pottemakeri og kalkbrenneri i bygda. Han fekk også i gang ein smieverkstad som produserte jordbruksreiskap.[11]

Haugianaren Otto Carlsen Bacherud frå Hedmark hadde i 1803 med Hauges hjelp kjøpt garden Survika i Otterøy (Fosnes). Der starta han i 1808 opp eit glasverk, og han fekk med seg Hans Barlien og Paul Anziøn som partseigarar med ein tredjepart på kvar.[12] Han var også partseigar i eit skip, ein skonnert på 50 kommerselester, som vart bygd i Survika i 1809.[13]

Bonde og entreprenør på Årgård 1812-1836

I 1812 kjøpte Barlien den største garden i Namdalseid, Årgård, i det som den gongen var Elden (seinare Ås) sokn i Beitstad prestegjeld. Garden ligg ved Årgårdselva 4-5 km inn frå utløpet i Lygninfjorden. I 1801 omfatta gardssamfunnet i alt 27 personar. Det omfatta husbondsfamilien med seks tenestefolk, føderådsfolk og fire plassfamiliar. Føderådsfolket var foreldra til brukaren, og dei hadde heimebuande born og barnebarn. Føderådsmannen er oppført som sageigar. Ein av tenestekarane er nemnd som skysskaffardreng. Årgård var skysstasjon både før og under Hans Barliens tid der, og han hadde gjestgjevarløyve.

Hans Barlien utvida verksemda både med jordbruket på Årgård og med ymse verksemder rundt om staden. Det var ein god del dyrkingsjord han ønskte å få i hevd. Mellom anna for å få arbeidskraft til dette, etablerte han eit stort tal husmannsplassar under garden. Ved ei taksering i 1827 var det registrert heile 28 plassar, som fødde i alt 50 storfe og 120 småfe. Barlien skal ha hatt ei årleg leigeinntekt på «800 kr» av desse,[14] det vil vel seie ca. 200 spesidalar, pluss pliktarbeidet på husbondsgarden. Det må vere heilt på det reine at sjølve drifta av garden ikkje kravde på langt nær så mykje arbeidskraft. Plassfamiliane måtte vere sysselsette på anna hald, ikkje usannsynleg som brukshusmenn til det nye glasverket som Barlien var i ferd med å etablere om lag på den tida. Det er også nemnt fleire stader at Barlien sette i gang ein paraplyfabrikk og eit hattemakeri. Paraplyfabrikken er truleg fyrst omtala av Eilert Sundt,[15] Eit spesielt trekk ved dei nye husmannsplassane var at dei vart leigde ut til taterfamiliar, slik Eilert Sundt omtalar det i si bok om «fantefolket» frå 1852. Det er tenkjeleg at Barlien rekna deira innsikt og ferdigheiter i ymse slags handverk som godt brukelege i dei nye verksemdene hans.

Det nemnde glasverket vart igangsett av eit interessentskap der Barlien var primus motor. Det låg på Purkholmen i Årgårdselva og blir omtala som Holmen glassverk. Grunnleggingsåret er usikkert, men blir i 1828 omtala som nytt.[16] Barlien pakta i 1831 Purkholmen og glasverket bort til Ingebrigt Kaldal. Verket vart etter alt å dømme nedlagt i 1840, tre år etter at Barlien hadde fare til Amerika. Det var frå før av eit glasverk i bygda, Åsnes, grunnlagt i 1813 av Johan Chr. Vogelsang frå Slesvig og William Schilliaas (Skiljås i Overhalla?) på Seierstad (i Fosnes?). Det kom til konflikt mellom dei to konkurrerande bedriftene på Namdalseidet. Det gjorde seg mellom anna utslag i ei langtrekt rettssak mot Barlien fordi han ureglementert skulle ha trekt to fagarbeidarar frå Åsnes til sitt eige føretak.[17]

Halvdan Koht nemner i artikkelen sin om Barlien at han «anla glasverk paa Finholmen ved Namsos», men dette kan vere det same som Holmen glasverk.

Opplysningsmann og publisist

Hans Barlien var etter tid, stand og omstende ein særs opplyst mann. Han var tidleg lesekunnig og skrivefør, og hadde openbert eit sjølvstendig, kritisk og kreativt intellekt. Han opparbeidde seg ei monaleg boksamling, og følgde med i internasjonal samfunnsdebatt. Det var mykje om å gjere for han å gje ålmenta del i sine innsikter, tankar og idear.

Folkeopplysning

Det fyrste kjente trykte arbeidet frå hans hand stod i Trondhjemsk Budstik 1. mars 1800. Det var ei omsetjing av dei tid bodorda frå dansk til trøndsk (overhallsk) målføre. Det byrjar slik:

«Siden Ungdommen af Bondestanden kan saa vanskelig forstaae det danske Sprog, troer jeg det er nyttigt. at de ti Guds Bud paa Norsk bleve hæftede til Luthers Catechismus, derfor vil jeg, efter den her i Bøjgden brugelige Talemaade, optegne dem.
De føst Bue: Du skja int ha naakaan framund gu istan for mæg. De e sama som: du ska føri Alting frøgt aa tykja um Gu, aa bære forlat dæg paa han. [...]»[18]

I dei følgjande åra er det kjent ei rekkje artiklar frå Barliens hand om alt frå sårbehandling og hygiene til tjørebrenning, produksjon av lim og bruk av ugras som menneskeføde. Saman med residerande kapellan i Overhalla Hans Blytt byrja Barlien med koppevaksine i bygda før 1803. Dei var blant dei aller fyrste i landet som gjekk i gang med dette. Det skjedde maksimalt fire-fem år etter at den engelske legen Jenner hadde oppdaga vaksinemetoden, og minst sju år før det kom ei forordning med påbod om koppevaksinen i Danmark-Norge.[19]

Da han flytta til Trondheim innleidde Barlien eit nært samarbeid i folkeopplysningsarbeid med Willum Stephanson, som var redaktør for Adresseavisen 1801-1813. Mellom anna skreiv dei om og arrangerte kurs i svømming, Barlien fann opp eit svømmebelte og konstruerte ein redningsbåt med meir. Han var hjelpelærar i handverkskurs for born som Stephanson organiserte. Barlien fremja også synspunkt og forslag til nytt vassverk i Trondheim i 1804, openbert basert på god innsikt i mekanikk og hydraulikk. Det førte til ein langvarig og ganske krass polemikk med faglege og politiske autoritetar i byen.

Barlien vart korresponderande medlem av Det Kongelige danske Landhusholdningsselskab, truleg frå 1805. Da Selskapet for Norges Vel vart stifta i 1809, var det naturlegvis noko som kunne interessere ein mann som Barlien. Lokalt arbeidde selskapet gjennom såkalla sokneselskap. Ei slik foreining vart skipa for Beitstad prestegjeld i 1813, og Hans Barlien var leiar.

Studieopphald i København 1805

I 1805 kosta Barlien på seg eit halvt friår i København for å søkje meir opplysning og kunnskap, praktisk-teknisk og teoretisk på mange felt. Barlien følgde førelesingane til den vidkjende fysikaren H.C.Ørsted, og fekk tilsynelatande også personleg rettleiing av han. Barlien fekk med seg ei særs god attest frå Ørsted, der det mellom anna stod:

«De Timer jeg har anvendt paa Deres Veiledning i Naturlæren, regnes blandt mine best anvendte, især da Deres Kjærlighed til Videnskaben ikke blot viste sig grundet paa de Fordele De af samme kunde vente Dem, men paa den høiere Fornøielse Undersøgelse og Spekulation giver den bedre Aand.»[20]

I København hadde Barlien kontakt med Det Kongelige danske Landhusholdningsselskab, som fekk demonstrert for seg ein spinnemaskin som Barlien og Stephanson hadde konstruert i fellesskap, og også eit par andre oppfinningar frå deira hand.

Boktrykkar og bladutgjevar

Barlien fekk tidleg samband med opplysningskrinsen rundt Sivert og sonen Rasmus AarflotEkset i Volda, og skreiv i 1810 fleire artiklar om landbruksspørsmål i bladet som kom ut der, Norsk Landboeblad. Han byrja allereie nå å planleggje eit liknande boktrykkeri på Årgård som Aarflot'ane hadde på Egset, men hadde vanskar av praktisk art og med omsyn til å få løyve. Trykkeriet stod ferdig på Årgård rundt 1820, men vart teke i bruk fyrst ved hjelp av den danske typografen og avisutgjevar Søren Rasmussen, som hadde opphald på Årgård i 1835. Da utgav dei tre dobbeltnummer av «Melkeveien», eit blad som Barlien hadde gjeve ut to dobbeltnummer av fem år tidlegare (1830), trykt i Trondheim.

Politikk, meiningar og haldningar

Stortingsmann

Mal:Thumb høyreHans Barlien vart vald inn på det fyrste ordinære stortinget 1815-1816, som andre representant frå Nordre Trondhjems amt. Finansvesenet, derunder særleg korleis ein skulle forholde seg til Eidsvollsgarantien, var eit av dei viktigaste spørsmåla som vart behandla. Barlien engasjerte seg sterkt i dette, og fekk trykt ein brosjyre der han gjorde greie for sine synspunkt, «Anmærkninger betræffende Pengevæsenet. En Nationalsag». Barlien gjekk sterkt inn for å halde fast ved statsgarantien, og like sterkt mot Eidsvolls-komiteens forslag om å opprette ein privat seddelbank, av di det ville «lægge Grundvold til en Penge-Adel som i Despotisme og Grusomhed skulde kunne overgaa alt hvad man kan tænke sig».[21] Elles tala Barlien på Stortinget sterkt mot særrettane til handelsborgarskapet, han ville oppheve sagbruksprivilega, han var for å gjennomføre Grunnlovas intensjon om alminneleg verneplikt, og han ville selje det benefiserte godset til leiglendingane. Det mest radikale var grunnlovsforslaget hans om å oppheve røysteretten for embetsmenn.

I fleire saker greide han å samle alle bondetingmennene til felles standpunkt. Det vart oppfatta som fraksjonsverksemd og partidanning, som ein meinte var mot Grunnlovas ånd. Barliens forsøk på politisk bondeorganisering gjorde sitt til å stemple han som revolusjonær. Høgsterettsadvokat B.H.M.Morgenstierne uttala i 1817, provosert av Barliens grunnlovskommentarar som kom ut i trykt form det året, at «Barliens hensikt er å kullkaste konstitusjonen og heve seg og konsorter til et jakobinsk tribunal.»[22]

Da det i juli 1815 oppstod eit ledig sete i Lagtinget, lykkast det motstandarane til Barlien å få han plassert der, opplagt med det føremål å få svekka hans innverknad i Stortinget.[23]

Før stortingsvalet 1817 agiterte Barlien openlyst for å velje berre bønder og handverkarar på tinget. Sjølv oppnådde han berre å bli andre varamann ved dette valet. Ved stortingsvalet 1820 vart han fyrste varamann. På det overordentlege stortinget i 1822 skulle han ha møtt ved eit sjukdomsforfall, men vart hindra i det av ei rettssak som var reist mot han. Også i 1829 kom han på 1. varamannsplass, men vart i april 1830 sett under tiltale for spott av Gud, opprørsk agitasjon, ulovleg røysteverving m.m. og dømd til tukthus. Saka vart anka og enda med frifinning i Høgsterett 10. mai 1833, men all den tid tiltalen stod ved makt, kunne han ikkje møte lovleg på Stortinget som fyrste vara i 1830, og røystene han fekk ved stortingsvalet i 1832 vart underkjende av same grunn.

Lokalt sjølvstyre

Den 29. september 1826 vart det valt ein såkalla soknekomite i Namdalseid.[24] Komiteen bestod av 12 bønder. Initiativtakar og fyrste formann var Hans Barlien. Soknekomiteen var nærmast ein prototype på formannskapa som skulle bli innført vel 10 år seinare. Det finst enkelte tidlegare døme på slike bygdestyre før det kommunale sjølvstyret vart innført. Det gjeld Åmot i Østerdalen, der ein soknedireksjon vart vald i 1817 under leiing av storbonden Ole Aaset. Det tidlegaste dømet vi kjenner til, er i Vardal prestegjeld (i dag i Gjøvik kommune), der Hans Schikkelstad stod sentralt i det bygdestyret som vart etablert der allereie i 1810. Som Barlien og Aaset tilhøyrde Schikkelstad definitivt til sjiktet av bondekapitalistar eller bygdeborgarskap, og alle tre vart eller hadde vore stortingsmenn.

Komiteen i Namdalseid tok opp spørsmål som oppkreving av tiende, bru- og vegsaker, forbetring av omgangsskulen, og dei fekk til at det vart halde konfirmasjon i annekskyrkja på Elden, ikkje berre i hovudkyrkja.

Det vart oppretta ein tilsvarande komite i Barliens opphavlege heimbygd Overhalla, og formann der var Barliens svigerson Salomon Solum. Styresmaktene sette i gang undersøkingar kring Barliens verksemd på dette feltet, og det resulterte i at amtmannen 10. april 1830 utferda tiltaleordre mot Barlien, der eitt av åtte punkt galdt brot på ei forordning frå 1765 som inneheld forbod mot samankalling av allmugen.[25] Det var denne tiltalen som kom i vegen for Barlien i samband med stortingsvalet i 1829 og 1832, og som han vart frikjend for i Høgsterett (sjå ovanfor).

Debatten om kommunalt sjølvstyre var i full gang på denne tida, og Stortinget vedtok eit forslag til formannskapslover for by og land i 1833, enda om det ikkje vart sanksjonert av kongen før i 1837. Barliens tankar om lokalt sjølvstyre gjekk monaleg lenger enn prinsippa formannskapslovene gav høve til. Han ville gje kommunen lovgjevingsrett i ei viss utstrekning, dvs. på område der slik lovgejving ikkje ville gå ut over andre lokalsamfunns rettar. Likeins ville han gje lokalsamfunnet innverknad på utnemning av embetsmenn. Han ville for eksempel overflødiggjere futeembetet ved at lokalbefolkninga sjølv fekk velje sine oppebørselsbetjentar.[26]

Samfunnssyn og politisk ideologi

Ein grunnpillar i Hans Barliens samfunnssyn, som han delte med mange andre radikale røyster frå bondestand og borgarskap, var oppfatninga av samfunnet som delt i høvesvis «nærande» og «tærande» stender.

I grunnlovskommentaren frå 1817 deler han samfunnsmedlemmane inn i to hovudgrupper. Det er på den eine sida «folket», som er «den producerende og fabrikerende Deel av Statens medlemmer». Med fotnoter forklarer han dei to uttrykka slik: Dei produserande er «de som frembringe Korn, Smør, Fisk, Metaller etc.» og dei fabrikkerande er dei som «forarbeider de raa Materialier, og kaldes i Almindelighed Haandværkere». Ved eit anna høve presiserte og utvida Barlien sitt omgrep om «den nærende Stand»: Det er alle dei som «frembringe, forædle, og omsætte Landets Produkter, det er: Jorddyrkere, Fiskere, Bjermænd, Haandværkere, allehaande Fabrikantere og Handlende, der alle bidrage til fælles Ophold og Fornøielser».[27]

Dei øvrige i samfunnet, og da tenkjer Barlien openbert fyrst og fremst på embetsstanden, tilhøyrer ikkje «folket». Dei er til gjengjeld «Folkets Tjenere, som det [Folket] selv, deels umiddelbart og deels ved sin øverste Tjener ansætter og lønner.» Den «øverste Tjener» er statsoverhovudet. For det er «en uundgaaelig Nødvendighed for et heelt Folk eller et stort Selskab, at det maa vælge sig en saadan Formand eller øverste Tjener for at vedligeholde Orden og Retfærdighed i Selskabet, enten dette gives Navnet Konge eller noget andet Prædikat [Udmærkelsesnavn]»

Denne samfunnsanalysen blir så lagt til grunn for to markante standpunkt: Embetsmennene skal ikkje ha røysterett, og folkets øvste tenar, kongen, skal ha makt til «at antage eller forkaste de Love som Storthinget udfærdiger». Barlien gjekk altså inn for kongeleg absolutt vetorett. Det er likevel langt frå at han ønskte eineveldet tilbake, slik ein såg tendensar til i bondeopprøret i 1818. Barlien gjekk sterkt inn for maktfordelingsprinsippet, utlagt slik:: «a) at Folket skal give sig Love selv; b) at Kongen skal overholde og udøve Loven; og c) at Rigsretten og Høiesteret skal dømme i Følge Loven.»

Det er openbert at Barlien tenkjer på politiske rettar som noko som skal fordelast blant samfunnsgrupper meir enn som ein individuell borgarrett. Men etter tid og omstende er det likevel god grunn til å karakterisere Barlien som demokrat. Om han ville ha grunnlovsendringar som mellom anna avgrensa embetsmennenes innverknad, såg han den norske grunnlova som den beste i Europa. Han meinte at grunnlovas ånd best kunne uttrykkast ved «Frihed, Lighed samt Sikkerhed for Ære, Eiendom og Liv, og at lige fra Christi Tid Naturens Lov har været udtrykt ved Kjærlighed, hvilke fire Hovedegenskaber indbefattes i den sande Retfærdighed».[28] Og medan Barlien ville ta frå embetsmennene røysteretten, ville han på den andre sida utvide den folkelege røysteretten. Han fann det meiningslaust at føderådsmenn ikkje skulle kunne behalde røysteretten når dei overlet garden til andre. Han ville ha vekk femårsregelen som Grunnlova sette som minste kontrakttid ein leiglending kunne ha for å få røyste. Barlien var også for at husmenn med ei viss avgift skulle få røysterett.[29]

Ut frå gjennomgåtte kjelder er det uvisst om Barlien har vore inne på tanken om å gje kvinner den same retten. Men han tala elles ofte for å styrke kvinna si stilling, mellom anna ved å syte for betre utdanning for dei. I følgje Aavatsmark kravde Barlien at kvinna «i alle måter skal ha de samme rettigheter som mannen», og siterer så Barlien sjølv i grunngjevinga: «paa det at man ikke skal bygge sin Samfunds-Forening paa en almindelig Uretfærdighed». Det var også ei meir materiell grunngjeving frå Barliens side i dette spørsmålet. Kvinna skulle ha betre utdanning for å «danne duelige Mødre, som gives fornøden Kundskab til at avle og opdrage fuldkomne og med godt Gemyt begavede Børn.»[30]

Fritenkjar

I Amerika

Bibliografi (ikkje fullstendig)

  • Omsetjing av dei ti bodorda til dialekt i Trondhjems Budstik nr. 9 1800. (Gjengitt som bilag til Aavatsmark, O.S. 1954, utan tittel)
  • Anmærkninger betræffende Pengevæsenet. En Nationalsag. Christiania 1815.
  • «Om Norriges Grundlov, Repræsentation og Valgene», datert 1.3.1817, i Nationalbladet, 7. hefte side 232-238. (Gjengitt som bilag til Aavatsmark, O.S. 1954)
  • «Politiske Betragtninger», i Trondhjems lille Tilskuer, nr. 1, 1817.
  • Bemærkninger til Norges Grundlov. Overgaard [Årgård] 1830.
  • Bemærkninger til det nye Lovudkast [Om Forbrydelser], datert 31.10.1831, Trondhjem 1833.


Referansar

  1. Skrivemåte etter vedtak ved Statens kartverk 2.1.2014.
  2. Flotten, O. 1968:352.
  3. Aavatsmark, O.S. 1954:5.
  4. Aavatsmark, O.S., 1954:159.
  5. Mal:Folketelling person.
  6. Aavatsmark, O.S. 1954:12.
  7. Aavatsmark, O.S. 1954:16. Hos Mykland står det at dei flytta til Trondheim i mai 1804.
  8. Aavatsmark, O.S. 1954:xxx.
  9. Aavatsmark, O.S. 1954:33.
  10. Aavatsmark, O.S. 1954:34.
  11. Aavatsmark, O.S. 1954:34.
  12. Aavatsmark, O.S. 1954:36-37.
  13. Aavatsmark, O.S. 1954:38.
  14. Aavatsmark, O.S. 1954:50.
  15. Sundt, E. 1852:144.
  16. Aavatsmark, O.S. 1954:51-52.
  17. Aavatsmark, O.S. 1954:51-52.
  18. Heile innlegget trykt som vedlegg til Aavatsmark, O.S. 1954
  19. Aavatsmark, O.S. 1954:11-12.
  20. Aavatsmark, O.S. 1954:30-31.
  21. Aavatsmark, O.S. 1954:67.
  22. Her sitert frå Seip, J.A. 1974:180-181.
  23. Koht, H. 1923, jf.Claus Pavels Dagbogs-Optegnelser 1815-1816 s. 167-168
  24. Aavatsmark, O.S. 1954:109.
  25. Aavatsmark, O.S. 1954:114.
  26. Aavatsmark, O.S. 1954:136-138.
  27. Aavatsmark, O.S. 1954:124, som her refererer til Barlens blad Melkeveien frå 1830.
  28. Barlien, H. 1833, her sitert frå Aavatsmark, O.S. 1954:132.
  29. Aavatsmark, O.S. 1954:138.
  30. Aavatsmark, O.S. 1954:150.

Kjelder og litteratur

  • Brørs, Sturla: Namdalseid. Bygd. Gard. Ætt. Beitstaden Historielag, 1974.
  • Flotten, Olav: Overhalla bygdebok. Gårds- og slektshistorie. Bd. II. Overhalla kommune 1968.
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Hans Barlien i Norsk biografisk leksiokn (1923).
  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bd. 1. Kristiania 1914.
  • Mykland, Knut: Artikkel om Hans Barlien i Norsk biografisk leksikon, digital utgåve.
  • Norsk Forfatter-Lexikon 1814-1880, red. J.B.Halvorsen. Bd. 1. Kristiania 1885.
  • Seip, Jens Arup: Utsikt over Norges historie. Første del. Gyldendal, Oslo 1974.
  • Sundt, Eilert: Beretning om Fante- eller Landstrygerfolket i Norge. Christiania 1852.
  • Aavatsmark, O.S.: Hans Barlien. En norsk bondefører. Trondheim 1954. Digital utgåve.