Haram kulturhistoriske lag: Forskjell mellom sideversjoner
m (Teksterstatting – «Kategori:Ålesund kommune» til «») |
m (Teksterstatting – «Kategori:Haram» til «Kategori:Haram kommune») |
||
Linje 37: | Linje 37: | ||
[[Kategori:Historielag]] | [[Kategori:Historielag]] | ||
[[Kategori:Haram]] | [[Kategori:Haram kommune]] | ||
[[Kategori:Etableringer i 1972]] | [[Kategori:Etableringer i 1972]] | ||
{{nn}} | {{nn}} | ||
{{F1}} | {{F1}} |
Nåværende revisjon fra 1. jan. 2024 kl. 08:05
Haram kulturhistoriske lag held til i Haram på Sunnmøre. Laget, som vart skipa 12. november 1972, gjev ut Årbok for Haram kulturhistoriske lag. I 1998 vart sogelaget medlem av Landslaget for lokalhistorie.
Det kulturhistoriske laget i Haram skal mellom anna «sikre historiske minne og kulturmerke i gamle Haram for ettertida», «vere eit bindeledd mellom bygda, fagfolk og styremakter i saker av kulturhistorisk verdi», «formidle kunnskap om kulturhistoriske ting» og «fremje kulturhistorisk interesse og allmenn trivsel og kontakt i bygdesamfunnet gjennom møteverksemd, registreringsarbeid, innsamlingsarbeid, skriftarbeid, synfarigar og utstillingar». Laget skal dessutan «stimulere til debatt om aktuelle saker og framtidsretta kultur- og miljøvernspørsmål».
I 2020 var det 250 medlemmer. Medlemstalet er svakt synkande.
Hovudaktivitetar
Laget gjev ut årbok kvart år, attåt ein heil del andre skrifter. Årboka for 2019 var skrift nr. 69 i rekka.
Haram kulturhistoriske lag har dessutan skipa til dagsturar og eitt og anna seminar. I 2017 arrangerte laget «400 år på Storegga» på Gunnabuda på Longva saman med Øyrådet på Longva. Oddvar Longva var den som fekk ideen og drog det i gang.
Tidlegare har det vore gjort eit stort arbeid med avskrift/omsetjing av gamle kyrkjebøker.
I samband med eit pågåande veg- og tunnelprosjekt, Nordøyvegen, mellom fastlandet og fleire øyar i Haram er det oppnemnt ei nemnd som samlar og digitaliserar all informasjon om dette prosjektet frå den spede starten på 1960-talet. Dette skal gje grunnlag for forskning i regi av Distriktshøgskulen i Volda på kva eit slikt samband vil utgjere for samfunnsliv, samfunnsstruktur etc.
Leiarar
- Harald B. Haram 1972-1978
- Palmar Fjørtoft 1978-1998
- Hjørdis Skaar 1998-2000
- Palmar Fjørtoft 2000-2006
- Marit Mjøs 2006-2010
- Sveinung Giske 2010-2011
- Svein Nilsen 2011-2013
- Sindre Rogne 2013-
Kjelder og litteratur
- Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).